Velkommen til Nasjonal karriererettleiingskonferanse

Article tema
Velkommen til Nasjonal karriererettleiingskonferanse

Påmeldinga til Nasjonal karriererettleiingskonferanse er open! Konferansen blir arrangert på Scandic Oslo Airport Gardermoen 6.–7. november. Det vil vere mogleg å delta både fysisk og digitalt.

Kva rolle kan karriererettleiingstenestene spille i det globale arbeidet med å nå FN sine berekraftsmål? Har måla noko å tilføre utviklinga av karriererettleiingstenestene? Og kva dilemma oppstår om karriererettleiing skal bidra i å nå berekraftsmåla, samtidig som rettleiarane ikkje skal styre vegsøkjarane mot eit spesifikt utdanningsval?

Berekraftsmåla er ikkje noko ein blir ferdig med ein gong for alle, det er eit kontinuerleg arbeid som krev engasjement og innsats frå alle delar av organisasjonen.

Nasjonal karriererettleiingskonferanse bringar både praktikarar, leiarar og andre som jobbar med feltet, saman, og gir påfyll til arbeidet med å vidareutvikle tenestene.

 –  Vi gleder oss til å arrangere Nasjonal karriererettleiingskonferanse for fjerde gang, og til å møte representantar frå alle delane av feltet igjen, seier avdelingsleiar i HK-dir, Ingjerd E. Gaarder. – Eg har tru på at berekraft er eit tema som opptar mange, og vi ser fram til å løfte det gjennom lærerike foredrag, faglege samtalar og erfaringsdeling, og håper at konferansen vil inspirere fagmiljøet.

Bilde av Ingjerd Gaarder.
Avdelingsdirektør Ingjerd E. Gaarder i HK-dir ser frem til Nasjonal karriereveiledningskonferanse. Foto: Mari Thorbjørnsrud

Tema for konferansen

Mykje av arbeidet som blir gjort i karriererettleiingsfeltet, støttar oppunder fleire av FN sine berekraftsmål. Karriererettleiing har mellom anna ei viktig rolle å spille i arbeidet med desse måla:

  • Mål 1: Utrydde fattigdom
  • Mål 3: God helse og livskvalitet
  • Mål 4: God utdanning
  • Mål 5: Likestilling mellom kjønna
  • Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Mål 10: Mindre ulikskap

I kva grad karriererettleiingstenestene er bevisst bidraget sitt til desse måla, vil vere eit av spørsmåla konferansen søkjer å svare på. Og i forlenginga: Korleis kan praktikarar, leiarar og dei som arbeider på systemnivå, synleggjere det gode arbeidet som allereie blir gjort både i rettleiingsmøte og på overordna nivå, og løfte blikket for å sjå enda fleire moglegheiter og innsatsområde? For å nå berekraftsmåla innan 2030 er tilgang til karriererettleiing av høg kvalitet viktigare enn nokosinne.

Kva dei utvalde berekraftsmåla inneber, og korleis dei kan bidra til karriererettleiingsteneste av høg kvalitet, vil bli kasta lys over på ulike vis gjennom faglege foredrag, inspirerande debattar og erfaringsdeling med kollegaer frå ulike sektorar.

Les meir om konferansen og meld deg på.

Berekraft på Veilederforum.no

FN sine berekraftsmål vil også være eit tema på Veilederforum.no i år, gjennom fem artiklar som ein av årets gjesteredaktørar, professor Peter Robertson ved Edinburgh Napier University, har ansvar for. Artiklane vil mellom anna handle om berekraft, likeverd og karriere, karriererettleiing og mental helse, utdanningsmoglegheiter for grøne karrierar og anstendig arbeid.

– FN sine berekraftsmål slår fast kva samfunn – og ansvarlege myndigheiter – bør jobbe mot. Over heile verda må karriererettleiingstenestene tenkje over korleis arbeidet deira heng saman med dette prosjektet, seier professor Peter Robertson.  – Vi må utforske korleis vi kan bidra til å oppfylle løftet som ligg i desse ambisiøse FN-måla, og det inneber ei moglegheit til å reflektere over vår eigen praksis.

Bilde av professor Pete Robertson.
Professor Pete Robertson er en av Veilederforum.no sine to gjesteredaktører i 2023.
Bilde
Bilde av striper i fargene til bærekraftsmålene.