Firdamodellen – livsmeistring og karriereknappar

Article tema
Firdamodellen – livsmeistring og karriereknappar

På Firda vidaregåande skule er både lærarar og elevar engasjert i karrierekompetanse. Les meir om korleis dei har jobba for å få hele skulen med på laget!

I eit og eit halvt år har skulen vår jobba med det vi kallar «Firdamodellen», som i utgangspunktet var koplinga mellom karrierekompetanse i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning og livsmeistringstematikken i fagfornyinga. No har «Firdamodellen» blitt noko meir enn det.  

Fagfornyinga og karriereknappane

I fagfornyinga kommer det frem at skulane skal jobbe med livsmeistring som eit tverrfagleg tema i alle fag. Samtidig som leiinga på skulen vår fekk fagfornyinga i hendene, og lurte på korleis dei skulle implementere denne inn i skulekvardagen vår, blei eg kjent med kvalitetsrammeverket sine karriereknappar og var rimeleg gira på å ta dei i bruk. I lag såg eg og leiinga t karriereknappane kunne vere eit formålstenleg verktøy når vi jobba med livsmeistringstematikken.

«Livsmestring dreier seg om å forstå og kunne påvirke faktorer som har betydning for mestring av eget liv» (Utdanningsdirektoratet, 2020). Til dømes handlar karriereknappen Meg i kontekst om å bli kjent med seg sjølv og identifisere ulike forhold som påverkar ein, og er difor eit godt utgangspunkt til å jobbe med livsmeistringstematikken. Dei andre karriereknappane er like gode å bruke som felles språk for å adressere utfordringar og spenningar vi møter i liva våre. Vi såg altså fort at karriereknappane kunne gje oss eit felles omgrepsapparat som kunne hjelpe oss å ramme inn arbeidet vårt knytt til fagfornyinga sitt tema folkehelse og livsmeistring.  

Etter kvart har både eg, lærarar og leiing sett at karriereknappane like gjerne kan nyttast inn mot dei to andre tverrfaglege temaa; demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling, samt inn i kompetansemål i fag. Det var til dømes ein lærar som tok initiativ til å lage det første undervisningsopplegget knytt til det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling i fagfornyinga. Læraren kom til meg som rådgjevar med eit ferdig opplegg, og lurte på kva eg tenkte om undervisningsopplegget ho hadde laga der ho brukte meg i kontekst karriereknappen og når elevane skulle reflektere kring nedgangen i bie- bestanden i verda. Eg var sjølvsagt positiv!

I tillegg har altså karriereknappane blitt eit felles språk for dei tilsette på skulen vår. Leiinga på skulen tek også karriereknappane i bruk når vi til dømes jobbar med profesjonsutvikling på skulen vår. Vi har heilt klart kome eit stykke på veg i arbeidet med å nærme oss forskrifta i opplæringslova, som seier at skulen har ei plikt til internt samarbeid knytt til utdannings- og yrkesrådgjevinga- og at karriererettleiinga på skulen skal vere heile skulen sitt arbeid.

I forskingsrapporten Rådgiverrollen, mellom tidstyv og grunnleggende ferdighetkjem det fram at ein del rådgjevarar føler seg einsame i arbeidet med karriererettleiinga på skulen sin. Det er difor verdt å reflektere litt kring kvifor dette prosjektet har fått så mykje vind i segla på skulen vår.  

Livsmeistringsprogrammet

Omtrent kvar tredje veke samlar vi Vg1-elevane våre til eit felles program som vi kallar livsmeistringsprogrammet. Her kjem kanskje «Firdamodellen» til syne i si klaraste form. I denne økta møter elevane ulike perspektiv knytt til karriere og livsmeistring. Ei av øktene har temaet «handtere overgangar» på agendaen. Då rammer eg inn økta med karriereknappen Endring –  Stabilitet. Den som leiar økta startar gjerne med å fortelje om sjølve karriereknappen.

Kvifor har Kompetanse Noreg valt ut at nettopp Endring – Stabilitet som  noko unge og vaksne bør reflektere kring? Så fortel vi kort om teoretiske perspektiv som seier noko om kvifor dette kan vere viktig. Deretter jobbar elevane med praktiske oppgåver. Til dømes reflektere dei kring kva endringar dei sjølve var urolege for knytt til overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande skule; ei endring og ein overgang dei nettopp har gått stått i.  

