Mi karrierereise: Akademikaren vart leiar for førebygging og oppfølging

Article tema
Mi karrierereise: Akademikaren vart leiar for førebygging og oppfølging

Forskar, førelesar, ein krumtapp i mange prosjekt og koordinator for Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Slik kjente vi Erik Hagaseth Haug. Men så tok han brått ein annan veg. Den gjekk heimatt til Søndre Land kommune.

– Du er ikkje den første som spør om dette, seier Eirik Hagaseth Haug, på Teams frå kontoret sitt i kommunesenteret Hov i Land. 

For dei som lurer, ligg Søndre Land sørvest i Innlandet fylke, mellom Valdres og Toten. Her er han leiar for avdelinga for førebygging og oppfølging i kommunen. Avdelinga er heilt ny, etablert i fjor. Barne- og familiekoordinator finst her, likeså PPT, ein ungdomskontakt, ein ungdomslos og ein overgangslærar som arbeidar i overgangen mellom barnehage og skule. Erik Hagaseth Haug beskriv avdelinga som eit kraftsentrum, skapt for å utnytte best mogleg kompetansen hos medarbeidarane.

Høg prosentdel unge uføre

Søndre Land er ein av kommunane i landet med høgast prosentdel unge uføre og generell utanforskap. Det var ein del av bakteppet for at kommunen i 2017 sette i gang eit stort folkehelseprosjekt. Etableringa av avdelinga for førebygging og oppfølging må sjåast i lys av dette, fortel Erik Hagaseth Haug.

– Vi jobbar mykje med dei frå 16 år og oppover, og samarbeider tett med Oppfølgingstenesta og andre einingar i kommunen. Mellom anna har vi vore med i eit ressursteam saman med Nav og den lokale arbeids- og inkluderingsbedrifta Sølve.

Eit tiltak han sjølv er prosjektleiar for, er Fram i skoa. Det er eit innovasjonsprosjekt i samarbeid med nabokommunen Nordre Land. Målet er å gi alle i aldersgruppa 18-24 år som står utan utdannings- eller arbeidstilbod, eit tilbod som kan hjelpe dei inn i arbeidslivet. Prosjektet skal òg styrke det førebyggjande arbeidet for ungdommar i alderen 16-18 år. 

Den gode samhandlinga

Det handlar om å få til den gode samhandlinga og den gode samanhengen mellom ulike tiltak, meiner Erik Hagaseth Haug.

– Til dømes syte for at når sommaren kjem, bør ein ha tilbod og etablere lågterskel møteplassar, for dei som kan hende opplever å vere litt utanfor, og som ikkje passar inn i dei møteplassane som allereie finst. 

Oppgåva til avdelinga hans er på sett og vis å smørje systemet, forklarar han. Frå det å bidra med fagkompetanse til å rigge gode tenester for dei som anten er på veg ut i, eller har hamna i, utanforskap.

– Vi er den einaste avdelinga i kommunen som har i mandatet vårt å jobbe på kryss og tvers av dei klassiske kommunalområda. Vi er ein slag «ruslepedagogar» som går rundt og minner folk på at kan hende er det ein nabo i ei anna avdeling som jobbar med veldig mykje av det same, men som ut ifrå strukturen med den klassiske sektorinndelinga ikkje nødvendigvis er merksam på den koplinga.

Han gir ros til både administrasjonen og politikarane i kommunen, som fram til no har ønska å skjerme førebyggingsarbeidet. 

Eit naturleg skifte

Men attende til karrierevalet han sjølv har gjort. Han ser at det kan hende er litt utradisjonelt.

– Men for meg var det veldig naturleg, slik eg synest ei karriere bør utvikle seg på mange måtar. Det vart jo ti år på fulltid ved Høgskolen i Innlandet, etter kvart som instituttleiar. Eg jobba mykje med forsking, mykje med undervising, men kjente heile tida på at eg liksom hadde veldig lyst til å jobbe meir operativt med dei emna eg snakka om. Til dømes ungdom i utanforskap.

I den tida han jobba fulltid ved Høgskulen, no Universitetet i Innlandet, dreiv han mykje med utviklingsarbeid. 

– Når eg har fått mogelegheiter til det, har eg kasta meg med i utviklingsarbeid, anten det har vore nasjonalt, med Kvalitetsrammeverket, eller lokalt. Det er vel stort sett berre Finnmark der eg ikkje har jobba i prosessar med skuler eller arbeids- og inkluderingsbransjen. Eg har liksom hatt det i meg heile tida at eg likar meg best jo nærare golvet eg kan kome.

