1. Kor lenge har du arbeidd med karriererettleiing?
- Ni år.
2. Kva slags utdanning har du?
- Lektor med nordisk og fransk, 30 studiepoeng i karriererettleiing.
3. Kva er det du liker best med å jobbe som karriererettleiar?
- Det beste med jobben min er møtet med ungdom. Eg møter unge menneske som er nysgjerrige og motiverte for å utforske moglegheiter for framtida. Å skulle gjere val for framtida kan nok verke overveldande på mange elevar, men i valprosessen ligg det jo også mykje optimisme og framtidstru. Det er meiningsfullt å få ta del i dette.
4. Kva er arbeidsoppgåvene dine, og korleis er fordelinga mellom dei?
- Ein del av rettleiinga handlar om å organisere informasjon. Eg forsøker å vise veg til påliteleg og kvalitetssikra informasjon i den jungelen av aktørar som vil «selje» utdanning, studiestad og karrierevegar til ungdommen. Vi organiserer studiedag, besøk til høgskule, og vi tar imot eksterne aktørar som vil inn i skuletida og presentere tilboda sine. Orientering om fagval, opptakskrav, poenggrenser og søkerutinar ligg også i jobben. I den andre enden jobbar vi også med å orientere om skule- og utdanningsmoglegheiter for ungdomsskuleelevar, mellom anna som vertskap for hospitantar frå ungdomsskulen. Døra er også alltid open for dei som ønsker individuelle samtalar, elevar kan bestille time for møte.
5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidsdagen din?
- Det er ei utfordring å finne tid til karriererettleiing i studieførebuande utdanning. Både fordi utdannings- og karriereval ikkje er timeplanfesta som eit eige fag, og fordi rådgivarressursen er avgrensa.
6. Korleis jobbar du og kollegaene dine med fagleg utvikling innanfor karriererettleiing?
- Møre og Romsdal fylkeskommune har satsa på å heve kompetansen til rådgivarane, det er kjekt. Tre gonger i året er det større rådgivarsamlingar der mellom anna yrkes- og karriererettleiing er tema. Leiinga ved skulen gir meg også rom til å delta på kurs. Fagfellesskap med dei andre rådgivarane ved skulen er viktig, vi jobbar i lag for å halde oss oppdaterte og utvikle kompetanse.
7. Kva slags «verktøy» bruker du oftast i karriererettleiinga?
- Utdanning.no er eit viktig verktøy i jobben. Nettstadene til Ansa og Samordna opptak er vi også ofte innom. Skulen har ein interessetest, den kan eg bruke som eit utgangspunkt for samtale, eller for å sette elevar i gang med valprosessen. Elles er vel samtalen, penn og papir kanskje det viktigaste.
8. Kva er du ekstra oppteken av i jobben din for tida?
- Ved starten av eit nytt skuleår brukar vi mykje tid på psykososial rettleiing. Det handlar om å ta imot nye elevar på ein god måte, og sjå til at alle kjem godt i gang. Når det gjeld karriererettleiing, skjer det av og til at nye elevar raskt opplever at dei har hamna på feil utdanningsprogram, då må vi hjelpe dei å lage ein ny utdanningsplan. Nokre Vg2-elevar ser også at dei har valt feil programfag og vil diskutere nye fagkombinasjonar. Starten av nytt skuleår er ei travel og spennande tid, for elevar og alle som jobbar i skulen.