I oppfølginga av ungdomar møter vi rettleiarane i Nav eit gjentakande dilemma: Det blir stilt krav til ungdomane før det blir undersøkt godt nok om den unge er i stand til å utføre det vi stiller krav om. Unge blir bedne om å søke jobbar, møte til samtalar og «vise motivasjon». For ungdomar som strevar, kan slike krav utan støtte utanfrå føre til låg meistringstru, motløyse og ei kjensle av å mislukkast.
Kan det hende at dette ikkje handlar om manglande vilje hos dei unge, men heller er eit uttrykk for eit system som set aktivitet framfor læring? Når aktivitet ikkje vert tilpassa, men blir eit mål i seg sjølv, står vi i fare for å miste det viktigaste verktøyet vi har – trua på eins eigen kompetanse bygd på positive erfaringar.
Trua på seg sjølv kan lærast
Albert Bandura beskriv i teorien sin om self-efficacy korleis trua på eins eigen evne til å lukkast ikkje kjem av ytre krav, men av indre opplevingar av meistring. Denne trua vert bygd gjennom fire kjelder: faktiske meistringserfaringar, vikarierande erfaringar ved å sjå andre meistre, verbal støtte og ikkje minst tryggleik i situasjonen. Ungdomar vert ikkje motiverte av sanksjonar eller pålegg, men av små, sikre suksessar og opplevinga av å bli trudd på. Vil Nav si vektlegging av måling meir enn av meistring føre til at psykologiske mekanismar som skapar endring, bli oversette?
Annette L. Kleppang, Anne Mari Steigen og Hanne S. Finbråten stadfestar dette i artikkelen sin om meistringstru hos ungdomar, og viser at ungdomar som opplever at dei meistrar små oppgåver og kjenner seg nyttige, utviklar høgare meistringstru – uavhengig av bakgrunn, kjønn eller økonomi. Det viser kor avgjerande det er at rettleiarar legg til rette for læring og små sigrar. Meistring skapar motivasjon, ikkje omvendt.
I Nav er det høgt fokus på arbeid som mål, men vi opplever at det manglar eit tydeleg språk for læring som ein veg dit. Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing tilbyr eit slikt språk. Rammeverket skildrar fem sentrale område for utforsking, omtala som «karriereknappar». Områda er «meg i kontekst», «moglegheiter og avgrensingar», «val og tilfeldigheit», «endring og stabilitet», og «tilpassing og motstand». Desse områda strukturerer samtalen, og hjelper ungdomar å reflektere over både seg sjølve og moglegheitene sine.

Karriereknappane frå Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing
Når vi saman utforskar desse områda i rettleiinga av den unge, beveger vi oss frå ei kontrollorientert oppfølging til ein læringsorientert dialog. Spørsmål som «Kven er eg i situasjon min?» «Kva påverkar vala mine?» og «Korleis kan eg handtere endringar eg ikkje styrer?» opnar for refleksjon og bevisstgjering – og det er her karrierelæringa skjer. Det er i denne situasjonen at ungdomen byrjar å ta ansvar for sitt eige liv.
Erfaring, støtte og tryggleik
I praksis handlar det om små grep i kvardagen. I staden for «du må søke tre jobbar» kan samtalen avsluttast med éi realistisk oppgåve som gir sjanse til meistring: å kontakte ein arbeidsgivar, skrive to setningar om ein styrke, eller observere ein person i et yrke den unge er nysgjerrig på. Det neste møtet kan då starte med spørsmålet: «Kva lærte du?»
Vi anerkjenner innsatsen og ser på erfaringa saman. Slik byggjer vi Banduras kjelder i riktig rekkefølge: først meistringserfaringar og eksempel på at dette er mogleg, deretter støtte og tryggleik. Over tid vil dette kunne føre til auka meistringstru – grunnlaget for sjølvstendig handling. Karriererettleiing handlar ikkje berre om val av yrke, men om å utvikle kompetanse til å handtere liv, læring og arbeid.
Karriererettleiing som ein integrert del av ungdomsoppfølginga i Nav kan potensielt flytte fokuset frå «krav som genererer aktivitet», til fokuset på «læring som genererer kompetanse». Rapporten Resultater og utbytte av karriereveiledning gitt i samarbeid med Nav frå 2025 viser at denne tilnærminga gir betre avklaring, sterkare motivasjon og meir målretta planar. På denne måten kan ungdomsoppfølginga i Nav, som lett kan opplevast som ei aktivitetsplikt for den unge, bli til eit læringsløp som utviklar reell karrierekompetanse.
