Kva har det å seie å ha tilgang til støtte dersom støtta ein får tilbod om, ikkje hjelper med det ein sjølv opplever som vanskeleg? Det spørsmålet går att i erfaringane nevrodivergente lærlingar har med støtte i overgangen frå grunnforløp til læreplass på danske yrkesutdanningar. Artikkelen byggjer på kvalitative intervju med seks lærlingar frå tre ulike yrkesutdanningar, og set søkjelyset på skilnaden mellom formelt å ha tilgang til støtte og faktisk å kjenne seg støtta. Artikkelen vender seg til rettleiarar og andre fagpersonar som arbeider med lærlingar eller unge i overgangen mellom utdanning og arbeidsliv.
Nevrodivergens blir i artikkelen brukt som ei samlenemning for ulike kognitive og nevrologiske funksjonsmåtar, mellom anna ADHD, autisme og dysleksi. Det finst allereie forsking om lærlingar med særskilde behov og om spesialpedagogisk støtte i yrkesutdanningane. Denne forskinga har likevel i mindre grad teke utgangspunkt i eit nevromangfaldsperspektiv, der kognitive og nevrologiske skilnader ikkje berre blir forståtte som individuelle vanskar, men òg blir sette i samanheng med rammene og forventningane lærlingane møter. Medan perspektivet er brukt i forsking om høgare utdanning, ser det ut til å vere fråverande i forskinga om yrkesutdanningane.
Dansk yrkesutdanning og spesialpedagogisk støtte
Dei danske yrkesutdanningane er vekselutdanningar som kombinerer skuleundervisning og opplæring i ei verksemd. Overgangen frå grunnforløp til læreplass inneber difor eit skifte frå rammene på skulen til ein arbeidsplass der lærlingen skal lære eit fag og ta del i kvardagen på arbeidsplassen.
Elevar med funksjonsnedsetjingar kan søkje om spesialpedagogisk støtte (SPS), som har som føremål å kompensere for dei utfordringane funksjonsnedsetjinga fører med seg i utdanninga. Støtta blir innvilga på grunnlag av ei individuell vurdering av støttebehovet til eleven. Artikkelen undersøkjer korleis lærlingane opplever støtta, og kva som har betyding for om ho blir opplevd som hjelpsam.
Artikkelen tek utgangspunkt i sosialfenomenologien til Alfred Schutz, der erfaringane til menneske blir forståtte i samanheng med den sosiale verda dei lever og handlar i. Perspektivet blir supplert med anerkjenningsteorien til Axel Honneth, som bidreg til å belyse kva det har å seie å bli møtt og anerkjend i relasjonar.
Når støtta ikkje passar
Men det var slike ting, dei kunne ikkje ... Altså, eg klarte ikkje å samarbeide med dei. Eg trur ikkje eg har hatt ein einaste SPS-time. Fordi ... Så ville dei leggje det til undervisningstida. Det kan eg ikkje. Altså, det må dei vite sjølve. Eg kan ikkje berre ... Eg må jo òg følgje med i undervisninga (…) Så eg kom meg aldri skikkeleg av garde, og så droppa eg det berre (Hugo).
Hugo* byrjar med å seie at dei ikkje fekk det til, men rettar seg sjølv til at han ikkje klarte å samarbeide med dei. På den måten kjem han sjølv til å framstå som problemet, sjølv om det òg er måten støtta er lagd opp på, som gjer henne vanskeleg å bruke. Ansvaret for at støtta ikkje fungerer eller blir nytta, risikerer difor å hamne hos lærlingen sjølv.
Karla* skildrar ei anna utfordring som ho opplever i samband med den spesialpedagogiske støtta:
Ein merkar godt her ute at dei først og fremst har vore vane med at det har vore dysleksi (…) eg har jo hatt mest bruk for støtte ute på verkstaden, når eg har stått og vore pressa og blitt lei meg. Det har dei ikkje vore særleg gode til her ute. Den delen manglar litt, synest eg. (…) Men det seier dei jo òg her ute. Dei har vanskeleg for å handtere oss med desse psykiatriske diagnosane. (…) Men det er jo det eg har fått SP-støtta mi på grunnlag av (…) men det er sjeldan eg får hjelp til den delen (Karla).
Karla opplever ein avstand mellom det ho har fått innvilga SPS til, og den hjelpa ho faktisk får. Ho har særleg bruk for støtte når ho blir pressa på verkstaden, men får sjeldan hjelp til nettopp den delen. Erfaringa hennar viser at eit vedtak om støtte ikkje nødvendigvis tyder at støtta hjelper med dei vanskane ho møter som lærling i praksis.
Schutz sitt omgrep typifiseringar kan hjelpe oss å forstå korleis bestemte førestillingar om støttebehov kan prege den hjelpa Karla opplever å få. Typifiseringar er dei generelle førestillingane om personar, situasjonar og behov som vi dannar oss på grunnlag av tidlegare erfaringar og felles forståingar. Slike førestillingar kan prege kva som blir oppfatta som relevant støtte til ein lærling med bestemte utfordringar. Karla si skildring av erfaringa SPS-medarbeidarane har med dysleksi, viser korleis somme støttebehov kan vere lettare å få auge på og møte enn andre.
Kva relasjonen har å seie
Relasjonane rundt lærlingen kan gjere det både vanskelegare og lettare å ta imot støtte. Daniel* er tilbakehalden med å involvere SPS i utfordringane han opplever på læreplassen, medan Mads fortel om ein relasjon som gjev han mot til å utvikle seg fagleg. Daniel* fortel:
Det hadde eg prøvd, (å involvere SPS, red.) men det var mykje dette med at eg ikkje ville at dei skulle involvere sjefen (…) eg trudde det kom til å bli mykje styr. Det fungerte fint utan, så då kunne ein godt la vere (…) ein visste heller ikkje om ein ville bli trakka på for det. Om dei kom etter ein (Daniel).
