Tenester på Utdanning.no for deg som er rettleiar

Article tema
Tenester på Utdanning.no for deg som er rettleiar

Utdanning.no lanserer jamleg nye tenester, og jobbar stadig med å samle informasjon og gjere utdannings – og yrkesval enklare og meir oversiktlege for brukarane, uansett bakgrunnen deira.

Utdanning.no er ein offentleg nettstad for utdannings- og karriereinformasjon. Vi feira 20-årsjubileet vårt i mars i 2023, og har brukarar i alle aldersgrupper. Nettsida blir brukt av både unge, vaksne, rettleiarar, rådgivarar og karriererettleiarar.

For deg som skal hjelpe nokon å finne utdanningar eller yrke som passar vegsøkjaren sine behov, er det mange aspekt du må ta omsyn til. Ønskjer brukarane å finne ei utdanning der dei bur, eller er dei flyttbare? Kva moglegheiter har dei viss dei ikkje har fullført vidaregåande opplæring? Og kva med vaksne som må ta omsyn til at dei treng å jobbe ved sida av studiane? Utdanning.no har fleire tenester som er nyttige for både brukarane sjølve og deg som jobbar aktivt med karriererettleiing og rettleiing av menneske i alle aldrar. I denne teksten presenterer vi nokre av dei verktøya og tenestene vi meiner er ekstra nyttige for dykk å kjenne til.

Vegen til Fagbrev

Skal du rettleie nokon som ønskjer yrkeskompetanse? Veien til fagbrev viser alle dei ulike måtane ein kan ta fagbrev på. Alle dei ulike vegane til fagbrev er beskrivne i detalj, slik at ein kan samanlikne dei tilboda som er mest relevante. For mange vil det i vaksen alder kanskje vere ekstra viktig å ta utdanninga si der ein bur. Livssituasjon er også ein viktig faktor for mange. Derfor kan det vere ekstra nyttig for mange å få eit oversyn over alle dei ulike vegane til fagbrev, sidan mange av desse ordningane tek omsyn til at ein kanskje har mykje relevant arbeidserfaring frå før som ein kan byggje på.

Fylkeskommunane og utdanning.no jobbar saman om å leggje til oppdatert informasjon i denne tenesta, slik at alle tilboda i dei ulike fylkeskommunane til kvar tid er synlege for brukarane. Dersom du er interessert i å lære meir om denne tenesta, kan du også sjå eit webinar-opptak der vi viser korleis ein kan bruke verktøyet.

Webinaret om Vegen til Fagbrev finn du her.

Skjermdump av tjenesten Veien til Fagbrev

Vegen til studiekompetanse

Lurer nokon av dei du er rettleiar for, på korleis dei kan komme seg inn på universitet, høgskole eller fagskole? I tenesta Vegen til studiekompetanse kan ein sjå kva for moglegheiter ein har. Viss ein fyller inn kva for år ein vart fødd, om ein har fullført grunnskolen og kvar ein gjekk på vidaregåande skole, vil tenesta vise dei ulike vegane ein kan ta for å få studiekompetanse. Her finn ein også utfyllande informasjon om alle dei vegane som kan vere relevante. Om du vil vite meir, kan du sjå webinaret vi har laga om korleis du brukar verktøyet.

Webinaret om Vegen til studiekompetanse kan du sjå her.

Skjermdump av tjenesten Veien til studiekompetanse

Jobbkompasset

Dersom du skal rettleie nokon som er usikker på kva dei har lyst til å jobbe med, kan Jobbkompasset vere eit godt hjelpemiddel å bruke. Jobbkompasset kan nyttast av brukaren sjølv eller av deg som rettleiar i samtale med vegsøkjaren. Denne tenesta let deg oppdage yrke og utdanningar basert på kva for interesser ein har. Basert på dei interessene du hukar av for, vil du sjå ei rekkje yrkesskildringar som du kan lese meir om. Kanskje oppdagar du og den du rettleier, eit heilt nytt yrke som verkar spennande? Vi har spelt inn eit webinar om korleis du kan bruke jobbkompasset.

