Elevar og foreldre – ein oversett relasjon i karriererettleiing

Article tema
Elevar og foreldre – ein oversett relasjon i karriererettleiing

Foreldre spelar ei avgjerande rolle i karrierevala til unge, men får ofte lite merksemd i karriererettleiing. I denne artikkelen løftar Åsa Sundelin fram utfordringar og moglegheiter som ligg i å styrkje arbeidet karriererettleiarar gjer med elevar og foreldra deira.

Innan karriererettleiing er det velkjent at familie og sosial bakgrunn har stor innverknad på karrierevala og karriereløpa til menneske. Forsking viser at unge frå ulike sosioøkonomiske grupper gjer ulike studie- og karriereval. Fleire karriereteoriar legg òg vekt på den viktige rolla familiebakgrunn spelar i karriereval, til dømes careership-teorien og sosialkognitiv karriereteori.

Teoriane om korleis familiar påverkar barna sine, varierer. Innan den sosialkonstruktivistiske tradisjonen hevdar til dømes May og Nordqvist at menneske grunnleggjande sett er relasjonelle, og relasjonane vi er ein del av frå fødselen av, formar sjølvkjensla vår. Med andre ord tek vi viktige livsavgjerder med våre næraste i tankane, anten vi vil eller ikkje. 

Eit døme på den viktige rolla familierelasjonane våre spelar, er J.M. Coetzee, som fekk Nobelprisen i litteratur som 63-åring, og i ein tale uttrykte sorg over at mora hans ikkje kunne vere der: «Og for kven gjer vi eigentleg dei tinga som fører til Nobelprisar, om ikkje for mødrene våre?»

Familien si rolle i utdanningsval og karrierevegar

Funn frå nyare studiar leia av Barberis og Osman tyder òg på at foreldre, uavhengig av sosial bakgrunn, spelar ei viktig rolle i utdanningsovergangane til barna sine, og at emosjonell støtte frå foreldra er avgjerande for kjensla unge har av å kunne handle sjølve. Ein svensk studie som eg arbeidde med saman med Lundahl og andre, viser òg at unge som står i fare for å bli marginaliserte, ofte snakkar med foreldra sine når dei vel vidaregåande opplæring og reflekterer over framtida.

Evna foreldre har til å støtte framtida til barna sine, varierer likevel etter faktorar som utdanning og sosioøkonomisk bakgrunn, familiestruktur og kvaliteten på relasjonen deira. Ule og kollegaer hevdar at desse spørsmåla blir stadig viktigare fordi foreldra i aukande grad blir venta å ta ansvar for skulegangen til barna. Karriererettleiing kan vere ein måte å jamne ut ulikskapar knytte til levekåra og den sosiale bakgrunnen til familiar. Samstundes peikar Barnes og kollegaer på at det å involvere foreldre i karriererettleiing kan vere verdifullt fordi dei får hjelp til å støtte barna sine. Dette er særleg viktig når foreldre av ulike grunnar har vanskar med å støtte barna sine, eller når barna møter utfordringar på skulen og i utdanningsovergangar.

Å navigere foreldreinvolvering: Tre sentrale utfordringar for karriererettleiarar

Å involvere foreldre i karriererettleiing fører likevel med seg nokre utfordringar.

Den første utfordringa gjeld idealet om autonomi i karriererettleiing. Teoriar, praksisar og yrkesetiske retningslinjer legg vekt på kor viktig det er å støtte den enkelte i å ta sjølvstendige val – å oppmuntre dei til å utforske eigne interesser, verdiar og mål, og ta karriereavgjerder ut frå eiga sjølvforståing, heller enn forventningane til andre eller samfunnsnormer. Sjølv om dette idealet er viktig av fleire grunnar, kan det føre til ei forenkla forståing av foreldra si rolle i utdanningsvala og framtida til elevane. Dette kan igjen føre til at relasjonane mellom elevar og foreldre, som påverkar karriereavgjerder på godt og vondt, ikkje får merksemd. I staden for å støtte desse relasjonane kan karriererettleiinga skape avstand. I praksis kan det føre til at rettleiarar ikkje er merksame på korleis elevane stiller seg til synspunkta til foreldra, eller at dei for lett oppmodar elevane om å sjå bort frå meiningane deira.

