Val og tilfeldigheit: Tett på - rett på!

Article tema
Val og tilfeldigheit: Tett på - rett på!

Veilederforum.no set fokus på karriereknappane. Under knappen Val og tilfeldigheit reflekterer Turid Oddny Mølmesdal over kva val studie- og karriererettleiingstenesta har tatt for å møte studentane og styrke valkompetansen deira, og ikkje minst kva styrke det er i å ha eit tett tverrfagleg samarbeid.

I denne artikkelen vil eg ta dykk med inn i Sogndals-modellen. Sogndals-modellen betyr å ha ting på eigen kjøl.  I Studie- og karriererettleiinga på campus Sogndal, ein middels stor campus, ønsker vi å vere tett på studenten. Vi har opne dørar. Vi skal ha ei viktig og avgjerande rolle ved studiestart, undervegs i studiet og syte for at studentane er trygge på kompetansen sin når dei har fått graden sin.

Som studie- og karriererettleiar ved campus Sogndal har eg ansvar for å koordinere teamet i studie- og karriererettleiingstenesta. Over 30 år tett på studentane har gitt meg erfaring og innsikt i både val og tilfeldigheiter knytt opp til studie- og karriererettleiing. Vi prøver å dyrke og styrke det vi er gode på og utnytte små-campus-fordelane; som å vere tett på studentane. Dette har vi jobba systematisk med over fleire tiår.

For studentane i Sogndal er det campus Sogndal som er kvardagen. Det er her dei får vener, det er her dei lever, det er her dei tek vala sine. Vi skal syte for å vere med i alle ledd; frå studiestart til jobbsøking.

Vi møter studentar som står i ulike overgangsfasar. Dei skal handtere val og valprosessar både når det gjeld val av utdanning, val undervegs i utdanninga og val av yrke. Utfordringa kan ofte vere å finne måtar å handtere tilfeldigheiter på, og tilpasse handlingar og val slik at tilfeldigheitene blir konstruktive. Det er viktig at vi set studentane våre i stand til å takle usikkerheit og sjå fordelane i det at endring vil skje, slik John Krumboltz er oppteken av i The Happenstance Learning Theory.

Ambisjonen vår er å skape ein trygg tilvære nettopp for å ta gode val. Får vi dette til?

Teamet som skal trygge studentane til å ta gode val

Vi er ein dedikert gjeng med grunnleggande respekt for kvar einskild student. Motivasjonen hjå kvar og ein av oss er eit ønske om å kunne gjere ein forskjell i desse møta med studentane våre.

Vi har nokre fellestrekk, elles er vi ganske så spennande ulike! Ingen av oss som jobbar her har søkt og blitt tilsett i full stilling som studie- og karriererettleiar. Studie- og karriererettleiing er berre ein del av jobben.  Vi har alle brei erfaring og høg kompetanse. I den fargerike paletten vår har vi folk med til dømes erfaring som jobbkonsulent i Fretex og frå attføringsbedrifter, vi har lærarar, og vi har sosialantropologar og sivilagronomar.

Vi kjenner høgskulen og regionen godt. Mange av oss har budd og jobba her i ulike jobbar lenge. Vi er tett kobla opp mot fagmiljøet og har ei tverrfagleg tilnærming til tenesta vår.

 Eit tverrfagleg tilbod til alle dei nye studentane

«Eg har valt feil utdanning, men eg har ikkje sagt det til nokon endå. Anar ikkje kva eg skal gjere…aller helst vil eg kjøpe meg ein hest og ri.»

Akkurat slik startar eg presentasjonen min på «God start» kvar haust for alle dei nye studentane på campus Sogndal. Replikken framkallar latter frå salen. Det er lett å tenkje; tenk å vere den som har valt så feil! Kunne dette skjedd meg? Vi veit at situasjonen av og til kan vere akkurat slik.

