Tankeviruskurs på Karrieresenter Hedmark

Article tema
Tankeviruskurs på Karrieresenter Hedmark

Det er ein grå, regntung dag på Innlandet, men inne på karrieresenteret spirer det nye tankar. Karriererettleiar Therese Liheim held tankeviruskurs for interesserte vegsøkarar.

«Kva legg du merke til viss du er einsam og går ein tur ute?», spør karriererettleiar og pedagog Therese Liheim ein gruppe menneske som har meldt seg på digitalt tankeviruskurs ved Karrieresenter Hedmark. Liheim er sertifisert og godkjent instruktør for kurset, som baserer seg på metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi.

– Kurset handlar om å jobbe med tankevirus. Tankevirus er nokre umerkelege mekanismar som angrip måten vi tenker på. Dei kan opplevast som veldig truverdige, men kan lage trøbbel om dei er altfor negative, forklarer ho. 

Som kurset påpeikar, kan alt frå jobb, utdanning, søvn, sosial støtte og mykje meir påverke korleis vi har det. Frå tid til annan kan nok alle kjenne seg igjen i å slite med nokre tankevirus.

Sjølv instruktøren avslører eit av sine i starten av kurset: – Eg hadde akkurat eit tankevirus. Eg fekk hosteanfall og såg for meg at eg ikkje kunne ha kurs i det heile tatt, fortel Liheim deltakarane.

Utvikla av norske psykologar og forskarar

Det er psykolog Hanne H. Brorson som har utvikla kurset i samarbeid med forskarar og andre psykologar. Ho har omsett terminologi innanfor psykologifaget til meir forståelige omgrep som tankevirus, psykologisk immunforsvar og psykologiske vitamin.

Liheim kom tilfeldigvis over kurset, og oppdaga at det var mogleg å bli kurshaldar: – Det trefte meg med ein gang. Eg har alltid vore veldig interessert i menneske og kva det er som får oss til å tenke og handle som vi gjer.

Ho fortel at karrieresenteret ønsker å gi eit så heilskapleg tilbod som mogleg til vegsøkarane. Kurset kan derfor vere eit nyttig supplement til den ordinære karriererettleiinga.

– Ofte må vi ta med oss heile mennesket inn i rettleiinga og da kan vi ikkje sjå bort i frå korleis det er å vere vegsøkar som menneske, utanom arbeid og utdanning.

Avgjerande å kunne avsløre tankevirus

I løpet av kurset blir fem ulike tankevirus definert:

  • Verdas-navle-viruset: som får deg til å tenke at alt handlar om deg.
  • Tankelese-viruset: når du trur du veit kva andre tenker.
  • Baksnakke-viruset: når du baksnakkar deg sjølv.
  • Ver-perfekt-viruset: når du berre må, skulle eller burde gjere noko.
  • Tenk-viss-viruset: når vi tenker at det verste kjem til å skje.

– Det aller viktigaste er å bli bevisst eigne tankar så ein kan identifisere tankevirusa når dei blir overveldande. Veit vi ikkje at vi har tankevirus, kan vi heller ikkje gjere noko med det, seier ho og påpeikar at for mange held det å berre avsløre tankeviruset.

Sjølve kurset består av informasjon, ulike oppgåver, videoar og refleksjonsspørsmål. På ein enkel og konkret måte blir det forklart korleis hjernen, kjensler, merksemd og tankar fungerer. I løpet av kurset får deltakarane verktøy, tips og råd som dei kan bruke i kvardagen når tankane tar overhand.

– Det er eit praktisk lågterskeltilbod som alle kan delta på og ha nytte av, fortel Liheim.

Det er «mannen i gata» som har meldt seg på kurset som blir halde ved Karrieresenter Hedmark, men også tilsette frå andre organisasjonar som er interessert i temaet og i å bruke kurset sjølv, har deltatt.

Møter tankevirus i karriererettleiinga

Mange strevar med tankefeller og tankevirus i samband med jobbsøking, intervju, utdanning og tru på eigen kompetanse, og det er ikkje sjeldan at Liheim møter på tankevirus i rettleiingssamtalen.

