Fordi jenter utan grunn uroar seg meir for om dei er flinke nok for realfaga, er det viktig å snakke med dei om mestringsforventing og sjølvtillit i faga.
Noreg er eit av dei mest likestilte landa i verda. I OECD-samanheng har vi likevel færre kvinnelege realfagsstudentar enn gjennomsnittet. Kvinner er underrepresentert i naturvitskap, teknologi og matematikk i høgare utdanning og i yrkeslivet. Jenter er i mindretal i mange realfagklasserom på vidaregåande skular. Realfaga treng jenter – og jenter treng realfaga.
Skal vi få opp jente- og kvinneandelen i desse viktige fagområda, må vi legge til rette for at mange ulike jenter kan finne sin plass der. Til det treng jentene å vite kva dei sjølve er interesserte i og kva dei kan få til, og dei treng å vite kva naturvitskap, teknologi og matematikk har å tilby akkurat dei.
Men gjer det noko at gutane er i fleirtal i naturvitskap, teknologi og matematikk, så lenge arbeidet blir utført med god kvalitet? Kan ikkje alle berre få velje fritt? Kva skuldast skeivskapen, og kva kan vi gjere om vi no vil betre kjønnsbalansen?
Vi skal ta for oss desse spørsmåla i tur og orden, med bakgrunn i eiga forsking på elevars val og bortval av realfag, samt anna relevant forsking og statistikk. I teksten brukar vi realfag som eit samleomgrep for fagområda naturvitskap, teknologi og matematikk.
Realfaga treng jenter og jenter treng realfaga
Kvifor skal vi snakke om jenter og realfag? I den vidaregåande skulen er jenter i mindretal i fysikk, teknologi og realfagleg matematikk, medan dei er i fleirtal i biologi, kjemi, geofag og samfunnsfagleg matematikk.
Mønsteret i høgare utdanning er tilsvarande: det er flest menn i teknologi, fysikk og matematikk, men flest kvinner i biologi, medisin og farmasi. I framtidas kunnskapsbaserte samfunn vil kompetanse i naturvitskap, teknologi og matematikk vera viktig.
Fordi jenter er underrepresentert i mange av dei fagområda, utgjer dei også det største rekrutteringspotensialet. Og sjølv om jenter også er ulike seg i mellom, kan det hende at realfaga går glipp av viktige erfaringar og perspektiv når jenter og kvinner som gruppe er dårleg representert i faga.
Vidare bør kvinner ta del i det viktige kunnskaps- og samfunnsområdet som realfaga representerer for å påverke prioriteringar og politiske avgjerder, til dømes knytt til energi, klima og helse.
Jenter fortener også å oppleve kva realfaga kan gi av undring og forståing for verda og vår plass i den. Faga kan bidra til å svare på spørsmål som: «Kvifor dett ikkje månen ned?», «Korleis oppstår ein tsunami?» og «Bør vi vaksinere ungane våre?».
Fødd slik eller blitt slik?
Kva skuldast kjønnsskeivskapen i naturvitskap, teknologi og matematikk? Kjem den av genetiske forskjellar i evner eller interesseområde? Eller ligg forklaringa i kultur, oppvekst og kva moglegheiter jenter faktisk får i skulen og på fritida?
Forsking tyder på at i den grad kjønnsforskjellar finns i medfødde evner i matematikk og naturfag, så er ulikskapane små og blir overskugga av dei store individuelle variasjonane blant begge kjønn.
Skal vi forklare kvifor fleire jenter enn gutar vel bort realfaga, er det difor grunn til å sjå på kva prioriteringar, interesser og forventningar jentene legg til grunn når dei vel utdanning. Det skal vi snart ta for oss.
Men først vil vi nemne at slike prioriteringar, interesser og forventningar ikkje blir danna i eit tomrom. Dei blir utvikla i samspel mellom det enkelte individet og kulturen og samfunnet vedkommande lever i.
I vår kultur finns det mange stereotypiske oppfatningar om realfaga og om folk som jobbar med slike fag. For eksempel tenkjer mange at realfaga er spesielt vanskelege og handlar mest om ting, tal og formlar, ikkje om menneske. Realisten er gjerne sett på som ein spesielt smart person som jobbar mykje åleine.
Slike oppfatningar gir dei unge dårleg og til dels feil informasjon å bygge valet sitt på generelt. I tillegg er det spesielt problematisk for jenter, fordi fleire jenter enn gutar styrer unna nettopp dei karakteristikkane som er gitt av realfaga ovanfor.
Enkelte tenkjer nok også framleis at naturvitskap, teknologi og matematikk generelt passar betre for gutar enn for jenter. Når nokon spør «kan ikkje alle berre få velje fritt?», svarar vi difor at vala ikkje er heilt frie, fordi slike oppfatningar finns og påverkar korleis ungdom tenkjer om seg sjølve og utdanningane dei vel i mellom.
Jenter og gutar vel utdanning med hovudet og hjartet
Kva legg ungdom til grunn når dei vel fag i vidaregåande skule eller høgare utdanning? Undersøkingar vi har vore med på blant 14 000 elevar i vidaregåande skule og studentar i høgare utdanning, tyder på at ungdommar generelt vel utdanning med både hovudet og hjartet.