Webinaret om Jobbkompasset kan du sjå her.

Skjermdump av tjenesten Jobbkompasset

Yrkesskildringane

Utdanning.no har no omtrent 600 yrkesskildringar. I denne oversikta kan ein også velje å filtrere yrka basert på ulike interesser. Dette gjer det mogleg for brukaren å snevre inn oversikta, og kanskje oppdage nye og ukjende retningar ein kan ta. Desse yrkesskildringane blir jamleg kvalitetssikra, slik at informasjonen er så oppdatert og korrekt som mogleg.

Yrkesskildringane er dei mest populære sidene på utdanning.no. Dei samlar informasjon om mellom anna arbeidsoppgåver, utdanning, lønn og arbeidsmarknaden. Dei inneheld også yrkesintervju med menneske som jobbar i dei respektive yrka, slik at dei som er ekstra interesserte, kan få eit innblikk i arbeidskvardagen til ekte menneske. Yrkesskildringane let deg utforske kva utdanningar ein kan eller må ha i botnen, anten dette er sluttkompetansar i vidaregåande opplæring, fagskole eller universitet og høgskole.

På yrkesskildringane kan ein også sjå ulike statistikkar over dei vanlegaste yrka med utdanninga i botnen, og ein kan sjå kva slags ulike utdanningar dei som er tilsette i yrket, har. Dette kan gi brukaren ein peikepinn på kva som er vanlegast, eller kva som er den gunstigaste utdanningsvegen for dei. Mange er kanskje nysgjerrige på lønna for ulike yrke dei er interesserte i. Kanskje lønn er ein avgjerande faktor for nokon når dei skal velje retning? Du kan finne mykje informasjon om lønnsstatistikk på dei aller fleste yrka, under overskrifta Lønn.

Dersom du skal rettleie nokon som er usikker på kva for jobbmoglegheiter hen har, kan yrkesskildringane vere eit godt utgangspunkt for å utforske arbeidsmarknaden. Beskrivinga av kvart yrke har ei eiga overskrift nedst på sida som heiter Arbeidsmarked. Her finn ein ei oversikt over bedrifter på fylkes- og kommunenivå som har tilsett personar med dei stillingstitlane som er relevante for det yrket ein les om. Til dømes kan ein, på yrkesskildringa til yrket elektrikar, få ei oversikt over alle dei bedriftene i Bodø kommune som har tilsett ulike typar elektrikarar. Beskrivinga av arbeidsmarknaden gir derfor eit innblikk i kor mange elektrikarstillingar som finst i Bodø kommune akkurat no. Derfrå kan ein trykkje seg inn på dei ulike bedriftene, og lese meir om kva andre yrke bedrifta har registrert og kor mange som er tilsette i bedrifta totalt, og finne kontaktinformasjon. Informasjonen om arbeidsmarknad er basert på data frå AA-registeret og Brønnøysundregisteret, og blir oppdatert kvar månad. Denne informasjonen er derfor til kvar tid oppdatert, og inneheld ikkje data om nedlagde bedrifter eller annan feilinformasjon.

Vi har laga eit webinar som viser korleis ein kan gå fram for å finne dei ulike yrka på utdanning.no og kva informasjon som ligg på yrkesskildringane.

Webinaret om yrkesskildringane kan de sjå her.

Skjermdump av Yrkesskildringane

Fleire webinar

Dersom du ønskjer å sjå fleire av webinara som beskriv og forklarer tenestene og verktøya på utdanning.no, kan du besøke YouTube-kanalen vår. Under spelelista Webinarer finn du fleire videoar med dei tilsette, som fortel korleis du kan bruke tenestene, både sjølv og når du skal hjelpe andre. Spelelista med alle webinara finn du her.

Dersom du har spørsmål, innspel eller idéar du vil dele med oss, kan du også sende oss ein e-post, til hei@utdanning.no

Bilde
Utdanning.no 20 år - de ansatte feirer med ballonger
Bildetekst
Utdanning.no feira 20-årsjubileum i mars i 2023.