Den andre utfordringa handlar om å balansere sjølvstende og avhengnad mellom elevar og foreldre. Når elevar i Sverige til dømes tek si første store utdanningsavgjerd – valet av vidaregåande opplæring – bur dei fleste framleis heime, er under myndig alder og er økonomisk avhengige av familien. Samstundes er dei ungdommar som strevar etter større sjølvstende og autonomi frå familien. Regelverket styrkjer dette sjølvstendet ved å gi elevane rett til å signere søknaden til vidaregåande opplæring utan samtykke frå foreldra. Det finst likevel ingen klare grenser mellom rollene og ansvaret til foreldre og elevar i denne prosessen, og rettleiarane må difor navigere i denne uklarheita.

Den tredje utfordringa gjeld mangelen på teoretisk og metodisk støtte til arbeidet rettleiarane gjer med elevar og foreldre. Temaet får avgrensa merksemd i utdanningsprogram, og dermed vil rettleiarar truleg støtte seg meir på personlege erfaringar og føresetnader enn på profesjonelle tilnærmingar når dei møter elevar og foreldre. Alt i alt er arbeid med elevar og foreldre ei kompleks oppgåve som rettleiarane får avgrensa støtte til.

Å støtte foreldre i risikofylte utdanningsovergangar: Innsikter frå ein svensk studie

Ein liten svensk studie som eg og Anneli Öljarstrand gjennomførte saman, gir noka innsikt i korleis karriererettleiarar kan arbeide med foreldre. I studien undersøkte vi korleis skular samarbeidde med foreldra når elevar sto i fare for ikkje å kvalifisere seg til vidaregåande opplæring.

Målet med studien var å undersøkje dei formaliserte rutinane skulane har for foreldrekontakt, strategiar for kommunikasjon og dei tilsette si oppfatning av foreldra si evne til å støtte barna i utdanningsovergangen. Vi gjennomførte studien ved to grunnskular med ein høg del elevar som ikkje kvalifiserer seg til vidaregåande opplæring. Viss elevar ikkje kvalifiserer seg, viser skulen elevane vidare til introduksjonsprogram. Forskinga til Lundahl med fleire viste at denne overgangen er risikofylt, ofte skaper stor uvisse om framtida, og kan stigmatisere elevar og foreldre.

På grunnlag av intervju med skulepersonale utvikla vi ein modell som viser fire idealtypar for foreldra si evne og engasjementet deira i å støtte overgangen til barna. Evne viser til sider som kunnskap om det svenske utdanningssystemet og utdanningsbakgrunnen til foreldra, medan engasjement viser til det samla opplevde engasjementet foreldra har i framtida til barnet.

Bilde av illustrasjon
Modellen viser fire idealtypar for foreldra si evne og engasjementet deira i å støtte overgangen til barna

Ifølgje skulepersonalet er dei fleste foreldra til elevar i risikofylte overgangar svært engasjerte, men har avgrensa evne til å støtte barna i overgangen til vidaregåande opplæring og introduksjonsprogram, ofte på grunn av livssituasjon, utdanningsbakgrunn og/eller migrasjonserfaringar. Videre framhevar personalet særleg eit dilemma: at foreldra kan ha urimeleg høge forventningar til barna sett opp mot skuleprestasjonane deira.

Støtte eller overta?

