Programmet til Nasjonal karriererettleiingskonferanse er no klart

Article tema
Programmet til Nasjonal karriererettleiingskonferanse er no klart

Lurer du på kven som står på scenen på Nasjonal karriererettleiingskonferanse 6.–7. november? Programmet er no klart!

Nasjonal karriererettleiingskonferanse bringar både praktikarar, leiarar og andre som jobbar med feltet, saman, og gir påfyll til arbeidet med å utvikle tenestene vidare. Konferansen tar utgangspunkt i FNs bærekraftsmål og vil først og fremst sjå på kva for rolle karriererettleiing kan spille i arbeidet med å nå desse måla:

  • Mål 1: Utrydde fattigdom
  • Mål 3: God helse og livskvalitet
  • Mål 4: God utdanning
  • Mål 5: Likestilling mellom kjønna
  • Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Mål 10: Mindre ulikskap

I kva grad karriererettleiingstenestene er medvitne om bidraget sitt til desse måla, vil vere eitt av spørsmåla konferansen søkjer å svare på. I forlenginga av dette er spørsmålet: Korleis kan praktikarar, leiarar og dei som arbeider på systemnivå, synleggjere det gode arbeidet som allereie blir gjort både i rettleiingsmøta og på overordna nivå, og løfte blikket for å sjå endå fleire moglegheiter og innsatsområde? For at vi skal kunne nå berekraftsmåla innan 2030, er tilgang til karriererettleiing av høg kvalitet viktigare enn nokosinne.

Karriererettleiing og livskvalitet

Konferansen blir opna av Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), og held fram med eit foredrag om karriererettleiing og berekraftsmåla av professor Pete Robertson. Her vil Robertson presentere berekraftsmåla og utforske relevansen av dei for karriererettleiing, gjennom å bruke livskvalitet som eksempel. Han vil også vise ulike måtar karriererettleiarar kan jobbe på for å inkludere berekraftsmåla i deira eigen praksis.

Robertson vil òg trekke dei lange linjene, og sjå på korleis berekraftsmåla relaterer seg til anna politikkutvikling på karriererettleiingsfeltet, og korleis ein kan sjå dei som ei vidareføring av mellom anna OECD-rapporten om karriererettleiing. Robertson vil òg peike på korleis karriererettleiing kan bli synleggjord som eit viktig verkemiddel for å nå berekraftsmåla. Det vil bli god tid til refleksjon rundt borda. Innleiinga på konferansen vil bli følgd opp med ein panelsamtale leidd av førsteamanuensis Ingrid Bårdsdatter Bakke, der   Sveinung Skule, Pete Robertson Sonja Skinnarland frå Nav og Kristine Winjevoll frå Innlandet fylkeskommune deltar.

Det neste temaet på konferansen er livskvalitet, og vi får besøk av både Elisabeth Rønning frå SSB, som presenterer nasjonal statistikk for livskvalitet, og lykkeforskaren Ragnhild Bang Nes frå Folkehelseinstituttet, som fortel om kva som skapar gode liv og korleis vi kan leggje til rette for det på individ- og samfunnsnivå. I tillegg får vi presentert ulike eksempel fra karriererettleiarar som reflekterer rundt spørsmålet korleis karriererettleiing bidrar til å auke vegsøkarane sin livskvalitet.

– Berekraftsmåla dekker mange viktige samfunnsspørsmål og livsområde, og vi ønsker å trekkje opp dei store linjene før vi dukkar ned i einskiltmål. Gjennom å starte med å sjå på livskvalitet ønsker vi å ramme inn dei andre måla som vert tematiserte på konferansen. Dei måla vi har valt å ta tak i, har alle noko å fortelje oss om verdien av god karriererettleiing, seier avdelingsleiar i HK-dir, Ingjerd Espolin Gaarder.

Bilde av Ingjerd E. Gaarder.
Avdelingsleiar i HK-dir, Ingjerd Espolin Gaarder. Foto: Mari Thorbjørnsrud

Den første dagen blir avslutta med å adressere berekraftsmål 5: Likestilling mellom kjønna, med forskar Sara Seehus frå Core – Senter for likestillingsforsking.  Det vil òg bli tid til diskusjonar blant deltakarane.

HK-dir og berekraftsmåla

På dag to vil vi først sjå på korleis HK-dir arbeider med karriererettleiing i tilknyting til berekraftsmåla, mellom anna berekraftsmålet om god utdanning. Avdelingsleiar Mona Mathisen held eit innlegg om Utdanning.no og berekraft. Vi får høyre om nye tenester på Utdanning.no, og om kva for utfordringar og moglegheiter som ligg i å merke ei utdanning eller ein jobb som grøn. Det blir òg innhenting av innspel frå deltakarane på konferansen.

Karriereveiledning.no kjem òg for å fortelje om korleis dei har jobba med berekraftsmåla, og kva for dilemma karriererettleiarar møter når dei skal ta omsyn til berekraftsmåla, og videre kva for spørsmål vegsøkarane stiller når det gjeld berekraft.

Anstendig arbeid og økonomisk vekst

Tor Andreas Bremnes, dagleg leiar i InClue, Norges Handikapforbunds rekrutterings- og kompetanseselskap, vil reflektere rundt kva som skal til for å nå delmål 8.5 innan 2030: «Oppnå full og produktiv sysselsetting og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik lønn for likt arbeid.» Deretter vil NHH-forskar Sveinung Jørgensen, forfattar av boken Restart. 7 veier til bærekraftig business, og programleiar i podkasten Bærekraftseventyr med Jørgensen og Pedersen, snakke om samanhengen mellom økonomisk vekst og berekraft.

Professor Rie Thomsen avsluttar konferansen med temaet sosial rettferd og berekraftsmåla. Ho vil introdusere ei tilnærming til sosial rettferd i rettleiing som ho har utvikla saman med professor Tristram Hooley og professor Ronald Sultana. Opplegget formidlar også, korleis norske karriererettleiere jobbar med sosial rettferd i praksis og dei utfordringar og dilemma som knytt seg til dette arbeidet.

Profilbilde av (fra venstre) Sveinung Skule, Pete Robertson, Ingrid Bårdsdatter Bakke, Kristine Winjevoll, Sara Seehus, Sveinung Jørgensen, Tor Andreas Bremnes og Rie Thomsen.
På konferansen møter du blant anna (fra venstre) Sveinung Skule, Pete Robertson, Ingrid Bårdsdatter Bakke, Kristine Winjevoll, Sara Seehus, Sveinung Jørgensen, Tor Andreas Bremnes og Rie Thomsen.

– Vi ønsker at konferansen skal vere ei god blanding av foredrag om overordna spørsmål og perspektiv, og innlegg og diskusjonar om korleis berekraft er relevant i arbeidet til den einskilde karriererettleiaren, seier Espolin Gaarder, og held fram: – Vi gler oss til å lære meir og reflektere saman over korleis vi som jobbar med karriererettleiing på ulike nivå, kan bidra til at vi som samfunn når berekraftsmåla.

Konferansen blir arrangert på Scandic Oslo Airport Gardermoen 6.–7. november. Det vil vere mogleg å delta både fysisk og digitalt.

Sjå programmet og meld deg på.

Bilde
Striper i fargene til bærekraftsmålene