Veilederforum-podden: Berekraft og karriererettleiing – del 1

Article tema
Veilederforum-podden: Berekraft og karriererettleiing – del 1

Kva ligg bak berekraftsomgrepet? Er berekraftsmåla verdas største sjølvforbetringsprogram? I del ein av podkast-episoden Berekraft og karriererettleiing møter vi Stian Olsen frå FN-sambandet.

Berekraft er eit tema som i aukande grad vert diskutert i karriererettleiingsfeltet. Det er tema både på Nasjonal karriererettleiingskonferanse 6.-7. november, i ein artikkelserie på Veilederforum.no og på ei rekke andre fagdagar, webinar og arrangement som arrangerast rundt om. Det er ofte miljøperspektivet og grøn rettleiing som vert løfta fram, men FN sine berekraftsmål består av til saman 17 mål, som utgjer verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Mange offentlege karrieretenester er allereie forplikta til å oppfylle berekraftsmåla gjennom ulike styringssignal, men korleis kan dei ulike karrieretenesta eller den einskilde karriererettleiaren bidra til arbeidet med å nå berekraftsmåla?

Denne episoden i Veilederforum-podden er todelt. I den første delen møter vi Stian Olsen frå FN-sambandet, medan vi i del to møter professor Tristram Hooley fra Høgskolen i Innlandet og University of Derby.

Del 1: FN sine berekraftsmål

I del ein av denne episoden møter vi Stian Olsen frå FN-sambandet. Tema for samtalen er kva berekraftsmåla er, korleis ulike offentlege organisasjonar kan jobbe med berekraftsmåla, og korleis ein kan konkretisere og ta grep om dei til dels overordna måla i ein travel arbeidskvardag.

Bak berekraftsomgrepet ligg det tre dimensjonar:

  1. Klima og miljø
  2. Økonomi
  3. Sosialt

Det som er berekraftig, er der dei tre sirklane overlappar, i midten av venndiagrammet, seier Olsen.

Venndiagram av bærekraftig utvikling.
Figur: FN-sambandet

Lytt til Veilederforum-podden der du lytter til podkaster! 

Del to med professor Tristram Hooley vert publisert i veke 43.

Bilde
Profilbilde av Stian Olsen, FN sambandet
Bildetekst
Foto: Mari Thorbjørnsrud