Studien tyder på at skulane kan rette innsatsen mot å styrkje eller kompensere når foreldra har avgrensa evne til å støtte barna. Eit døme på å styrkje evna til foreldra er målretta foreldremøte som er særskilt utforma for å hjelpe foreldre til elevar med svensk som andrespråk med å forstå det svenske skulesystemet. Kompensering kan på si side innebere at skulen arbeider direkte med elevane i staden for å møte foreldra for å drøfte spørsmål knytte til overgangen. Dersom skulen kompenserer for den manglande evna til foreldra, er det ein risiko for at skulen tek over ansvaret og rolla deira, noko som på lang sikt kan få negative følgjer for relasjonen mellom forelder og barn.

Studien viste òg at strategiane skulane bruker for å involvere foreldra, kan variere etter kor formaliserte eller behovsstyrte dei er, og etter om tilnærminga er førebyggjande eller reaktiv. Ei meir formalisert og førebyggjande tilnærming vil i større grad kunne styrkje evna til foreldra og sikre likebehandling. Det kan innebere å tilby desse elevane og foreldra deira møte med karriererettleiaren på eit tidleg tidspunkt for å drøfte moglege utdanningsalternativ.

Intervjua i denne studien viser tydeleg at samtalar med desse foreldra ofte byr på både emosjonelle og pedagogiske utfordringar. Foreldra kan bli urolege, opprørte eller til og med sinte på barnet sitt, og det kan vere vanskeleg å forklare kva ein utdanningsveg gjennom introduksjonsprogram inneber. Karriererettleiarane spelar ei nøkkelrolle i å gi foreldra håp for framtida til barna, og i å svare på spørsmål om dei neste stega. Rettleiarane treng difor gode ferdigheiter i å handtere emosjonelt ladde samtalar med foreldre, i tillegg til solid pedagogisk kompetanse.

Mot sosialt rettferdig karriererettleiing gjennom arbeid med foreldre

Ei medviten og strategisk tilnærming til foreldresamarbeid kan motverke avgrensingar i studie- og karriereval, og er slik ei sosialt rettferdig tilnærming til karriererettleiing. Dette er ei kompleks oppgåve utan enkle eller raske løysingar. I denne artikkelen har eg likevel løfta fram nokre sentrale utfordringar, dilemma og moglegheiter i arbeid med foreldre innan karriererettleiing.

Ein hovudkonklusjon er at støtta til unge kan styrkjast gjennom karriererettleiing som aktivt fremjar samarbeid og gjensidig forståing mellom elevar og foreldre om utdanningsframtida til elevane. Sentralt i dette arbeidet står tilrettelegging for meiningsfulle dialogar mellom elevar og foreldre – dialogar som byggjer på ei forståing av den avgjerande rolla relasjonen deira spelar i livet til elevane. Karriererettleiinga bør òg oppmuntre elevane til å reflektere over korleis foreldra påverkar deira eiga tenking og avgjersler. Ved å søkje å styrkje evna foreldra har til å støtte vala til barna, kan karriererettleiarane indirekte styrkje støtta dei unge får.

Å utvikle skulen sitt arbeid med foreldre

For å gjennomgå og utvikle arbeidet med å styrkje foreldra si evne til å støtte utdanningsvala og overgangane til barna, kan rettleiarar og skular kan bruke dei fire spørsmåla nedanfor:

  1. Korleis er arbeidet med foreldre i samband med utdanningsovergangar organisert, og i kva grad er det formalisert og førebyggjande?
  2. Kva evne har foreldregruppa til å støtte skulegangen og utdanningsvala til barna? I kva grad byggjer arbeidet til skulen på behova og situasjonen til foreldregruppa?
  3. Er arbeidet først og fremst retta mot å kompensere for, eller styrkje foreldra si evne til å støtte barna?
  4. Har du som rettleiar tilstrekkeleg kompetanse til å gå i dialog med foreldre til elevar i risikofylte overgangar? Kva treng du å bli betre på? Kva støtte treng du, og kva støtte er tilgjengeleg?

