1. Kor lenge har du arbeidd med karriererettleiing?
– Halvtanna år.
2. Kva slags utdanning har du?
– Barnevernspedagog og mastergrad i pedagogikk, retning didaktikk og organisasjonslæring.
3. Kva er det du liker best med å jobbe som karriererettleiar?
– Eg synest det er utruleg givande å jobbe som karriererettleiar. Arbeidsdagane er varierte og kvar dag møter eg flotte studentar med ulike utfordringar i starten av karrieren sin. Det å få tillit til å kunne vere med og hjelpe dei til å få den første studierelevante jobben eller å redusere stress rundt karakterar og tankar om at alle andre meistrar alt, er givande. Eg føler at eg kan gjere ein forskjell og at eg lærer mykje i møtet med studentane.
4. Kva er arbeidsoppgåvene dine, og korleis er fordelinga mellom dei?
– Eg har drop-in med CV- og søknadssjekk fire timar i veka. I tillegg utviklar og held eg kurs og foredrag for studentane og tilbyr karriererettleiing og intervjutrening etter avtale. Eg har ansvar for nettsidene våre og Facebook. Målet er at dette skal vere ressursar for studentane som er på jobbsøk. Fordelinga når det gjeld tidsbruk varierer noko gjennom studieåret. Det er mest hektisk med drop-in, kurs og rettleiing frå september til midten av november og frå januar og ut mars. I eksamenstida og feriane til studentane bruker eg mykje tid på å utvikle kurs, arbeid med nettsider og strategiarbeid.
5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidsdagen din?
– Eg ønsker å fokusere meir på korleis studentane som er tidleg i studieløpet kan bli bevisste på å gjere gode karriereval. Det er ei utfordring å nå ut til desse studentane fordi dei nyttar seg lite av tilbodet vårt.
6. Korleis jobbar du og kollegaene dine med fagleg utvikling innanfor karriererettleiing?
– Eg er med i Karriereforum for høgare utdanning og deltek på konferansar. Eg har fått mykje hjelp frå Karrieresenteret ved UiO både når det gjeld kursutvikling og strategisk arbeid med å utvikle senteret.
7. Kva slags «verktøy» bruker du oftast i karriererettleiinga?
– I kurs og undervisning er eg oppteken av studentaktiv læring. Eg legg derfor opp til mykje refleksjon og diskusjonar. Studentane har mange røynsler og kan lære mykje av kvarandre. I rettleiingstimane veit eg sjeldan på førehand kva det er studenten eigentleg ønsker å ta opp. Derfor legg eg vekt på å lytte og å skape ein trygg relasjon. Eg noterer og speiler det dei seier. Basert på kva tema det er, kan eg bruke for eksempel kompetansepyramide, Helsegryta eller LØFT-tilnærming. Det eg opplever som aller viktigast, er å vere genuint til stades og å lytte. Notata eg skriv får studenten med seg etter rettleiinga.
8. Kva er du ekstra oppteken av i jobben din for tida?
– Med ein arbeidsmarknad i stadig endring synest eg det er svært spennande å sjå karriererettleiing opp mot livslang læring. Eg ønsker å bidra til å auke refleksjonen hos studentane rundt eiga læring og kompetanse. Det hadde vore spennande å jobbe meir med dette i grupper, kanskje ved å bruke workshops. I tillegg er eg i gang med å planlegge neste studieår og aktivitetane til Karrieresenteret.