Min rettleiarkvardag: Per Risdal

Article tema
Min rettleiarkvardag: Per Risdal

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad.

Bilde
Navn
Per Risdal
Tittel
Kariererettleiar/YOU-koordinator
Del av stilling brukt til karriereveiledning
50 prosent
Sted
Vinstra, Oppland

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

- Sidan 2003. Fyrst som rådgjevar i ungdomsskulen. Sidan 2008 som karriererettleiar/YOU-koordinator i Karriere Oppland.

2. Kva slags utdanning har du?

- Lærarutdanning og vidareutdanning i karriererettleiing.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

- Å møte personar i ulik alder og med eit mangfald av bakgrunn og ståstad. Det er særs inspirerande når du får attendemelding om at ei karriererettleiing har resultert i ein skilnad for den enkelte vegsøkjar.

Spesielt motiverande er det å rettleie eldre ungdomar, som av ulike årsaker har droppa ut av skulen, men kjem inn som vegsøkjarar i karrieresenteret etter ei tid. Å kunne vere med å bidra til at ungdomar frå utanforskap kan kome seg inn i utdanning eller jobb, er svært givande. Og dessutan er det god samfunnsøkonomi å bruke ressursar på denne gruppa.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

- Eg har gjennom fleire år hatt ei todelt stilling, der 50 prosent er karriererettleiing på individnivå i karrieresenteret. Den andre delen er  yrkes- og utdanningskoordinator i Region Midt-Gudbrandsdal. Der driftar eg eit nettverk av rådgjevarar frå ungdomsskulane og vidaregåande skule. Gjennom samarbeid om ulike tiltak, arbeider vi for å betre YOU-rettleiinga og overgangen mellom skuleslaga.

Det overordna målet er at fleire elevar skal gjennomføre vidaregåande utdanning. Slik får eg arbeide med karriererettleiing både på individ- og systemnivå.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

- Mange vegsøkjarar kjem til rettleiing med usikkerheit og lågt sjølvbilete. Dei har av ulike årsaker ikkje lukkast på karrierevegen. Det er ein trend at fleire og slit psykisk i ung alder.

Som rettleiar er det da viktig å byggje tillit og sjå den enkelte vegsøkjar sitt potensial. Eg prøver å  formidle at det er normalt å vere usikker. Å tilpasse kommunikasjonsforma til den enkelte vegsøkjar er òg viktig. Ofte må ein balansere mellom å støtte og utfordre vegsøkjaren. Du må ha eit kommunikasjonsspråk som vegsøkjaren kjenner og forstår.

Karrierelæring for vegsøkjaren  har kome inn som ein sterk trend i norsk karriererettleiing. Det er døme på korleis karriererettleiing har endra seg frå rein rådgjeving til at vegsøkjaren sjølv blir utfordra i å ta ansvar for eigen karriereveg. Her ligg det spanande pedagogiske utfordringar.

6. Korleis jobbast det med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

- Karriere Oppland har ein god strategi for fagleg utvikling av karriererettleiarane i fylket. Det gjeld både rettleiarar i karrieresentra og rådgjevarane i skulen. Mykje av fagleg utvikling skjer gjennom nettverksarbeid i og på tvers av regionane. Vi har felles kursing, fagdagar og deltek og på nasjonale skoleringstilbod.

Karriere Oppland har og eit tett samarbeid med fagmiljøet ved Høgskulen i Innlandet, noko som er verdfullt for kompetanseutviklinga hos karriererettleiarane i Oppland.

7. Kva slag «verktøy» bruker du oftast i karriererettleiinga?

- Eg pleier å anvende ein miks frå ulike karriereverktøy, tilpassa vegsøkjaren sine behov. Eg er særleg opptatt av at ramma rundt rettleiinga skal gje tryggheit og tillit mellom rettleiar og vegsøkjar. Av konkrete verktøy brukar eg ofte SØT-modellen og Profråd, på dei som det passar til.

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

Korleis vegkartet for kariererettleiing vil sjå ut i framtida. Det er mykje nytt, godt og spanande innhald i ekspertutvalet sin NOU 2016:7, som skal vere ei rettesnor for all karriererettleiing i Norge framover. Politikarane har vist at dei vil satse på dette fagfeltet.

Utvikling av elektronisk rettleiing er eit satsingsområde. Men heldigvis blir det stadfesta at vegsøkjarar og i framtida skal kunne møte ein personleg rettleiar. Det trur eg er rett. Ikkje minst er det viktig for å tilby gode tilbod om rettleiing til dei mange minoritetsspråklege, som raskast mogleg bør inn i arbeid eller utdanning.

På systemnivå er eg opptatt av å utvikle samarbeidet i min region om gode tiltak i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Det er viktig for å lukkast med at fleire elevar gjennomfører vidaregåande utdanning.

Bilde
Månedens veileder juli

Månadens rettleiar

Med månadens rettleiar - min rettleiarkvardag vil vi gi lesarane til Veilederforum kjennskap til breidden i norsk karriererettleiing og ulike jobbar ein kan ha innanfor feltet.

Er du karriererettleiar og har lyst å bidra i denne serien? Send mail til veilederforum@utdanning.no.