For å motverke avgrensingar knytte til bakgrunnen til elevane må fagfeltet styrkje arbeidet rettleiarane gjer med foreldre, gjennom forsking og gjennom teoretisk og metodisk utvikling. Fagfeltet må byggje kunnskap og tilby opplæring, slik at rettleiarane slepp å stå åleine med arbeidet med foreldra. Dette er særleg viktig i arbeid med elevar og foreldre i sårbare utdanningsovergangar. Rettleiarane treng eit solid grunnlag for å handle profesjonelt.

Les originalteksten på engelsk her.

Referansar 

Barberis E., Buchowicz I., De Luigi N (2016) Producing accessibility through discretionary practices of educational professionals. In: Walther A, Amaral MPD, Cuconato M, et al. (eds) Governance of Educational Trajectories in Europe: Pathways, Policy and Practice. London: Bloomsbury, pp.117–137.

Barnes, S. A., Bimrose, J., Brown, A., Gough, J., & Wright, S. (2020). The role of parents and carers in providing careers guidance and how they can be better supported. International evidence report, University of Warwick. The role of parents and carers in providing careers guidance and how they can be better supported: international evidence report - WRAP: Warwick Research Archive Portal

Hodkinson, P., & Sparkes, A. C. (1997). Careership: a sociological theory of career decision making. British Journal of Sociology of Education, 18(1), 29–44. https://doi.org/10.1080/0142569970180102 

Lent, R. W., Brown, S. D., & Hackett, G. (1994). Toward a unifying social cognitive theory of career and academic interest, choice, and performance. Journal of vocational behavior, 45(1), 79-122. https://doi.org/10.1006/jvbe.1994.1027

Lundahl, L., Lindgren, J., Rosvall, P-Å. & Sundelin, Å. (2023). Att komma vidare. Introduktionsprogram som stöd för unga i riskfyllda övergångar.Lund: Studentlitteratur 

May, V., & Nordqvist, P. (Eds.). (2019). Sociology of personal life. Bloomsbury Publishing.

Osman A, Carlhed Ydhag C, Månsson N (2021) Recipe for educational success: A study of successful school performance of students from low social cultural background. International Studies in Sociology of Education 30(4): 422–439. https://doi.org/10.1080/09620214.2020.1764379 

Sundelin, Å., & Öljarstrand, A. (2025). Skolors arbete med föräldrar till elever i riskfyllda övergångar. Slutrapport. FoU-nätverket för skolverksamheter med stora utmaningars skriftserie; 2025:1. https://www.diva-portal.org/smash/get/diva2:2019670/FULLTEXT01.pdf 

Ule M, Živoder A, du Bois-Reymond M (2015) ‘simply the best for my children’: Patterns of parental involvement in education. International Journal of Qualitative Studies in Education 28(3): 329–348. https://doi.org/10.1080/09518398.2014.987852

Bilde
Bilde av en gutt og hans foreldre som sitter på en benk med ryggen til
Bildetekst
Foto: Colourbox

Relasjonar i karriererettleiing

I artikkelserien Relasjonar i karriererettleiing utforskar vi nyare forsking på korleis relasjonar påverkar karriereutvikling, og kva dette kan bety for praksis i karriererettleiing. Gjesteredaktør Rosie Alexander, postdoktor ved Aarhus University, har redigert og gjort tekstane klare i denne serien.

Arbeid med foreldre i karriererettleiing

Å hjelpe foreldre med å støtte barna sine er ei viktig, men lite anerkjend rolle for karriererettleiaren og for rådgivingstenesta i skulen.

Tre utfordringar for rettleiarar i arbeid som involverer foreldre: 

  • Idealet om autonome val i karriererettleiing
  • Å balansere sjølvstende og avhengigheit mellom elevar og foreldre
  • Mangel på teoretisk og metodisk støtte for arbeid med foreldre

Tre nyttige strategiar i arbeid som involverer foreldre: 

  • Styrke foreldra sin kunnskap om utdanningssystemet
  • Legge til rette for meiningsfulle dialogar mellom elevar og foreldre om framtida 
  • Oppmode elevane til å reflektere over korleis foreldra påverkar dei