I ei undersøking frå 2013 om utdannings- og yrkesval er blant anna rettleiaren si rolle og betydning undersøkt. Målgruppa for denne spørjeundersøkinga var ungdom mellom 15 til 25 år, og respondentane var eit representativ utval på 2000 ungdommar. Undersøkinga vart utført av Opinion Perduco på oppdrag frå Senter for IKT i utdanninga i 2013, og har tidlegare blitt gjennomført i 2008 og 2009.
Undersøkinga kan gi nyttig innsikt i korleis vegsøkjarar i denne aldersgruppa innhentar og bruker informasjon, korleis dei oppfattar sine moglegheiter og kva for ei betyding rettleiaren har. Undersøkinga kan vere nyttig bakgrunnsinformasjon i samtalar om utdanning og yrke.
Nokre sentrale funn:
- Heile 60 prosent av kvinnene synes det er vanskeleg å velje riktig utdanning. 47 prosent av menn opplev det same.
- Helse, omsorg og velvære er den mest populære bransjen.
- Yrkesvala er kjønnstradisjonelle. Menn føretrekker i større grad mellom anna IT, ingeniør og arkitekt, politi, handverkar, elektrikar, jordbruk og skogsbruk. Kvinner føretrekker reiseliv, barn, helseyrke som lege og sjukepleiar, natur og dyr, lærar og frisør/stylist.
Rettleiaren har størst tillit frå dei yngste
Ifølgje undersøkinga har rettleiaren fått mindre innverknad samanlikna med tidlegare år. Den desidert viktigaste rettleiaren i val av studieretning er meg sjølv. Deretter kjem foreldre, venner og karriererettleiar/rådgjevar. Rettleiar fell ned ein plassering samanlikna med 2008- og 2009-undersøkingane. Venner rykker opp ein plassering.
Sidan 2008 har det vore ei positiv tendens til at fleire får rettleiing på skolen. I 2009 sa 20 prosent at dei ikkje hadde vore hos rettleiar, mens dette var redusert til ti prosent i 2013. Det har ikkje skjedd store endringar i tilfredsheita med rettleiaren sidan 2008, men undersøkinga indikerer at det har vore ei svakt positiv tendens dei siste åra. Ungdomsskoleelevane skil seg ut som dei som er klart mest nøgde med rettleiinga. Heile ein av fire er svært nøgd med rettleiinga på skolen.
Som undersøkinga viser, stoler dei fleste unge mest på seg sjølv. Eigne val og tankar blir viktigare jo eldre ein blir. Dette gjeld også tilliten til dei næraste. Unge mellom 20 og 25 år meiner i større grad enn dei under 20 år at venner er betre rettleiar enn rettleiarane på skolen og universitetet. Dei yngste opplever at de har fleire rettleiarar rundt seg, og dei stoler meir på rettleiing frå rettleiarar ved skoler og universitet enn venner.
Sjølvsikre menn
Kjønn speler også ei rolle for kor viktig rettleiaren er. Kvinner opplever i større grad enn menn utfordringar med å velje riktig utdanning. Menn opplever i mindre grad at dei har behov for rettleiar. Dette har ikkje har endra seg frå tidlegare undersøkingar.
Undersøkinga viser også at dei yngste, det vil seie dei på ungdomsskole og vidaregåande nivå, tenkjer på utdanning framfor yrke når dei vurderer kva dei skal bli. Dette er konsistent med tidlegare undersøkingar. For dei over 20 har det skjedd ei stor endring her. I 2008/2009 vurderte dei utdanning framfor yrke, på same måte som dei yngste. No er det dobbelt så mange som vel yrke framfor utdanning. Dei skil seg derfor klart frå den yngste gruppa.
Løn ikkje viktigast
Halvparten av dei spurte oppgjev at nettet er viktigaste eller nest viktigaste informasjonskanal for val av utdanning. Av desse seier heile 37 prosent at nettet er den aller viktigaste kanalen. Internett blir meir viktig for dei over 20 år, deretter kjem utdanningsmesser og rettleiarar ved skolen. Utdanningsmesser er noko meir viktig for kvinner og dei over 20 år. Rettleiarar på skolen er viktigast for dei under 20 år.
Kva er så det viktigaste ved val av utdanning? Dei to klart viktigaste kriteria er at faget interesserer og at det fører til ønska jobb. Deretter kjem kriterium som mange jobbmoglegheiter, sikra jobb og utdanning eg meistrar. Høy løn kjem på sjetteplass, og her det er ingen store forskjellar på kjønn og alder. At faget er interessant er viktigare for dei over 20 år.