Bandura sin meistringslogikk som motor
Dette krev ikkje meir tid eller nye system, men ein annan bruk av den tida vi allereie har, og ein annan måte å tenkje på. Viss vi dokumenterer at «vi jobba med «Moglegheiter og avgrensingar» i dag, der du oppdaga to vegar vidare og valte éi mikrohandling til neste gong, viser vi utvikling i staden for berre deltaking. Når vi framhevar små sigrar, byggjer vi den målretta støtta som Bandura beskriv. Dokumentasjonen blir meir meiningsfull, og vi kan synleggjere progresjon over tid: frå éi identifisert styrke til tre, frå ingen kontakt til den første telefonen, frå uro til ein enkel strategi for å handtere nervøsitet. Slike observasjonar gir et meir presist bilete av læring, og dermed av faktisk effekt.
Nav sitt samfunnsoppdrag handlar om meir enn kontroll og krav. Det handlar om å byggje kapasitet og læringsevne hos unge menneske som skal finne vegen vidare i liv, utdanning og arbeid. Ved å bruke kvalitetsrammeverket som struktur og meistringslogikken til Bandura som motor kan vi oppnå ei oppfølging som både er meir presis og meir kraftfull. Vi skal halde fram med å stille krav – krav som er fundamenterte på læring, meistring og tru på eins eigne evner. Då skapar vi varig endring og eit Nav som byggjer menneske, og ikkje berre måler dei.
Verktøyet finst allereie. Det vi treng, er eit felles fagleg språk, kollegial refleksjon, vilje til endring og kunnskap om korleis bruke læring som nøkkel. For kvar ungdom som opplever éin liten siger, veks eit nytt stykke motivasjon fram. For mange er det nettopp det første, vesle steget som utgjer skilnaden mellom å bli ståande utan trua på framtida og å komme i gang att.
Om å utfordre systemet ein sjølv er ein del av
Vi har i denne artikkelen forsøkt å få fram at ungdomsoppfølginga i Nav er i spenningsfeltet mellom å møte individet sine ønskje og behov og samstundes sikre samfunnet sitt kompetansebehov. Dette kan i stor grad føre til ei oppfølging som ber preg av høgt fokus på å finne «raske» løysingar i møte med unge. Innan karriererettleiing vil denne tilnærminga kunne plasserast inn i det matching-teoretiske perspektivet. Det treng ikkje i utgangspunktet vere negativt, men som rettleiar i møte med unge kan det vere tenleg å kjenne til dei andre perspektiva innan karriererettleiing. Særskilt har vi i artikkelen forsøkt å vise at ei læringsorientert karriererettleiing kan gi unge eit større utbyte av rettleiinga dei møter i Nav. Då set ein rettleiinga inn i eit livslangt perspektiv, og den unge sin kontekst blir like viktig, og kanskje viktigare enn å finne den «første og beste» jobben. Med eit høgare fokus på læring vil den unge få kompetanse som kan nyttast i andre overgangar i livet. Ein slik kompetanse vil kunne føre til at Nav i større grad oppnår eit av måla som er sette – å hjelpe menneske til varig tilknyting til arbeidslivet.
For å støtte unge i å byggje meistring og karrierekompetanse må vi også våge å stille spørsmål ved måten vi som system arbeider på. Nav er ikkje berre ein arena for krav og oppfølging, men også ein læringsarena – for både ungdomar og rettleiarar. Endring skjer når vi tek oss tid til å undre oss over kvifor vi gjer som vi gjer. Kva skjer når vi måler og tel meir enn vi lærer? Kven tener eigentleg på tempoet vårt? Å utfordre systemet ein sjølv er ein del av, handlar ikkje om å vere i opposisjon, men om å ta fagleg ansvar og å halde fast i at rettleiing skal frigjere, ikkje forme. Sosial inkludering handlar om deltaking i aktivitet, og like viktig, om å byggje tru på eins eigne moglegheiter og evner saman med ungdomen i eit system som tør å vere undrande til eins eigen praksis.
Referansar
Arbeids- og velferdsdirektoratet. (2025). Oppfølging av unge og de over 30 år ved NAV-kontorene: Veilederes erfaringer fra 2022–2024 (Rapport 3). https://www.nav.no/_/attachment/inline/8e4c0e2d-8ed8-47ce-b07d-f3c70e925183%3Af6b5d620b8cc97bf8454890cca3b45937565cd56/Oppf%C3%B8lging%20av%20unge%20og%20de%20over%2030%20%C3%A5r%20ved%20Nav-kontorene%202022-2024.pdf
Bandura, A. (1997). Self-efficacy: The exercise of control. W. H. Freeman.
HK-dir. (2020). Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning. Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Ideas2evidence, Proba & Universitetet i Innlandet. (2025). Resultater og utbytte av karriereveiledning gitt i samarbeid med NAV. https://kudos.dfo.no/documents/383184/files/47836.pdf
Kleppang, A. L., Steigen, A. M., & Finbråten, H. S. (2023). Explaining variance in self-efficacy among adolescents: The association between mastery experiences, social support, and self-efficacy. BMC Public Health, 23(1), 1665. https://doi.org/10.1186/s12889-023-16603-w