Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Siv Kristin Flekke

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Siv Kristin Flekke i Karriere Sogn og Fjordane.
Opprettet 11. september 2018, oppdatert 14. september 2018
Portrettbilde av månadens rettleiar Siv Kristin Flekke
Navn:
Siv Kristin Flekke
Tittel:
Karriererettleiar
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
100 prosent
Arbeidssted:
Karriere Sogn og Fjordane
Sted:
Førde, Sogn og Fjordane

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

- Tre og eit halvt år.

2. Kva slags utdanning har du?

- Faglærar i design og handverk, samt utdanningsadministrasjon og karriererettleiing. Har i tillegg utdanning innan IKT for lærarar samt klasseleiing og vurdering.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

- Eg trivst veldig godt i denne jobben. Det beste er å få møte både ungdom og vaksne. Det å lytte, stille dei spørsmål slik at dei kan reflektere og diskutere kva dei ynskjer vidare i livet sitt gjer sitt til at jobben er givande. Når dei seier at «dette har fått meg til å tenkje nytt», får eg eit inntrykk av at samtala har vore til nytte. Det er òg viktig å bruke tid på å sette seg inn i kva som skjer i samfunnet og utviklinga på arbeidsmarknaden, noko som eg også tykkjer er spennande.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

- Mine hovud-arbeidsoppgåver er å rettleie, organisere bestillingane av samtaler, ta kontakt med kandidatar og gjennomføre ei eller fleire samtaler. Vi i Karriere Sogn og Fjordane har også tett samarbeid med NAV, der vi blant anna har samtaler med kandidatar dei har i sitt system. Med jamne mellomrom er eg på norsksentera rundt om i fylket, for å gje informasjon og rettleiing til minoritetsspråklege. Karriere Sogn og Fjordane har også tett samarbeid med rådgjevarar i grunn- og vidaregåande skule.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

- Det kan vere utfordrande å nå inn til alle ein har samtale med. Ein må balansere mellom positivt støttande og å utfordre på ulikt vis, for at valet skal bli best mogleg. Å teste ut, bruke og få best mogleg erfaring med ulike fagteoriar innan karriererettleiing er viktig. Det kan også vere utfordrande å ha samtale med minoritetsspråklege fordi det kan oppstå språkforvirring og misforståing.

6. Korleis jobbast det med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

- Karriere Sogn og Fjordane og opplæringsavdelinga i fylket er ansvarleg for ei fagsamling for rådgjevarar frå grunnskule og vidaregåande skule. Vi karriererettleiarane reiser også på den årlege konferansen til Kompetanse Norge der vi får fagleg påfyll og nyheiter innan fagfeltet.

Kvar haust har Karriere Sogn og Fjordane ansvar for å  arrangere ei «Næringsreise» som er eit kompetansehevingstilbod for rådgjevarar frå skule og rettleiarar i NAV. Denne reisa er i ulike regionar i fylket, der vi ser på utdanningstilbod, arbeidsmarknaden og har omvising i ulike bedrifter. Dette er eit veldig populært arrangement.

7. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

- Å teikne for å visualisere samtalene, er eit nyttig verktøy i dei fleste samtaler og spesielt til minoritetsspråklege. Mange får teikninga med seg og nokre tek bilete av ho. I visualiseringane likar eg å bruke DOTS- og CIP-modellen og Donald Super si livsregnboge. Ulike interessetestar vert også brukt.

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

- Nett no er det arbeid med å arrangere Næringsreisa som skal vere i september. Men elles så er eg oppteken av at alle som kjem til rettleiing skal få komme til så snart råd er og føle seg velkomne og trygge. Av og til kjem det inn bestilling på rettleiing i grupper, noko som også må førebuast. Vitjing i kommunane utover hausten og korleis arbeidet skal gjennomførast må også planleggast.

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Logo månadens rettleiar september.
    All rights reserved.

Månadens rettleiar

Med Månadens rettleiar vil vi gi lesarane til Veilederforum kjennskap til breidden i norsk karriererettleiing og ulike jobbar ein kan ha innanfor feltet.

Er du karriererettleiar og har lyst å bidra i denne serien? Send mail til veilederforum@utdanning.no.