Bak Firdamodellen

Article tema
Bak Firdamodellen

Firdamodellen kombinerer kvalitetsrammeverket sine karriereknappar og livsmeistringsfokus på Firda vidaregåande skule. Men korleis utviklar skulen modellen? Bli med inn i arbeidet bak Firdamodellen, og lær av deira erfaringar.

– Arbeidet med Firdamodellen starta for omtrent fire, fem år sidan, fortel Magne Larsen, utviklingsleiar ved Firda vidaregåande skule i Gloppen. På skulen bur over 60 prosent av elevane på hybel, og utviklingsleiaren ville derfor lage eit livsmeistringsprogram for elevane for å ta tak i problematikk rundt det å bo på hybel.

Samtidig tok rådgjevar Jørund Walseth med seg karriereknappane, eller smultringane som dei då heitte, tilbake til skulen frå eit foredrag med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir, tidlegare Kompetanse Norge). Karriereknappane er eit sett med omgrepspar for å setje i gang utforsking, refleksjon og læring, og er ein del av Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning.

– Vi såg at livsmeistring og karriereknappane passa som hand i hanske, fortel Larsen. Utviklingsleiaren og rådgjevaren inngjekk eit samarbeid om å innføre knappane som eit felles språk og verktøy på skulen for å betre strukturere refleksjonar, dialogar og samtalar.

Dette har dei lykkast så godt med, at fjoråret sin russerevy brukte karriereknappane som våpenskjold på «Firdaskuta». Skulen jobbar nå bevisst med å bruke omgrepspara både i lærarkollegiet, på utviklingssamtalar, og i sjølve undervisinga med elevane. Men korleis har dei fått det til?

Karriereknappane som metaperspektiv

– Det handlar om å bruke karriereknappane bevisst i alle samanhengar som vi kan bruke dei, seier Larsen, og legg til – men du må sjølvsagt ikkje overdrive, det må ha ei hensikt. Der vi ser at dette kan hjelpe elevar, lærarar eller kollegaer til å få fram fleire perspektiv eller refleksjonar, så kaster vi inn ein karriereknapp, fortel Larsen.

Bilde av Magne Larsen foran en skjerm med bilde av karriereknappene og refleksjonsspørsmål
Utviklingsleiar, Magne Larsen nyttar karriereknappane bevisst i refleksjonar i lærarkollegiet. – Når vi bruker dette i våre refleksjonar med lærarane, blir det lettare for dei å bruke det i samtale med sine elevar, seier Larsen. Foto: Jørund Walseth

Leiinga har blant anna brukt karriereknappane i fellesøkter med lærarkollegiet for å skape refleksjon rundt endringsprosessar ved skulen, og utviklingsleiaren påpeiker at det har vore eit godt verktøy for å strukturere samtaler.

– Med karriereknappane blir du ikkje sittande å snakke om store vyar, men du klarer å trekke inn dei ulike perspektiva, seier Larsen. Han meiner det er viktig å ta seg tid til å snakke om endringsprosessar, korleis vi gjer det, og kvifor, så lærarane ikkje sit igjen i ein hektisk arbeidskvardag og følar at dei får kasta på seg noko nytt.

– Det handlar om medverking, å skape engasjement og å bruke karriereknappane til å ha eit metaperspektiv på det ein driv med, seier han, og legg til ein annan positiv effekt: – Når vi bruker dette i våre refleksjonar med lærarane, blir det lettare for dei å bruke det i samtale med sine elevar. 

Samarbeid med kommunen

Det er ikkje berre på Firda vidaregåande skule at karriereknappane har blitt eit felles språk. Skulen samarbeider med kommunen om livsmeistringsprosjektet Heilt sjef, der også karriereknappane har blitt ein felles referanse.

May-Britt Sægrov, som leiar prosjektet, fortel at Heilt sjef er eit kurs for ungdom, som handlar om å meistre livet og kvardagen. Kurset er utarbeida av Nasjonal kompetansetjeneste for læring og meistringskurs innan helse (NK LMH).

– Målet med kurset er at elevane skal blir meir bevisste og robuste til å ta gode val for seg sjølv, si eiga helse og eigen kvardag, seier Sægrov.

I 2020 var Sægrov ny i jobben som prosjektleiar for kurset og på eit tverrfagleg møte høyrde ho rådgjever Jørund Walseth presentere karriereknappane. Ho oppdaga at dei snakka om det same, berre på litt ulike måtar.

Kombinerer livsmeistringskurs og karriereknappane

– Då Jørund presenterte karriereknappane såg eg store fellestrekk og samanhengar med dei verktøya som vi brukte i Heilt sjef. Kurset skal bidra til auka medvit kring eigen situasjon, dialog og refleksjon rundt ulike vegval ein møter i livet, fokus på endringsprosessar, moglegheiter og avgrensingar, kven ein har rundt seg og kven ein kan spele på. Når Jørund snakka om karriereknappane følte eg at det var mykje likt og at dette var noko vi burde bygge vidare på og støtte opp under i Heilt sjef-kurset, seier Sægrov.

Bilde av May Britt Sægrov som presenterer et undervisningsopplegg med karriereknappene
May-Britt Sægrov leiar prosjektet Heilt sjef, og kombinerer livsmeistringstematikk og karriereknappane i kurset for elevar på vg2 ved Firda vgs. Foto: Jørund Walseth

Ho meiner det er viktig å bruke dei same omgrepa og språket som elevane allereie har eit forhold til, slik at dei kan bygge vidare på kunnskap dei kjenner til. Dermed ble prosjektleiaren og rådgivaren einige om å flette livsmeistringskurset og karriereknappane saman, slik at elevane kunne sjå samanhengen. Det er vg2-elevane som får tilbod om kurset, og dei har allereie gjennom det fyrste året på Firda fått god kjennskap til karriereknappane.

