Ytring: Lang veg igjen for jenter og yrkesfag

Article tema
Ytring: Lang veg igjen for jenter og yrkesfag

Å få fleire jenter til å velje yrkesfag krev meir enn å gjennomføre prøveprosjekt. Arbeidet må inn i rutinane og krev større politisk støtte.

Samfunnet har lenge arbeidd for at det skal bli betre kjønnsbalanse i arbeidslivet, og på høgskular og universitet kan me sjå gode resultat. Medisin som tradisjonelt var eit mannsyrke har no fleirtal av jenter. På meteorologi kan ein sjå stor endring. Handelshøgskulen i Bergen har nærmare 40 prosent jenter.

Teknisk naturvitskaplege fag på NTNU byrjar etter mange års kontinuerleg arbeid å få mange kvinnelege studentar. Det vert og stadig fleire mannlege sjukepleiarar, og mannlege barnehagelærarar. Dette er positivt, og samfunnet har tatt eit stort steg i ei retning som vil kome oss alle til gode.

Men kva med yrkesfaga? Kvifor ser me ikkje dei same trendane her og kvifor er ikkje engasjementet like stort?

Kjønnsbalanse i utradisjonelle fag

Utdanningsdirektoratet skriv på sine heimesider at aldri før har så mange jenter søkt på dei utradisjonelle faga. Det er positivt. Det er nærmare åtte prosent jenter som har søkt bygg og anleggsteknikk og elektro og datateknologi, og 15 prosent som har søkt på teknologi og industrifag (TIP).

Dette er eit godt teikn, men det er langt igjen: Det er berre tre av ti lærlingar som er jenter – inkludert helse- og oppvekstfag og frisørfaget. På ein del utdanningsprogram er det stor overvekt av jenter, og få gutar som søker: På frisør, blomster-, interiør- og eksponeringsdesign er over 90 prosent av søkarane jenter.

Det same kan ein sjå på helse- og oppvekstfag og kunst, design og arkitektur.

Men kvifor er kjønnsbalanse i yrkesfaga viktig? Viss ungdommen opplever at dei kan velje fritt mellom alle yrkesfaga, vil dei ha dobbelt så mange moglegheiter. Slik at alle ungdomar får brukt talenta sine. Når eit fag er dominert av det eine kjønn, vil det kunne bli usynleg for det andre. Difor må me bidra til at dei synest.

Resultatet er at arbeidslivet kan velja frå ein større gruppe kandidatar. Og dei som er ferdig utdanna vil få  eit betre og meir variert arbeidsmiljø. Eit likestilt samfunn er positivt for oss alle. 

Verdens mest likestilte land?

Korleis kan me kalle oss verdas mest likestilte land, når det er så store kjønnsskilnader i ein så stor del av arbeidslivet? Og kvifor er det slik?

Her er det samansette årsaker og vanskeleg å gi eit eintydig svar. Men kvifor har ein ikkje same engasjementet i samfunnet når det gjeld yrkesfaga og kjønnsbalanse, som når det til dømes gjeld å få kvinner i styreromma i ASA  eller kvinner i leiande stillingar?

Ein ting veit me heilt sikkert, nemleg at denne ubalansen ikkje endrar seg av seg sjølv. Som forskingsleiar Liza Reisel, Institutt for samfunnsforsking, sa til Aftenposten i november 2017:

«Fremtidens arbeidsliv blir ikke mindre kjønnsdelt av seg selv. Forskningen på feltet tyder på at substansiell endring ikke kommer av seg selv, og særlig ikke i de yrkesgruppene der det vil være store arbeidskraftsbehov i fremtidens arbeidsmarked»

Yrkesfagløftet i Akershus

Akershus fylkeskommune utarbeidde i 2016 ein eigen strategiplan for yrkesfagløftet, der formålet var å auka talet på fagarbeidarar dimensjonert etter arbeidslivets behov for kompetanse. For å få til dette er det viktig at fleire jenter søker seg til yrkesfaga, da berre 30 prosent av lærlingane per i dag er jenter. Dette gjeld også nasjonalt.

Kjønnssegregeringa i dei ulike yrkesfaglege utdanningsprogramma og lærefaga er dessutan sterk. Å få fleire jenter til å velja yrkesfag og lære – særleg innan dei mannsdominerte lærefaga –  og fleire gutar til å velja meir tradisjonelle «jentefag» (helse- og oppvekstfag, design og handverk), vil bidra til å utdanna fleire fagarbeidarar totalt.