«God start» er eit tverrfagleg tilbod til alle dei nye studentane ved studiestart, og er eit tett samarbeid mellom Studie- og karriererettleiinga, Saman, studentprest og helsesøster. Studentane får presentert alle tenestene på eitt brett. Dei får eit ansikt heilt frå starten; kven er vi og kva gjer vi.

Vi veit at nokon vil vere utrygge på om dei har valt rett utdanning. Vi veit at nokon treng tilrettelegging, og vi veit at nokon vil streve med studieteknikk eller studiemeistring. Nokon vil streve såpass at dei treng å snakke med ein studentrådgjevar eller ein psykolog. Vi vil at dei skal vite og sjå at vi er tett på, at vi samarbeider og at det er kort veg mellom oss.

Fleire ressursar undervegs i studietida

Eg trur at verdien av å stå der samla på podiet i konferansesalen på Quality Hotel Sogndal er stor. Vi står der samla, vel vitande om at det vi seier i dag kanskje ikkje verker viktig akkurat i dag. Men også vel vitande om at det er viktig å ha det sagt i dag, i forkant og i god tid før utfordringar dukkar opp.

Hensikten er å gje studentane ein trygg start og å vise at vi er fleire ressursar som dei kan kontakte for å få hjelp og støtte undervegs i studietida. Det vil bli spennande, men også utfordrande: Korleis skal du vite at det du har valt er rett? Er det ein fasit? Nei, sjeldan. Det er berre du som veit kva du vil, som må ta vala, men vi kan hjelpe deg å komme dit.

«Valet er ditt, vi møter deg i samtalen»

Så sit vi der i november med han som lurer på om han har valt feil utdanning, med ho som droppar innom for å få hjelp med eksamensangsten, eller med han som har behov for informasjon om korleis dette semesteret kan passe i ein bachelorgrad, sjølv om han starta i feil ende. Vi sit der med han som har lyst å gje opp alt, og som ikkje ser ei løysning på eigen situasjon. Vi sit der med ho som strevar med studieteknikken og har mista motivasjonen eller han som treng hjelp til jobbsøknad og cv.

Det handlar om å bli høyrt, det handlar om å bli trygg og å sjå moglegheiter. Vår teneste kan ikkje gi løysninga eller svar på alle spørsmål, men vi kan gi eit rom å reflektere i.

«Heilt sidan studiestart hatt eg hatt ei dårleg kjensle… er dette er rett for meg? Trivest bra med det sosiale og det som skjer utanom skulen. Men føler ikkje dette studiet passar meg, så eg vurderer å slutte.»

Studentane kjem med ganske så samansette problemstillingar når dei bestiller samtalar eller kjem på drop-in. Å møte studentar til samtale krev både god kjennskap til utdanningane våre og rettleiingskompetanse.  Slik vi har organisert oss på campus Sogndal jobbar vi breitt. Vi prøver å sjå heile mennesket.

Samtalen med studenten kan gjerne starte med eit fagleg spørsmål, men undervegs dukkar ofte andre tema opp. For oss er det viktig at vi har greidd å bygge ein arena der studentane veit at det er i orden å stille dei vanskelege spørsmåla, det er i orden å komme innom på drop-in eller bestille ein samtale. Vi har tid, vi er her saman, vi er her for å legge til rette for ein trygg studiekvardag. Vi har også ambisjonen om at vi skal trygge studentane i overgangen frå student til arbeidsliv.

Jobbsøkjarkurs på eigen kjøl

«Du er ikkje berre eit vitnemål». Dette er introen til Studie- og karriererettleiinga sine mange jobbsøkjarkurs for studentane våre. I tillegg til desse kursa deltek vi med skreddarsydde kurs på karrieredagar i regi av fakultet og institutt både på campus Sogndal og campus Førde.

Vi har systematisk og over tid etablert gode, tverrfaglege og inspirerande samarbeidsmodellar med fakultet, institutt, bibliotek og med ulike campus.