I neste økt i livsmeistringsprogrammet kan temaet være knytt til ein annan karriereknapp. Ein av mine absolutte favorittaktivitetar knytt til karriere og livsmeistring er «Liveshowet» vårt. Då rammar vi inn økta i karriereknappen Val –  Tilfeldigheiter, og kjem med teoretiske perspektiv som seier noko om denne karriereknappen.

Vi samlar heile Vg1-trinnet i kultursalen vår, og køyrer eit opplegg inspirert frå amerikanske talkshow med liveband og god stemning, men der temaet er karriere og livsmeistring. Denne reisa i livet vi alle går igjennom. Talkshowverten fortel om artige og mindre artige episodar i livet sitt, der det har blitt tatt gode og dårlege val. Ikkje minst set vi lys på tilfeldigheitene som har ramma talkshowverten opp gjennom livet, og som har endra kursen ei retning ein kanskje ikkje såg for seg. Så har vi gjester i talkshowet. Dette er lærarar på skulen for fortel sine små forteljingar om val og tilfeldigheiter som har møtt dei i liva deira, og vi får fram perspektivet om at reisa sjeldan er den strake E6-vegen mange ser for seg, men at dette er heilt normalt og ikkje noko å uroe seg for.  

Andre økter i livsmeistringsprogrammet kan vere studieteknikk, ungdom og psykisk helse eller besøk av representantar frå det lokale nærlingslivet. Felles for øktene er at dei er ramma inn i ein av karriereknappane, og at vi nyttar dei som omgrepsapparat når vi nærmar oss dei ulike temaa.  

Firda vidaregåande skule.
Firda vidaregåande skule. Foto: Geir Skagen

Kvifor engasjerer Firdamodellen?

Det er fleire faktorar som spelar inn på kvifor dette prosjektet har fått god oppslutning på vår skule. For det første er vi ein skule som har 100 år bak oss som hybelskule. Hundreårsjubileum skal feirast i 2022! Det å vere ein hybelskule medfører at ein må legge til rette for seksti til åtti 16-åringar som årleg skal flytte heimanfrå, og meistre både skule og hybelliv heilt sjølv – for første gong i livet. Vi har difor lange og gamle tradisjonar med å tenke heile menneske når vi driv med skule.

Då fagfornyinga kom i 2020 med livsmeistring som eit tverrfagleg tema i skulen, var dette noko vi allereie hadde jobba med over fleire år, utan at vi nødvendigvis nytte sjølve livsmeistringsomgrepet i dette arbeidet. Elevperspektivet på skulen vår var eit viktig fundament som vi bygga vidare på, og skulen vår har hatt slagordet «Firda – meir enn ein skule» i 30 år. I 2017 vann Firda vidaregåande skule Dronning Sonja sin skulepris for likeverd og inkludering.  Juryen la vekt på «..gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane». (Utdanningsdirektoratet, 2017). Kulturen vår med å sjå heile eleven, kan vere ein av grunnane til at dette prosjektet har fått så gode levekår og blitt teke så godt imot av lærarkollegaer og leiing.  

Nasjonalt kvalitetsrammeverk og ordpara

Ein anna faktor som kan ha spelt ei rolle i at Firdamodellen har fått så gode levekår hjå oss, er kanskje tidspunktet for lanseringa av kvalitetsrammeverket. Akkurat i det leiinga på skulen vår hadde fått fagfornyinga i fanget, og grubla over korleis dei skulle implementere livsmeistring som tverrfagleg tema i alle fag, kom kvalitetsrammeverket med ordpara sine. Karriereknappane prata vel eigentleg til oss frå dag ein. Det var lett å sjå at ordpara er anvendelege inn i livsmeistringstematikken, samtidig som spenningane mellom ordpara er finurlege nok til at lærarane våre vart tilstrekkeleg nysgjerrige på å finne ut korleis dei kunne nyttast inn i fag- og kompetansemål.

Eg har lese fleire land sine rammeverk – og opplever at kvalitetsrammeverket sin variant med karriereknappane som område for utforsking knytt til elevane våre er eit meisterverk. Så karriereknappane i seg sjølve, skal ha sin del av æra for at Firdamodellen har slått såpass ann på skulen vår.       

Avklare karriereomgrepet

Ein anna faktor, som kan ha spelt ei rolle, var at eg som rådgjevar tidlegare hadde jobba med å implementere den britiske DOTS-modellen i undervisningsarbeidet vårt. Då fekk eg eit par erfaringar som var gode å ta med seg når vi skulle implementere karriereknappane i arbeidskvardagen til lærarkollegiet vårt.

