Månadens rettleiar: Espen Oskar Robertsen

Article tema
Månadens rettleiar: Espen Oskar Robertsen

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Espen Oskar Robertsen i Karriere Finnmark.

Bilde
Navn
Espen Oskar Robertsen
Tittel
Karriererettleiar
Del av stilling brukt til karriereveiledning
100 prosent
Sted
Vadsø, Finnmark

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

- Eg har jobba som karriererettleiar i eit år hos Karriere Finnmark.

2. Kva slags utdanning har du?

- Allmennlærar.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

- Det beste er kontakten med vegsøkjarane og takksemda som dei viser, og mangfaldet og variasjonen hos kvar enkelt.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

- Hovudoppgåva mi er individuell karriererettleiing. Det siste året har vi i Karriere Finnmark i tillegg gjennomført eit prosjekt om karriererettleiing i samiske område. Eg driv og med informasjonsarbeid om oss og tilbodet vårt ut til kommunane i Finnmark.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

- At vi er få karriererettleiarar i Finnmark og at det er lang avstand mellom oss. Eg føler det kan bli litt for lenge mellom dei uformelle faglege diskusjonane og drøftingane.

6. Du har base i Vadsø, kor stor del av fylket dekkjer du og kollegaene dine? Når de fram til alle dei innbyggarane de ynsker å nå?

- Eg og kollegaen min her i Vadsø dekkjer Aust-Finnmark og dei to andre kollegaene våre i Alta dekkjer Vest-Finnmark. Vi har vegsøkjarar frå alle kommunane i fylket, litt færre frå dei mindre kommunane. Men vi er eit ganske ferskt senter og kan nok bli meir kjent blant folk.

7. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

- Vi har jamleg erfaringsdeling internt og arrangerer faste rådgjevarsamlingar med deltakarane frå vidaregåande og ungdomsskulen. Vi har prosjekt som ofte gir oss meir kompetanse på ulike område, til dømes yrkesfaglege utdanningsløp, karriererettleiing i samiske område og kulturell forståing.

8. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

- Samtalen og relasjonsbygging er dei viktigaste verktøya mine. Eg brukar og «Karriereverktøy» i nokre av samtalane. Nettstadene samordnaopptak.no, utdanning.no, nav.no og vigo.no dukkar ofte opp undervegs i rettleiingssamtalane.

9. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

- Individuell karriererettleiing.

Bilde
Månedens veileder oktober

Månadens rettleiar

Med Månadens rettleiar vil vi gi lesarane til Veilederforum kjennskap til breidden i norsk karriererettleiing og ulike jobbar ein kan ha innanfor feltet.

Er du karriererettleiar og har lyst å bidra i denne serien? Send mail til veilederforum@utdanning.no.