I Sogndals-modellen har vi gjort eit bevisst val på at vi vil ha jobbsøkjarkursa på eigen kjøl. Kvifor er no det så viktig då, at vi gjer dette på eigen kjøl? Jau, fordi vi har kompetansen i eigne rekker, vi kjenner utdanningane våre, vi er tett på studentane og vi er tett på fagmiljøet. Det gjer kursa ekstra relevante for studentane våre og viktig når vi rettleiar på jobbsøknad og cv.

Jobbsøkjarkursa inneheld jobbsøkjarprosessen frå a til å med gjennomgang av jobbsøknad, cv og intervju. Ein viktig del av kurset handlar om kompetansekartlegging; kva er dine personlege eigenskapar, erfaring og praksis, den generelle akademiske kompetansen, fagkunnskapen og spisskompetansen din. Studentane våre skal vere trygge på å kunne formidle heile kompetansen; summen av alt. Og vi skal ruste og førebu dei til å sjå moglegheiter i tilfeldigheitene; vegen blir til mens du går.

Refleksjonar til inspirasjon

Får vi til å leve opp til mottoet; sjå hele mennesket? Lukkast vi å skape ein trygg tilvære for å ta gode val? Vi meiner det, men om vi når dette målet med alle studentane våre kan vi ikkje vere sikre på. Det vi er sikre på, er at vi jobbar målbevisst og har rigga oss godt for å bruke den samla kompetansen vår og styrke samarbeidet med andre.

Kanskje Sogndals-modellen kan gi nyttige innspel i utviklinga av kvalitet i karriererettleiingstenesta for studentar uavhengig av størrelse på campus? Vi håpar det.

Det handlar om på kva måte karriererettleiinga har ein plass i studierettleiinga og vice versa. Og det handlar om å bruke dei ressursane vi har og ikkje minst kva styrke det er i å ha eit tett tverrfagleg samarbeid til beste for studenten. Målet er i alle fall å best mogeleg leve opp til dette sitatet frå ein student: «De gjer ein fantastisk innsats for at me studentar skal finne ut kva retning me ynskjer å ta her i livet».

Gjesteredaktør Ingunn Schumacher Carling bearbeider og redigerer tekstene

Litteratur:

Mitchell, K. E., Levin, A. S., & Krumboltz, J. D. (Sept 1999).  Planned Happenstance:  Constructing Unexpected Career Opportunities, in Journal of Counseling and Development

Bilde
Bilde viser studenter som sitter i ring på en gressplen og prater og ler
Bildetekst
Glade studenter i vakkert miljø på Campus Sogndal. Foto: HVL/Falkeblikk

Karriereknappane

Karriereknappane består av fem ordpar for utforsking og læring:

  1. Meg i kontekst
  2. Endring og stabilitet
  3. Tilpassing og motstand
  4. Val og tilfeldigheit
  5. Moglegheiter og begrensingar

I ein serie artiklar vil fem karriererettleiarar frå ulike sektorar reflektere og vise frå praksisen sin korleis dei ulike ordpara gjer det mogleg å utforske spenningar og dilemma som kan oppstå når ein vegsøkar skal handtere liv, læring og arbeid i overgangsfasar.

Campus Sogndal:

  • Studie- og karriererettleiinga har vore i drift sidan innflytting i nytt Høgskulebygg i Sogndal 2012
  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) etablert 01.01.2017 etter fusjon mellom Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund
  • HVL er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar
  • Uteksaminerer 4.500 kandidatar kvart år
  • Campus Sogndal har i underkant av 3000 studentar
  • Studie- og karriererettleiinga ligg midt i hjarte av Campus, vegg i vegg med Servicetorget
  • Kvart fakultet har sine eigne studierettleiarar og er ein del av teamet
  • Rådgjevarar frå Avdeling for utdanningskvalitet og studierettleiarane bemannar etter turnus
  • Drop-in tre dagar i veka
  • Bestilte samtalar via nettsida vår
  • Tett samarbeid med studentrådgjevar i Saman - Studentsamskipnaden på Vestlandet