Den kanskje viktigaste erfaringa var forståinga kollegiet mitt hadde kring omgrepet karriere. Karriereomgrepet vert ofte assosiert med konkurransen om dei høge posisjonane i samfunnet. At nokon vinn og andre taper, og at karriere er noko som berre dei som skal skaffe seg ein leiarposisjon i ei bedrift treng å tenke på. Eg las overskrifta på ein kronikk ein gong, der stod det «Alle lærarar er sosialistar». Heilt sikkert ei sanning med modifikasjonar, men eg har ei kjensle av at lærarar flest ikkje har valt yrkesretning fordi dei lever og andar for å produsere menn i dress og slips. Dei fleste lærarar har nok valt yrkesvegen på grunn av at dei ynskjer å jobbe med unge menneske, lære dei noko og hjelpe desse ungdommane med reisa si i livet.

Det å vise kollegaene mine at karriere handlar nettopp om dette, trur eg var heilt sentralt for å få aktivere kollegiet i det vi kallar Firdamodellen. Professor Tristram Hooley seier noko slikt; Karriere er korleis vi får betalt husleiga, men også korleis vi finn meining i liva våre og skapar relasjonar til andre. Akkurat det trur eg ein gjeng lærarar som jobbar med å byggje heile mennesket finn meiningsfullt!

Litteraturliste

Bostad, Inga (2015, 28.november). Dronning Sonjas skulepris 2017 – juryens grunngjeving. Udir.no. https://www.udir.no/globalassets/filer/laringsmiljo/dronning-sonjas-skolepris/jury.begrunnelse-2017.pdf

Kompetanse Norge. (2020). Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning- Faglig forslag til områdene etikk, karrierekompetanse og kompetansestandarder. Hentet fra https://www.kompetansenorge.no/globalassets/karriere/rapport-nasjonalt-kvalitetsrammeverk-for-karriereveiledning.pdf

Mordal, S.Buland,t.og Mathiesen,I.H (2015). Rådgiverrollen- mellom tidstyv og grunnleggende ferdighet.(SINTEF A26556). URL https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2432675/Endelig%2brapport%2br%25C3%25A5dgiverrollen%2bUDF.pdf?sequence=2&isAllowed=y

Utdanningsdirektoratet. (2020). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Hentet frå https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/tverrfaglige-temaer/folkehelse-og-livsmestring/

Bilde
To elever og en lærer ser på storskjerm.
Bildetekst
Lærer Kristin Lyslo nyttar karriereknappene opp mot kompetansemål i faget naturfag. Foto: Jørund L. Walseth

Tverrfaglege temaer

Skulen skal legge til rette for læring innanfor dei tre tverrfaglege temaene folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling.

Elevane utviklar kompetanse knytt til dei tverrfaglege temaene gjennom arbeid med problemstillingar frå ulike fag. Elevane skal få innsikt i utfordringar og dilemma innanfor temaene. Dei skal forstå korleis vi gjennom kunnskap og samarbeid kan finne løysningar, og dei skal lære om samanhengar mellom handlingar og konsekvensar.

Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skolen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir moglegheiter til å ta ansvarlege livsval.  

Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skolen skal gi elevane kunnskap om demokratiets forutsetningar, verdiar og spilleregler, og gjere dem i stand til å delta i demokratiske prosesser.

Bærekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skolen skal legge til rette for at elevane kan forstå grunnleggande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet, og korleis dei kan handteres.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Karriereknappene

I kjernen av modellen Karrierelæring i kontekst ligger de fem ordpara som utgjer områdane for utforsking og læring – karriereknappane.  

Disse gjer det mogleg å utforske spenningar og dilemma som kan være til stede når ein vegsøker skal handtere liv læring og arbeid i forandring og overgangar.  Det å utforske ordpara og finne ut kva for betydning dei ulike tema kan ha for å handtere overgangar, kan legge til rette for ein open, men likevel strukturert måte å jobbe med karrierelæring på.

Meg i kontekst tar utgangspunkt i at menneske er i ein samanheng hele tiden.

Endring og stabilitet handlar om å utforske krav om og behov for endring, sett opp mot ønske om stabilitet.

Tilpassing og motstand setter søkelys på det å balansere tilpassing og motstand i utdanning og arbeid.

Val og tilfeldigheiter handlar om å sjå og analysere korleis livet utviklar seg i møtet mellom val og tilfeldigheiter som oppstår.

Moglegheiter og avgrensingar handlar om å undersøke moglegheiter og avgrensingar, og sjå korleis disse kan innverke på val og handlingar.