– Vi møter vegsøkarar som strever med eit tankesett som kan avgrensa dei i å komme seg vidare med utdanning og arbeid. 

Spesielt tenk-viss-viruset dukkar ofte opp. Det kan til dømes vere at vegsøkar grublar over «Tenk viss eg oversel meg sjølv på intervju?» eller «tenk viss eg får ein jobb som eg ikkje klarer eller ikkje forstår».

– I valsituasjonar kan mange ofte vere redde for å ta «feil» val. Nokon har ikkje tru på seg sjølv og eigen kompetanse, og vegrar seg for å søke ny jobb sjølv om dei til dømes er i ein jobbsituasjon der dei ikkje trivst. Andre vil utdanne seg vidare, men har ikkje tru på at dei vil lykkast med det, fortel ho, og understrekar at kurset kan vere nyttig i karriererettleiinga for å bli meir oppmerksam på eigne tankevirus og jobba med å bli kvitt dei.

Karriererettleier Therese Liheim holder digitalt tankeviruskurs for interesserte.
Tankeviruskurset består av informasjon, ulike oppgåver, videoar og refleksjonsspørsmål. Liheim viser ein video frå kurset. Ho held tankeviruskurs digitalt frå kontoret på Hamar.  Foto: Eline Anker/Veilederforum

Når ho møter på tankevirus i rettleiingssamtalen, bruker ho erfaringar og element frå kurset i rettleiinga: – Dersom eg høyrer at nokon ikkje har tru på kompetansen sin, prøver eg å få dei til å reflektere høgt over om det er nokon moglegheit for at dei kan tenke annleis.

– Når ein har tankevirus, kan ein prøve å stoppe opp og tenke nokre alternative tankar. Til dømes dersom sjefen har sagt noko og ein tenker «Kva meinte han eigentleg? Han liker meg sikkert ikkje», da kan ein prøve å tenke alternativt, og heller tenkje «kanskje han eigentleg meinte noko anna?».

Eit trygt rom for å dele

Som kurshaldar er Liheim opptatt av å skape ein atmosfære der deltakarane føler seg trygge og inkludert.

– Eg har lært at eg kan møte deltakarane ikkje berre som ei gruppe, men som individ, og vise at dei blir sett. Det kan vere så enkle grep som å seie velkommen og si namnet deira. Då trur eg ein føler seg meir inkludert og sett, og kanskje kan senke skuldrene litt.

Sjølv om alle deltakarane er framande, hender det at dei deler personlege historier i løpet av kurset. Samtalen er god, og det er ein trygg og lett stemning. Det spirer og gror av refleksjonar, medvit over tankevirus og nye perspektiv. Her finst absolutt rom for utvikling og vekst.

Bilde
Portrett av karriererettleier Therese Liheim
Bildetekst
Karriererettleiar Therese Liheim held tankeviruskurs for vegsøkarar. – Ofte må vi ta med oss heile mennesket inn i rettleiinga og da kan vi ikkje sjå bort i frå korleis det er å vere vegsøkar som menneske, utanom arbeid og utdanning, seier ho. Foto: Eline Anker/Veilederforum

Karrieresenter Hedmark, ved Karriere Innlandet

  • Starta opp i 2018
  • Har kontorstad på Hamar
  • Består av leiar Henning Strandvik, tre ordinære rettleiarar og med 2,5 rettleiarressurs. Her kan alle over 19 år frå gamle Hedmarksområdet, i tillegg til flyktningar, komme for å få rettleiing.

Tankeviruskurs

  • Er eit kurs retta mot førebygging og behandling av lette til moderate psykiske plager.
  • Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar.
  • Kurset bygger på en psykologisk modell beskrive i boka Tankevirus (Gyldendal, 2012) skrive av psykolog Hanne H. Brorson.
  • Element frå kurset finst og i from av en gratis app som er utvikla i samarbeid med Helsedirektoratet.

Referanse: Tankevirus.no