Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vg4 påbygging: Utvida rett for yrkesfagelevar

Visste du at retten til påbygging også gjeld for elevar som har fullført og bestått yrkesutdanninga si? – Vg4 påbygging gjer det lettare å anbefale yrkesfag, seier rådgjevar Elisabeth Kielland.
Ragnhild Daae Bekkevoll
redaksjonen, Veilederforum
Opprettet 5. juni 2015, oppdatert 19. september 2016

Alle som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring hausten 2014 eller seinare har rett til eit års påbygging til generell studiekompetanse. Denne historiske utvidinga av retten til vidaregåande opplæring er godt nytt for yrkesfagelevar. Dei kan fullføre eit ordinært yrkesfagleg løp før dei bestemmer seg for om dei vil ta påbygg.

- Det betyr at elevane har fleire år på å bestemme seg. Dei får prøve ut eit yrke og tar med seg erfaringar frå arbeidslivet. Dei er langt meir modne enn til dømes ein 16-åring som byrjar rett på studiespesialisering, seier rådgjevar Elisabeth Kielland.

Ho jobbar på Kvadraturen skolesenter i Kristiansand, der dei no har no eitt års erfaring med 30 Vg4-elevar.

Retten til Vg4 påbygging var omtala i Stortingsmelding 20 På rett vei frå 2012-2013. Avdelingsdirektør Borghild Lindhjem-Godal i Opplæringsavdelinga i Kunnskapsdepartementet forklarer bakgrunnen for endringa.

- Tidlegare var Vg3 påbygging den moglegheita elevane på yrkesfag hadde for å oppnå studiekompetanse. Vi visste derfor at mange yrkesfagelevar valde å starte påbygg etter Vg2 for å sikre seg. Først og fremst ønsker vi at fleire skal fullføre fagbrevet sitt. Vi vil at fagbrev skal vere attraktivt, og då treng vi ordningar som legg til rette for det. Med rett til Vg4 påbygging håper vi at fleire fullfører yrkesopplæringa si, seier ho.

Lite fråvær

Om lag halvparten av fylka har allereie hatt eit tilbod om Vg4 påbygging. Først frå hausten 2014 var altså retten gjeldande i heile landet.

- Det er litt tidleg å seie kva for konsekvensar Vg4 påbygging har. Vi synes allereie no at vi ser ein positiv effekt ved at søkinga til yrkesfag aukar samtidig som færre vel Vg3 påbygg, seier Lindhjem-Godal.

Vg4 påbygging har eit lågare timetal enn Vg3 påbygging. Kroppsøving og programfag inngår ikkje i tilbodet, og difor har elevane 23 veketimar. På Kvadraturen skolesenter er desse 23 timane fordelte på fire skoledagar.

- Elevane har fri på fredagar. Nokre elevar nyttar anledninga til å ta programfag på fridagen, slik at dei kan få riktig fagkombinasjon for sitt studium. Andre brukar denne dagen til deltidsjobb, gjerne innanfor yrkesfaget sitt, fortel rådgjevar Elisabeth Kielland.

Ho sit med eit inntrykk av at Vg4-elevane er motiverte for arbeidet.

- Det er litt tidleg å seie noko om dei faglege resultata. Men elevane er meir modne og har ei drivkraft i det dei gjer. Dei har lite fråvær, og dei har vendt seg til å komme på tida. Samstundes synes dei også at det er mykje å gjere. Dei synes det er frykteleg lenge sidan dei var på skulen sist, fortel Kielland.

Ein naudløysing?

På Kvadraturen har dei fått gode tilbakemeldingar på tilbodet. Samstundes ser Elisabeth Kielland og kollegaene hennar nokre utfordringar.

- Med denne endringa er det fleire elevar som vil søke læreplass fordi det ikkje inneber nokon risiko. Vi kan til dømes tenke oss at ein elev veit at han vil bli sjukepleiar. Om eleven då først søker læreplass som helsefagarbeidar, risikerer vi at han tar læreplassen frå ein annan elev som har som mål å bli fagarbeidar. Det beste er sjølvsagt at det er nok læreplassar til alle, men slik er det jo ikkje. Med denne ordninga risikerer vi at dei som veit at dei vil bli fagarbeidarar tapar i kampen om læreplassane.

Ein annan mogleg utfordring er at Vg4 påbygg blir eit tilbod for fagarbeidarar som helst vil vere i jobb.

- Det sit elevar i klasserommet som ikkje får relevant jobb med fagbrevet sitt. Vi lurer på om Vg4 påbygging blir ein naudløysing for nokre elevar, og ikkje eit ønska utdanningsval. Det er i tilfelle uheldig, seier Kielland.

Hos Kunnskapsdepartementet har dei berre fått positive tilbakemeldingar på tiltaket.

- Dette var eit av tiltaka frå Stortingsmelding 20 som blei best teken i mot, seier avdelingsdirektør Borghild Lindhjem-Godal.

Halvparten på yrkesfag

Likskapstrekka med TAF-modellen (tekniske og allmenne fag) er ein av dei fordelane som Elisabeth Kielland ser med Vg4-løpet.

- Med fagbrev og studiekompetanse sit ungdommane igjen med veldig god kompetanse. Dei brenn ingen bruer ved å velje yrkesfag. Dermed er det lettare å anbefale yrkesfag til ein elev som er i tvil, seier ho.

Ho meiner at Kunnskapsdepartementet oppnår målet sitt med ordninga.

- Eg trur nok at fleire vil fullføre yrkesopplæringa si.

I Kunnskapsdepartementet gleder dei seg over søkinga til yrkesfag.

- I Noreg vel halvparten av elevane yrkesfag. Dette er eit høgt tal samanlikna med andre europeiske land. Desse gode tala er godt nytt, for vi treng mange gode fagarbeidarar i Noreg, seier Lindhjem-Godal.

Les meir om Vg4 påbygging hos Utdanningsdirektoratet

Les meir om TAF (tekniske og allmenne fag) på wikipedia

Les meir om fem vegar vidare etter yrkesfag på nho.no

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).