– Då er det veldig lett for oss å kople på knappane når vi jobbar med Heilt sjef. For eksempel når vi jobbar med kartlegging , så tar vi inn «meg og kontekst»-knappen og bevisstgjer dei på kva vi jobbar med. Når vi snakkar om endringsprosessar, tek vi fram knappen om moglegheiter og avgrensingar. Vi snakkar om hjernen sin plastisitet og evna til å bryte negative mønster og vanar, vi ser filmsnuttar som forklarar dette og gjennomfører leikar med «avgrensings»-briller med tunellsyn, seier Sægrov, og påpeiker at dette er ein artig måte å jobbe med bevisstgjering og fokus på.

Skulen har eit mål om å få Heilt sjef med livsmeistring og karriereknappar inn som ein del av ordinær timeplan i norskfaget.

–  Vi ønsker å flytte det som skjer frå eigne happeningar, til å bli ein naturleg del av alle fag. Når vi køyrer «Heilt sjef», skal ikkje det liggje ved sidan av, men som ein del av norsktimen, der læraren knyter arbeidet inn i undervisinga, fortel Larsen og påpeikar at det da krevjast tid til samarbeid.

–  Firdamodellen er ikkje ferdig

Ifølge Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning har leiinga eit ansvar for å sørge for tilstrekkeleg med ressursar, som tid, personar og økonomi, for å sikre god kvalitet i karriererettleiinga – dette er ressursar som ofte kan vere knappe på ein travel skule. Også på Firda har tid vore ei utfordring i forbindelse med utviklinga av modellen. 

– Du har ei avgrensa mengde timar i døgnet og på skulen på dagen, så vi må prioritere kva vi skal bruke tid på.

Likevel, det er nettopp å prioritere å setje av tid som skuleleiinga ser på som nødvendig for å vidareutvikle Firdamodellen, og blant anna få livsmeistringskurs som «Heilt sjef» inn i sjølve undervisninga, fortel Larsen.

Leiinga prioriterer å bruke felles arbeidstid, både i og på tvers av seksjonar. Skulen har eigne personalsamlingar med fokus på utviklingsarbeid der dei jobbar så konkret som mogleg med å knyte arbeidet inn i kva som skjer i klasserommet. Samtidig har dei innført ein ny samarbeidsarena for å samle dei lærarane som er mest inne i ein klasse, i eit klasseteam-møte.

– Det er vanskeleg å samle 15 til 20 lærarar som er inne i ein klasse, men klasseteam kan vi arrangere fordi det inkluderer færre, dei får fleire tema dei skal jobbe med i samanheng med dei overordna måla, og då handlar det om å ta tak i dei konkrete tinga; kva kan vi trekke inn i undervisinga og kva kan vi ikkje?, seier Larsen, som fortel at dei ikkje har kome så langt som dei ønsker med Firdamodellen, men dei er på god veg.

– Firdamodellen er ikkje ferdig, vi utviklar den heile tida.

Må tørre å gjere feil

Vegen vidare er todelt. Først vil skulen ta tak i det dei har mista på grunn av koronapandemien, som fellessamlingar og sosiale aktivitetar. Dette må bli ein del av kvardagen igjen, fortel utviklingsleiaren. Samtidig vil dei innføre livsmeistring, «Heilt sjef», og karrierelæring som ein del av sjølve undervisinga.

– Vi er styrt av eit lovverk som seier at karrierelæring er heile skulen sitt ansvar, då kan ein ikkje skilje det ut, påpeiker Larsen.

Som ein del av leiinga meiner han at det er viktig å vere bevisst på nettopp korleis ein leiar i endringsprosessar.

– Når ein har litt større komplekse, adaptive utfordringar, og når du ikkje heilt veit målet, men retninga, då handlar leiing mykje om å vere god på å stille dei gode spørsmåla, framfor å pushe.

Han meiner og det er viktig å tørre å gjere feil i ein utviklingsprosess, og lære av feila.

– Det trur eg vår organisasjon er klar for. Det handlar om å byggje opp endringskompetanse over tid. Det er sunt innimellom å setje seg ned med heile gjengen og sjå på kva det er vi eigentleg har fått til, kose seg med at dette er vi gode på, og dette får vi til.

Bilde
Plakat fra russerevyen på Firda vgs, bilde av en skute med karriereknappene og ulike fremtidsvalg
Bildetekst
Skulen har lykkast så godt med karriereknappane, at russerevyen brukte knappane som våpenskjold på «Firdaskuta». Foto: Jørund Walseth

Firdamodellen

  • tek utgangspunkt i eit holistisk karriererettleiingsperspektiv
  • skal sikre struktur, systematikk og progresjon i ei heilskapleg karriererettleiing frå vg1 til vg3
  • koplar karriereknappane frå Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning med arbeid knytt til livsmeistringstematikken i fagfornyinga, og i tverrfaglege tema som demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling
  • nyttar karriereknappane som eit felles «språk» og verktøykasse, også inn i fag
  • utvikla på Firda vidaregåande skule i Gloppen kommune, Vestland fylke, ein hybelskule som har jobba med livsmeistring i lang tid

Tips frå utviklingsleiar Magne Larsen...

...til andre skular som ønsker å ta i bruk karriereknappane og livsmeistringsfokus

  • Bruk karriereknappane bevisst, som eit verktøy for refleksjon og for å sjå ulike perspektiv.
  • La heile skulen bruke karriereknappane, og jobb med over tid på fleire nivå, utan å sleppe tråden. Hugs at dette tek tid.
  • Bruk tid med personalet og elevar på den overordna delen av læreplanen.
  • Tør å prioritere og ver tydeleg på kva de vil som skule.