Daniel har tilgang til SPS på læreplassen, men held att med å bruke støtta til å handtere utfordringane han opplever i samarbeidet med sjefen. Han vil helst unngå bryet han knyter til det å involvere SPS, og er uroleg for korleis det kan påverke forholdet til sjefen. Denne tilbakehaldenheita heng tett saman med korleis han opplever seg sjølv som lærling:
Nei, men ein får berre kjensla av at ein er veldig til bry (…) han var mykje meir verd, fordi han var mykje meir sjølvstendig enn eg var. Det er jo litt det ein har vore redd for når ein skal bli faglært. Får ein det til, eller får ein det ikkje til? (Daniel).
Daniel samanliknar seg med den andre lærlingen, og opplever at den andre er meir verd fordi han er meir sjølvstendig. Med Honneth sitt omgrep om solidarisk anerkjenning kan ein forstå Daniel si erfaring som eit fråvær av den verdsetjinga som gjer det mogleg å oppleve eigne evner og bidrag som viktige i det faglege fellesskapet. Når han ikkje opplever seg verdsett på same måte som den andre lærlingen, byrjar han ikkje berre å tvile på arbeidet sitt, men òg på sin eigen verdi som lærling. Det får betyding for førestillingane hans om kor vidt han i det heile kan bli faglært, og kan samstundes bidra til at det kjennest risikabelt for han å involvere SPS i utfordringane han står i.
Mads fortel om ei anna og meir positiv side ved relasjonar. Han trekkjer fram Bent, som er knytt til skulepraktikken, men ikkje har noka formell støttefunksjon for han:
Han heldt fram med å seie: Du klarer det, du klarer det (…) Og når ein får høyre det, så snur skuta. Men du må òg kjempe for det (…) Det er verkeleg vanskeleg. Men Bent gjorde det berre lettare for meg. Eg får det alltid slik når eg snakkar om Bent … Ja, berre han var der, berre han stod ved sida av ein … Det var nok at han stod der, til han visste at dette klarer du, så kan eg godt gå bort og gjere noko anna (…) så kan eg stå der og gjere det eg er trygg på (Mads).
Medan Daniel er usikker på kva det kan koste han å bruke støtta, skildrar Mads* ein relasjon som gjer det lettare for han å delta og utvikle seg. Bent si støtte handlar ikkje om å ta over oppgåva for Mads, men om å vere til stades, vise tillit til evnene hans og gje han høve til å prøve sjølv når han er klar. Bent si støtte kan sjåast som eit døme på solidarisk anerkjenning, der Mads ikkje berre blir møtt som ein lærling som treng hjelp, men òg som ein som har noko fagleg å bidra med.
Erfaringane til Daniel og Mads viser korleis relasjonar kan få betyding for korleis lærlingen opplever sin eigen verdi og sine eigne høve til å utvikle seg fagleg, både når anerkjenninga uteblir, og når lærlingen opplever å bli verdsett.
Kva kan dette ha å seie for rettleiingspraksis?
Forteljingane til lærlingane peikar på at det ikkje er nok å sikre tilgang til støtte. Støtta må òg ta utgangspunkt i det lærlingen sjølv opplever som vanskeleg, og kunne fungere i kvardagen og relasjonane lærlingen er ein del av. Det reiser spørsmålet om korleis ein som rettleiar følgjer opp støtta. Spør ein berre om ho er sett i verk, eller òg om lærlingen opplever at ho hjelper? Samstundes er det relevant å vere merksam på dei sosiale rammene rundt lærlingen. Er det mogleg å synleggjere vanskar, og be om hjelp, utan å oppleve det som ein risiko for relasjonen til meister eller kollegaer? Sjølv om undersøkinga byggjer på erfaringane til seks nevrodivergente lærlingar, gjev forteljingane grunn til å sjå støtte som meir enn eit individuelt tiltak. Støtte handlar òg om dei rammene og relasjonane som gjer det mogleg å ta imot støtta.
*Alle namna i artikkelen er pseudonym
Kunstig intelligens (KI) er i denne teksten brukt til språkvask.
Referansar
Børne- og Undervisningsministeriet, (n.d.-b). Om erhvervsuddannelserne. https://uvm.dk/uddannelse-til-unge/erhvervsuddannelser/uddannelser/kort-om-erhvervsudannelserne/
Chapman, R. (2021). Neurodiversity and the Social Ecology of Mental Functions. Perspectives on Psychological Science, 16(6), 1360–1372. https://doi.org/10.1177/1745691620959833
Erhvervsuddannelsesloven (lov nr. 961 af 28/06/2024). (2024). https://www.retsinformation.dk/eli/lta/2024/961
Honneth, A. (2006). Kamp om anerkendelse. Hans Reitzels Forlag
Schutz, A. (1972). Collected Papers 1: The problem of social reality. Kluwer Academic Publishers
Singer, J. (2017). NeuroDiversity: The birth of an idea. http://dickyricky.com/books/psych/NeuroDiversity%20-%20The%20Birth%20of%20an%20Idea%20-%20Judy%20Singer.pdf
Singer, J. (n.d.). Reflections on Neurodiversity.https://neurodiversity2.blogspot.com/p/what.html
SPSU. (n.d.-a). Hvad er SPS? https://spsu.dk/for-elever-og-studerende/hvad-er-sps/
SPSU. (n.d.-b). SPS i oplæringsforløb. https://spsu.dk/andre-maalgrupper/sps-i-oplaeringsforloeb/