Eit av delmåla i strategiplanen var difor å få fleire jenter til å søka yrkesfag og lære og at det bli ei jamnare kjønnsfordeling innan de ulike lærefaga. For å nå dette målet utvikla fylkeskommunen ulike tiltak for å bidra til ein betre kjønnsbalanse innan fagopplæringa. 

Det vart sett ned ei prosjektgruppe, som bestod av rådgjevarar i karrieretenesta, spesialrådgjevar på yrkesfag og prosjektleiar, der eg var tilsett som prosjektleiar. Prosjektgruppa starta med å undersøke kva som fanst av forsking om temaet.

Ellen Møller og Inger Vagle (2014) fann i si doktorgradsavhandling «Kjønn på dagsordenen gjennom to-, tre- og firepartssamarbeid innan elektrofag (bilfag) i det yrkesfaglege feltet i samarbeid med bilfag (elektrofag)», at det som kan verka er: 

  • Testing av yrke
  • Rollemodellar der ungdomsskuleelevar får yrkesinformasjon
  • Nettverksbygging for skuleelevar og lærlingar
  • Kompetanseheving blant rådgjevarar og lærarar.

Rollemodellteam

I Akershus valde me å starta med rollemodellteam, der lærlingar og nyutdanna fagarbeidarar reiser rundt på ungdomsskulane og fortel om sine yrkes- og utdanningsval, gir informasjon om yrkesfag og inspirerer elevane.

Her fekk me gode rollemodellar for yrkesfaga:  det var kvinnelege bilmekanikarar, ein telekommunikasjonsmontør, ein tømrar, ein røyrleggar og ein elektrikar. Det var mannlege barne- og ungdomsarbeidarar og helsefagarbeidarar.

Det var også jenter og gutar som hadde valt tradisjonelle yrkesfagutdanningar, til dømes kokk og kontor- og administrasjonsfaget. Rollemodellteamet brukte presentasjonar og film, dei fortalde om seg sjølv, sitt yrke og sine framtidsdraumar og hadde dialog med elevane.

Hausten 2019 var det 104 tiandeklassar som fekk besøk frå rollemodellteam i Akershus. Tilbakemeldingane frå rådgjevarane på dei ungdomsskulane som hadde besøk var svært positive. Det at ungdom fekk møta andre ungdommar var ein nøkkelfaktor.

For å få til ordninga med rollemodellteam, samarbeida vi med opplæringskontora og lærebedrifter i fylket. Dei var positive og gav sine lærlingar eller fagarbeidarar fri mot eit honorar (kr. 1500 per halv dag), og rollemodellane fekk fri med lønn til å delta i prosjektet.

Det vart satt av to-tre veker der teama var ute på ungdomsskulane. Tilbakemeldingane frå rollemodellane var positive, og dei ville gjerne vera med vidare. På førehand fekk dei opplæring og bli kjent-kveldar. Akershus er no blitt ein del av Viken fylke, og så langt har dei ikkje starta opp med rollemodellteam.

Eit av våre opplæringskontor i et tradisjonelt «gutefag», har også tilsett ein kvinneleg fagarbeidar i eit prosjekt med formål å rekruttere fleire lærlingar generelt og fleire jentelærlingar spesielt. Dette er vidareført også etter fylkessammenslåinga.

Erfaring viser at det er viktig at dei jentene og gutane som vel utradisjonelt vert ivaretekne på skulen. Sosiale nettverk er eitt slikt tiltak. Ein skule i Akershus hadde nettverk for gutar i helse- og oppvekstfag, og ein skule hadde nettverk for jenter på elektrofag. Målet var å utvida slik at alle fekk tilbod om nettverk både i skuletida og i læretida.

Rollemodellteam i Akershus
Rollemodellteamet på besøk på en skole i Akershus. Foto: Gunvor Eldegard

Korleis endre det kjønnsdelte søkarmønsteret?

Sidan 1980-talet og fram til no har det vorte starta mange prosjekt, men så fort prosjektet er over, er det i mange tilfelle ingen vidare oppfølging Nokre fylker gjer litt, men det finst ingen overordna strategi. Arbeidet som skjer er tilfeldig og avhengig av eldsjeler.

For å få til å endra det kjønnsdelte søkarmønsteret, meiner eg at det må arbeidast kontinuerleg over tid. Det må vera forankra gjennom både politisk og administrativ leiing. Både på statleg- og fylkesnivå. Arbeidet må inn i rutinane, ikkje berre vera prøveprosjekt over korte tidsperiodar. 

