Gode grep i karriererettleiinga for nykomne flyktningar

Article tema
Gode grep i karriererettleiinga for nykomne flyktningar

Forskarar frå Fafo har utarbeidd forslag til seks gode grep som kan forbetre karriererettleiinga for nykomne flyktningar. Dei seks grepa er mellom anna basert på innspel frå programrådgivarar i kommunane og tilsette i karrieresentra.

Oppdragsgivar er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Målgruppa er nykomne flyktningar som har både rett og plikt til karriereveiledning. Ukrainske flyktningar med midlertidig beskyttelse har rett, men ikkje plikt til karriereveiledning, og er derfor ikkje ein del av denne målgruppa.

Forslaga Fafo-forskarane har utarbeidd, baserer seg mellom anna på ein Fafo-rapport publisert i fjor. Rapporten, som var laga på oppdrag av HK-dir, undersøkte korleis den obligatoriske karriererettleiinga av nykomne flyktningar fungerer. I etterkant henta forskarane innspel frå kommunar (programrådgivarar) og fylkeskommunar (karrieresentre) om kva dei sjølve meinte var gode tiltak og løysingar.

Dei seks grepa

Ut frå dette foreslår forskarane seks grep:

  • Grep 1: Etablere faste møteplasser og kontaktflater som bringer saman relevante aktørar frå både karrieresentre og kommunar
  • Grep 2: Bruke moglegheiter for å utsetje den obligatoriske karriererettleiinga ved behov
  • Grep 3: Formidle informasjonspakker til vegsøkjarar i forkant av rettleiinga
  • Grep 4: Rutinemessig overføre informasjon om vegsøkjar til karriererettleiar
  • Grep 5: Ha to rettleiingsmøte med kvar deltakar
  • Grep 6: Heve kvaliteten på rettleiingsnotatet

Møteplassar og kontaktflater

Grep 1 knyter seg til kommunikasjonen mellom kommunar (programrådgivarar) og fylkeskommunar (karrieresentre). Programrådgivarar og karriererettleiarane ved karrieresentra har kvar si rolle. Programrådgivaren har ansvar for å følgje opp flyktingen si deltaking i introduksjonsprogrammet. Karriererettleiaren sitt ansvar er å gjennomføre karriererettleiinga innanfor ramma av introduksjonsprogrammet.

Mange av programrådgivarane og karriererettleiarane fortalde at prosessen rundt karriererettleiinga var ressurskrevjande, skriv forskarane i notatet. Dei to partane arbeider under ulike rammer og med ulike føresetnader. Eit bakteppe er òg at den store tilstrømminga av flyktningar frå Ukraina har kravd store ressursar både hos kommunane og karrieresentra. Sjølv om dei ukrainske flyktningane berre har rett og ikkje plikt til karriererettleiing og med andre ord stiller likt med andre innbyggjarar i Noreg, ønsker mange av dei karriererettleiing.

Bli kjente og trygge

Det er derfor viktig at programrådgivarar og karriererettleiarar får innsikt i rollene og kompetansane til kvarandre, skriv forskarane. Dei anbefalar såleis kontaktpunkter og møteplassar slik at dei kan bli kjente med kvarandre, bli trygge nok på kvarandre og ha ein direkte dialog om vanskelege tema og komme fram til ein form for samforståing som dei kan arbeide vidare ut i frå.

- Dei skal jobbe med noko av det same, men så er dei likevel i to ulike verkelegheiter, og har litt ulike oppfatningar av kva karriererettleiing betyr og kva som er meininga med det. Så eg tenkjer at det er veldig verdifullt å sjå kor mykje meir ein får ut av å prøve å sjå det frå fleire ulike perspektiv, seier hovudforfattar av rapporten Hedda Flatø.

Fleire av programrådgivarane og karriererettleiarane dei intervjua, hadde tatt seg tid til å møte kvarandre, og dei opplevde det som nyttig, fortel dei to forskarane.

Rolleforståing

Spesielt det som handla om rolleforståing var veldig verdifullt, ifølgje medforfattar Rebekka Ravn Lysvik.

- Det handla om å få innsikt i kvarandre si rolle i integreringsløpet til kvar einskild deltakar. Kva slags rammer ein har å forhalde seg til og kva for ein del av loven som har betyding for dei ulike delane i integreringslova, seier ho.

Forskarane noterte seg, både gjennom intervju og det dei sjølve observerte under samlingane med dei to yrkesgruppene, at berre det å setje seg rundt eit bord samen og prate og diskutere, var vellykka.

Tidspunkt for karriererettleiinga

Eit hovudfunn i forskingsprosjektet var at mange, både karriererettleiarar og programrådgivarar, meinte at karriererettleiinga kom for tidleg for mange av deltakarane i introduksjonsprogrammet. Spesielt dei med lite utdanning og arbeidserfaring.  Dette ligg til grunn for Grep 2.

Mange tolka formuleringa i integreringslova om at karriererettleiinga bør gjennomførast innan det har gått tre månader etter bosetting (§12, sjå faktaboks) som at karriererettleiinga vere gjennomført innan dette tidspunktet. Nokre kommunar har funne meir fleksible løysingar, til dømes Bergen kommune som fekk stadfesta hos Statsforvaltaren i Vestland at det ligg eit handlingsrom i formuleringa «bør». Bergen kommune har derfor utsett karriererettleiinga for dei ein meiner har behov for det, stort sett deltakarar utan grunnskule.

Erfaringane frå Bergen er at vegsøkjarane får langt meir ut av karriererettleiinga når dei har vore i introduksjonsprogrammet i omlag eit halvt år, lært samfunnsfag og opparbeidd seg karrierekompetanse gjennom livsmeistringskurset.