Og ikkje minst handla karriereskiftet hans om å bidra der han bur og kjem i frå, i ein situasjon der heimkommunen slit med utfordringar, fortel han.

Trivst med veksling

Framleis har han ei 20-prosentstilling ved Universitetet i Innlandet. Mykje av denne stillinga går med til rettleiing av masterstudentar. Han trivst godt med vekselverknaden mellom dei to arbeidsstadene, og synest han eigentleg har fått både i pose og sekk. 

Ulike prosjekt blir det òg plass til. Eitt av dei, som han sjølv har fortald om på Veilederforum.no, tok føre seg karriererettleiing for personar med utviklingshemming eller lærevanskar. Han har nyleg òg publisert ein artikkel saman med Petter B. Falch, leiar for Rogaland karrieresenter, om karriererettleiing på arbeidsplassen. 

– Emnet i artikkelen var knytt til at karriererettleiing oftare enn det som kan hende er ønskeleg, fokuserer på overgangar, mens brorparten av befolkninga jo allereie er i arbeid. Så vi jobba fram ein artikkel om korleis ein kan dreie den klassiske medarbeidarsamtalen over til karrieresamtalar

Her kan ein bruke samtalestartarane og karriereknappane frå Kvalitetsrammeverket, meiner Erik Hagaseth Haug. Det er noko han sjølv no gjer i sine eigne medarbeidarsamtalar. Samtalestartarane kan opne opp for andre emne enn den vanlege malen, har han erfart. Til dømes korleis den einskilde medarbeidaren ser føre seg karriereutviklinga si framover.

Rette i ryggen

– Kva er det som driv deg i det du engasjerer deg i?

– Det er vel noko med når ein ser at ein lukkast. Når ein ser ungdommar som ein veit har hatt litt å stri med på ungdomsskulen, går rette i ryggen på bussen til vidaregåande når hausten kjem. Eller vaksne som stolt står i kassa, eller kor dei nå jobbar, og har funne seg den arbeidsfellesskapen dei så gjerne ville ha, seier Erik Hagaseth Haug.

– Og så blir eg jo sjølvsagt driven av å sjå effekten av det å klare å få folk til å dra saman, spele mot det same målet. Når vi lukkast med det, då trivst eg veldig, rett og slett.

God balanse

– Korleis ser du føre deg di eiga karrierereise framover?

– Eg trivst veldig godt med å ha den kombinasjonen eg har no. Det gir ein god work-life-balance, for å kunne vere ein god far og ektemann og alle dei tinga som er viktige for meg. Det var jo òg ein dimensjon (i karriereskiftet), det å sleppe å køyre åtte mil til jobben kvar veg. 

Han understrekar at han slett ikkje rømde frå akademia, men ser jobbskiftet meir som ei naturleg veksling. 

– Det kan godt hende at eg kjem tilbake til akademia etter kvart, utan at eg planlegg for det. Eg er i gang med ei kvalifisering for å søkje om opprykk til professor. Ikkje fordi det har vore det ultimate målet for meg, men eg tenker at viss det er mogleg, så vil eg nytte anledninga til å kome til det trinnet. 

Slår eit slag for hospitering

Før vi avrundar, er det eit tema han gjerne vil slå eit slag for, og det er hospitering i arbeidslivet. Han meiner denne ordninga burde bli brukt mykje meir, ikkje minst av dei som jobbar i universitets- og høgskulesektoren. Sjølv har han fått mange aha-opplevingar etter at han møtte praksisfeltet i den nye jobben, til dømes det å bruke Kvalitetsrammeverket i medarbeidarsamtalar.

– Eg har vorte erta av kollegaene mine, fordi eg heile tida pratar om jording. Men det er jo slik, at når ein hamnar i akademia - same kor mykje ein jobbar opp mot eit praksisfelt eller yrkesområde, så får ein jo ein distanse, seier han og legg til:

– Universitets- og høgskulesektoren blir jo pusha veldig på dette med arbeidslivsrelevans. Då heier nok eg veldig på rett og slett det å hospitere. Vere ein del av det som ein ofte står og snakkar om. Eg vil påstå at det har berika meg begge vegar.

Bilde
Bilete av Erik Hagaseth Haug på kontoret hans i Søndre Land kommune.
Bildetekst
Erik Hagaseth Haug på kontoret sitt i Søndre Land kommune. Foto: Søndre Land kommune.

Karrierereiser

Korleis artar folks karrierereiser seg? Kva for tankar gjer menneske seg i ulike overgangar, og korleis kan dei bruke kompetansen sin i nye settingar? Vi møter i tre intervju personar som fortel om reisa si – eller ei spesiell strekning av reisa.