På den eine sida var dei opptekne av kva moglegheiter dei ville få: moglegheiter for opptak til høgare utdanning, og for sikre jobbar og god lønn seinare. Dei la også vekt på om dei trudde dei kjem til å mestre faga, om dei kom til å få det til.
På den andre sida var det viktig for dei å få drive med noko dei var interesserte i og brydde seg om, og som dei følte passa for dei som person.
På desse spørsmåla om kva som var viktig for utdanningsvala, fann vi få snittforskjellar mellom jenter og gutar, men større variasjon innanfor kvart kjønn. Det var også større forskjellar mellom elevar på dei to programområda «Realfag» og «Språk, samfunnsfag og økonomi» (programområdenamn frå 2008) enn det var mellom kjønn.
Det betyr at det ikkje finns éin enkel måte å legge til rette for jenters realfagsval på. I staden har vi tru på å vise fram mange forskjellige realfaglege moglegheiter, slik at jenter (og gutar) med ulike interesser, hjartesaker og planer kan gjere informerte utdanningsval.
Der jenter skil seg ut som gruppe: mestring og idealisme
På nokre område i undersøkinga skilte jentene seg likevel ut som gruppe. For det første var det langt fleire jenter enn gutar som bekymra seg for om dei var flinke nok for realfaga.
Dette harmonerer med anna forsking både i Norge og internasjonalt: fleire jenter enn gutar har dårleg mestringsforventning i realfaga. Det samsvarer ikkje med korleis dei presterer: både i eksamens- og standpunktkarakterar gjer no jenter det minst like bra (om ikkje betre) enn gutane i realfaga i vidaregåande skule.
Det finns få signifikante kjønnsforskjellar i korleis norske elevar skårar i PISA- og TIMSS-undersøkingane. Likevel ser mange jenter ut til å ha ein langt høgare terskel enn dei fleste gutar for å velje realfaga, for eksempel realfagleg matematikk i vidaregåande skule.
Det siste heng kanskje saman med at ein del jenter er ekstra strategiske i fagvala sine: dei legg stor vekt på å kvalifisere seg til vidare studier, spesielt er dei opptekne av å halde mange moglegheiter opne.
Kan hende opplever dei det som for risikabelt å velje realfagleg matematikk, i tilfelle det resulterer i dårleg karakter. Difor går dei for samfunnsfagleg matematikk i staden.
Dei fleste vidare studier godtek full fordjuping i samfunnsfagleg matematikk, men spranget til matematikken på universitet- og høgskulestudium i naturvitskap, teknologi og matematikk blir da større, og faren for fråfall aukar.
Fordi jenter utan grunn uroar seg meir for om dei er flinke nok for realfaga, er det viktig å snakke med dei om mestringsforventing og sjølvtillit i faga. Dei fortener å ha realistiske oppfatningar av kva dei sjølve kan få til, og av kva som krevs (og ikkje) for å ta ei realfagleg utdanning.
Dei fleste som jobbar med naturvitskap, teknologi og matematikk er ikkje geniale, som stereotypien fortel, men heller vanlege folk som har arbeidd seg gjennom opp- og nedturar og blitt flinkare og flinkare.
Eit anna område der jentene skilte seg ut i vår undersøking, er der det er snakk om å få arbeide med andre menneske og idealisme i ein framtidig jobb: Langt fleire jenter enn gutar uttrykte at det var viktig å hjelpe andre menneske, og jobbe med rettferd, miljø, berekraftig utvikling og liknande.
For dei idealistiske jentene som også gikk på programområdet Realfag i vidaregåande skule, var det typisk at dei gjerne ville studere medisin.
Til desse jentene blir det viktig å få fram alle dei andre moglegheitene dei har for å jobbe for slike idealistiske mål i naturvitskap, teknologi og matematikk: Geologar sikrar rasutsette vegar på Vestlandet, dei forskar på lagring av CO2 og dei studerer klimaendringane.
Fysikarar og ingeniørar betrar produksjonen av fornybar energi og dei utviklar nye måtar å strålebehandle kreft på. Realistar jobbar både for og med andre menneske, i motsetnad til stereotypien nemnt over. Teknologi blir utvikla i samarbeid mellom ingeniørar, forskarar og industri, og ny realfagleg kunnskap blir oftast skapt av store forskargrupper.
Hjelp jenter å sjå seg sjølve i realfaga
Jenter er underrepresentert i mange av realfaga. Det finns dessutan framleis nokon som meiner at jenter generelt er dårlegare egna enn gutar til å jobbe i naturvitskap, teknologi og matematikk. Dette kan vere grunnar som gjer det ekstra krevande for unge jenter å sjå seg sjølve som framtidige realistar.
Da kan det hjelpe å diskutere ulike yrkesmoglegheiter som handlar om ting dei enkelte er opptekne av (om det er idealisme, bioteknologi eller romfart), og utfordre eventuelle stereotypiske idear om kva som passar for kven.
Kanskje kan dei ta ein titt på www.rollemodell.no, der fleire hundre realistar av begge kjønn fortel om kven dei er og kva dei jobbar med? Vi trur at fleire jenter kan få lyst til å velje naturvitskap, teknologi og matematikk viss dei:
- blir kjent med fleire ulike yrkesmoglegheiter i faga
- får styrka trua på at dei kan få det til
- får hjelp til å utfordre stereotypiane
- klarar å sjå seg sjølve og sine hjartesaker i realfaga