Handlingsrommet blir utnytta

Fleire andre kommunar har òg funne fleksible løysingar, seier Hedda Flatø.

- Det tyder på at handlingsrommet blir utnytta mange stader.

Hedda Flatø legg til at dette handlingsrommet òg kjem til uttrykk ved at nokre få karrieresentre har to (individuelle) samtalar med vegsøkjarane. Dette er meir enn kostnadsestimatet som er sett til 1,5 time individuell rettleiing og 1,5 time grupperettleiing. Dei fleste karrieresentra legg opp til ein samtale. Men mange av karriererettleiarane som forskarane intervjua meinte dette er for lite for å svare på oppdraget i integreringslova om at karriererettleiinga skal gi vegsøkjar eit grunnlag for å ta informerte valg om arbeid og utdanning.

To individuelle samtalar er det som forskarane anbefalar i Grep 5. Tida mellom samtalene bør brukast konstruktivt, til dømes ved å hente inn individuelt tilpassa informasjon om moglegheiter og ønske, foreslår forskarane.

Usikkerheit om notat

Etter rettleiingssamtalen skriv karriererettleiaren det som blir kalla karriererettleiingsnotatet. Dette notatet er meint å vere rettleiande for planlegginga av integreringsløpet til kvar einskild deltakar. Men forskarane erfarte at det var stor variasjon mellom programrådgivarane når det galdt synet nytteverdien av rettleiingsnotatet. Nokre meinte at det ikkje gav meir informasjon enn den dei sjølve hadde frå før.

Mange karriererettleiarar på si side var usikre både på korleis dei skulle skrive eit godt notat og på korleis notatet vart brukt etterpå.

Felles forståing

Dei ulike tilbakemeldingane frå programrådgivarar og karriererettleiarar nedfelte seg i Grep 6. Her anbefalar forskarane mellom anna at karrieresenter og kommunar bør komme fram til ei felles forståing om kven rettleiingsnotatet skal skrivast for – deltakar og/eller programrådgivar og kva slags informasjon det er hensiktsmessig å ha med i notatet.

Forskarane erfarte òg at det er utfordringar knytta til informasjon. Dei anbefaler derfor å formidle informasjonspakker til vegsøkjarane før karriererettleiinga, slik at dei veit meir om hensikta med rettleiinga og kva ho går ut på (Grep 3). Dessutan sørge for rutiner med omsyn til overføring av informasjon mellom programrådgivar og karriererettleiar (Grep 4).

Kven som deltar i rettleiinga

- De skriv at i nokre tilfelle er både karriererettleiaren og programrådgivaren til stades i rettleingssamtalen, saman med vegsøkjaren. Kva har dei to yrkesgruppene sagt at dei synest om akkurat dette?

- Der har vi vel funne at det gjerast veldig forskjellig, og med forskjellige erfaringar. Vi snakka mellom anna med karriererettleiarar som hadde programrådgivarar med, som var veldig nøgde med den løysinga. Kor dei meinte at programrådgivaren kjente deltakaren godt og hadde god kunnskap om det lokale arbeidsmarkedet. Og så var det andre eksempel på at det kanskje ikkje fungerte så godt. Det var òg eksempel på at karriererettleiaren ønska å ha programrådgivaren med, men så hadde det ikkje vorte prioritert frå kommunen si side. Og motsatt, der programrådgivaren gjerne ville inn, men karrieresenteret ikkje syntest det var ønskeleg. Det var òg tilfelle der deltakar får velje sjølv om han vil ha med ein ven eller familiemedlem eller programrådgivar, seier Rebekka Ravn Lysvik.

Eit givande prosjekt

Dei to forskarane synest det har vore eit givande prosjekt å jobbe med. Hedda Flatø trekker fram at mange hadde grundige refleksjonar rundt jobben dei gjer.

- Vi har blitt møtt både med nysgjerrigheit og engasjement. Og rett og slett takksemd for at desse temaa blir belyst. Eg lurer litt på om den positive mottakinga skuldast at det er så nytt, og i konstant endring, slik at mange har tenkt mykje rundt dette og er veldig opne for å snakke om korleis ting kan bli annleis og kva som ikkje fungerer.

Ho karakteriserer fagfolka dei har møtt, både programrådgivarar og karriererettleiarar, som kunnskapsrike, kreative og hardtarbeidande.

- Akkurat nå står dei i ein eksepsjonelt pressa situasjon. Eg trur at kvar gong vi har vore ute og møtt folk, så har vi etterpå sagt til kvarandre: for ein svær jobb dei gjer.

Les rapporten: Karriereveiledning for flyktninger: Gode grep i samarbeid mellom kommuner og karrieresentre

Bilde
rapporten

Karriererettleiing for nykomne flyktningar

Dette seier Integreringslova 2021, § 11:

Personar om blir omfatta av § 8 første ledd, har rett og plikt til å gjennomføre karriererettleiing. Karriererettleiinga skal bygge på kompetansekartlegginga etter §§ 6 eller 10, og bør gjennomførast før det blir fatta vedtak etter § 12.

Karriererettleiinga skal bidra til at den einskilde kan ta informerte valg om arbeid og utdanning og til at introduksjonsprogrammet blir tilpassa behova til den einskilde.

Fylkeskommunen skal sørge for karriererettleiinga.

Når karriererettleiinga er gjennomført bør det bli gitt ei anbefaling om arbeid eller utdanning for den einskilde deltakaren innanfor ramma av  §§ 13 og 14.

Kjelde: Lovdata.