Dei mest lesne sakene i 2025

Article tema
Dei mest lesne sakene i 2025

Kva for saker er mest populære av dei vi har publisert på Veilederforum.no så langt i år? Her får du eit gjensyn.

  1. Ny OECD-rapport: Mange unge er usikre på fremtiden | Veilederforum.no

Ein fersk OECD-rapport viser at nær halvdelen av norske tenåringar er usikre på kva dei vil jobbe med i framtida. Mange av dei som veit kva dei vil jobbe med, har høge ambisjonar. Rapporten avdekker òg tydelege kjønns- og klasseskilje. Eit sentralt poeng i rapporten er at usikkerheita hos dei unge kan ha samanheng med mangelfull og ulik tilgang på karriererettleiing. 

– Mangel på ressursar til karriererettleiing i skolen er her ei viktig årsak, og det trengst ein heilskapleg innsats for å styrke både kvaliteten og innhaldet, seier avdelingsleiar Ingjerd Espolin Gaarder i HK-dir.

  1. Fra utenforskap til håp: Veien tilbake til skole og arbeid | Veilederforum.no

Trine (ho heiter eigentleg noko anna) trudde ho ikkje kunne meistre skolen. Gjennom Nav-tiltaket Fullført har ho fått ein ny sjanse. Susanne Mathisen, som er rettleiar i Fullført, fortel i denne artikkelen korleis oppfølging, trygge relasjonar og målretta rettleiing kan gjere ein forskjell. Fullført er eit opplæringstiltak og bygger på eit samarbeid mellom Nav Nordland, Nordland fylkeskommune og Karriere Nordland.

  1. Mi karrierereise: Akademikaren vart leiar for førebygging og oppfølging | Veilederforum.no

Forskar, førelesar, ein krumtapp i mange prosjekt og koordinator for Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Slik kjente vi Erik Hagaseth Haug. Men så tok han brått ein annan veg. Den gjekk heimatt til Søndre Land kommune i Innlandet. I dette intervjuet fortel han mellom anna om eit innovasjonsprosjekt han er leiar for, Fram i skoa. Målet er å gi alle i aldersgruppa 18-24 år som står utan utdanning eller arbeid, eit tilbod som kan hjelpe dei inn i arbeidslivet. 

  1. Ny doktoravhandling: Karriereveiledning som hele skolens oppgave | Veilederforum.no

Anne Holm-Nordhagen er førstelektor ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho var nysgjerrig på visjonen om karrierelæring som heile skolen si oppgåve. Korleis kan vi forstå denne visjonen, og kva står i vegen for å verkeleggjere han i praksis? I doktoravhandlinga si argumenterer ho mellom anna for at vi i høgare grad bør snakke om karriererettleiing som eit tverrfagleg prosjekt. Det meiner ho kan gjere det lettare å nå fram med denne bodskapen. 

– Det å jobbe tverrfagleg er òg ein måte å jobbe på som folk kjenner, vi har gjort det før og veit noko om kva som krevst for å få det til, seier Anne Holm-Nordhagen.

  1. Eit levande kvalitetslaboratorium for karriererettleiingsfeltet | Veilederforum.no

Nasjonal rettleiingskonferanse 2025 blir arrangert 3.-4. november på Scandic Oslo Airport. Konferansen er ein fagleg møteplass for alle som jobbar med og er interessert i karriererettleiing. I år er tanken å gi deltakarane kompetansepåfyll på ein litt annan måte enn den vanlege, fortel avdelingsleiar i HK-dir Ingjerd Espolin Gaarder.

– Mange kjenner til og brukar det digitale Kvalitetslaboratoriet. Vi er inspirerte av tanken om å lære gjennom utprøving og innovasjon, og ønsker å organisere konferansen med levande laboratorium, der deltakarane får fordjupe seg i faglege tema i ein ny samanheng, utforske verktøy og ressursar og ikkje minst reflektere saman.

Bilde
Blond dame som ser på mobiltelefonen og smiler
Bildetekst
Illustrasjonsfoto: Colourbox.