Etter mi erfaring er det òg viktig at bransjane sjølve tar tak for rekruttering og for at jentene skal bli. Det er framleis hindringar. Det er positivt å sjå at byggebransjen sjølv seier at dei ynskjer å rekruttera fleire jenter. Men da må dei òg legga til rette for at det skal bli slik.

I årets 8. mars-tog var ein av parolane at det skulle vera garderobar for jenter på alle byggeplassar(!). Kven skulle trudd at dette var ein kampsak i 2020? Her har bransjane eit stort ansvar. I lønsoppgjeret 2020 blei det semje om garderobe for jenter som ein del av oppgjeret!

I ei undersøking gjennomført av «Jenter i teknikk og handverk», der 100 jenter i byggebransjen er spurt, svarar 95 prosent at dei føler seg velkommen på arbeidsplassen sin. Det er positivt, men det er òg 63 prosent som har sett eller opplevd seksuell trakassering i arbeidstiden.

15 prosent av desse seier at det er eit gjentakande problem. Dette er ikkje akseptabelt, og bransjane må ta tak for at jentene skal bli. Eg meiner at det ikkje er tilstrekkeleg politisk vilje til å få til endringar.

Både som tidlegare leiar av Kvinner i mannsyrker (KIM), som stortingspolitikar og no som fylkespolitikar har eg arbeida for å få til endringar i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden.

Eg har tatt opp problemstillinga gjennom forslag til partiprogram- og vedtak, gjennom interpellasjonar i Stortinget, på seminar og på møter. Hittil har eg ikkje møtt nokon som er ueinig med meg. Det er likevel ikkje nok vilje til å jobba med dette spørsmålet.

Kjønnstradisjonelle utdanningsval er ein sentral utfordring for likestillinga, da dei bidrar til å oppretthalde ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, ulikheiter i lønn, arbeidstid og arbeidsbelastning, dette slås fast iStortingsmelding 7 Likestilling i praksis — Like muligheter for kvinner og menn (2015-2016). Vidare kan ein lesa at:

«Å bryte opp typiske forestillinger om hvilke utdannings- og yrkesvalg som passer for gutter og jenter øker mulighetene og valgfriheten for den enkelte og gir et mindre kjønnsdelt og mer fleksibelt arbeidsmarked. Regjeringen ønsker å legge til rette for at flere kan velge utradisjonelle utdanninger og karrierer, for å bidra til et mindre kjønnsdelt arbeidsliv.»

Eg har til gode å sjå at dette er noko regjeringa har tatt tak i. Her vil sikkert regjeringa seie at me støttar jo «Jenter og teknologi» og «Menn i helse». «Jenter og teknologi» er eit veldig godt prosjekt, men det handlar mest om høgskule- og universitet, sjølv om også nokre fagarbeidarar er med.

«Menn i helse» er eit godt prosjekt  for vaksne menn. Det er flott med støtte til desse programma, men det må meir til dersom ein skal bidra til eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv. Mi erfaring er at det er få eller ingen som ynskjer å ta tak i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden når det handlar om yrkesfaga.

Det er mogleg å endra den kjønnsdelte arbeidsmarknaden: Med politisk vilje og administrativ gjennomføringsevne, engasjement i samfunnet og eldsjeler. Men eldsjelene treng støtte.

Bilde
Rollemodellteam Akershus
Bildetekst
Rollemodellteam. Foto: Gunvor Eldegard

Gunvor Eldegard

Gunvor Eldegard starta å jobbe som elektro- og automasjonsingeniør i 1985. Ho arbeidde med design, programmering, installasjon og oppstart av anlegg både i Norge og resten av verda.

Ho er tidlegare leiar i organisasjonen Kvinner i mannsyrker (KIM). 

Eldegard har vore tilsett i ulike selskap, drive eiga bedrift og arbeida i familiebedrifta, ei teknologibedrift som jobba med industriutvikling.

I 2003 vart Eldegard ordførar i Ski kommune, og i 2005 kom ho inn på Stortinget. Der var ho medlem i næringskomiteen, finanskomiteen og kontroll- og konstitusjonskomiteen.

I tillegg har ho hatt internasjonale verv i Interparlamentariske Union og Nordisk råd. Ho er i dag seniorrådgjevar i KS, der ho arbeidar med næringspolitikk.