Konferansen skal fyllast med moglegheiter til refleksjon, læring og utforsking av nye idear og metodar. Målet er å inspirere og utruste til felles utvikling av ei enda betre karriererettleiingsteneste.
Inspirert av Kvalitetslaboratoriet
– Vi ønsker å gi deltakarane på årets konferanse kompetansepåfyll på ein litt annan måte enn på tradisjonelle konferansar, der du først og fremst lyttar til flinke foredragshaldarar. Vi skal sjølvsagt ha plenumsforedrag, men er opptekne av at kompetanseutvikling også skjer gjennom felles utforsking og deling av kunnskap, fortel avdelingsleiar i HK-dir Ingjerd Espolin Gaarder.
Ho held fram:
– Mange kjenner til og brukar det digitale Kvalitetslaboratoriet. Vi er inspirerte av tanken om å lære gjennom utprøving og innovasjon, og ønsker å organisere konferansen med levande laboratorium, der deltakarane får fordjupe seg i faglege tema i ein ny samanheng, utforske verktøy og ressursar og ikkje minst reflektere saman.
På konferansen vil deltakarane få besøke laboratorium om kunstig intelligens og digitale verktøy, metodeval og profesjonsfellesskap, kompetanseutvikling og mye meir. Temaa skal vere nyttige både for karriererettleiarar og leiarane i det daglege arbeidet deira, og vi vil ta opp aktuelle utfordringar i dagens samfunn, og stimulere deltakarane til å jobbe med korleis karriererettleiingstenestene kan møte desse utfordringane.
Les meir om konferansen og meld deg på.