Digitale verktøy på Utdanning.no

Article tema
Digitale verktøy på Utdanning.no

Utdanning.no har ei rekke digitale verktøy som kan brukast i rettleiinga. Hugsar du kva som finst?

Her får du ei påminning om nokre av verktøya frå Utdanning.no, som du kan nytte i rettleiarkvardagen din.

Karakterkalkulatoren

Med karakterkalkulatoren kan du saman med vegsøkaren leggje inn karakterar, rekne ut kor mange poeng vegsøkaren har og sjå kva for studiar vedkommande kan kome inn på.

Prøv Karakterkalkulatoren

Samanlikningstenesta

Samanlikn yrker eller utdanningar med samanlikningstenesta. Vel opptil fem yrker eller utdanningar og samanlikn:

  • lønn
  • arbeidsløyse
  • vanlegaste utdanning eller yrke
  • andel som jobbar i privat eller offentleg sektor
  • og meir

Test verktøyet her

Utdanningsval i skulen

Er du lærar i faget utdanningsval på ungdomsskulen? På Utdanning.no kan du finne ein nettressurs med oppgåver og artiklar som dekker kompetansemåla i faget.

Sjekk ut nettressursen Utdanningsval

Oppdag yrker med Jobbkompasset

Med verktøyet Jobbkompasset kan du saman med vegsøkaren finne yrker som vegsøkaren kanskje ikkje visste om frå før. Vel eit tema vegsøkaren er interessert i, deretter ein kategori og til slutt eit fagfelt - vipps så er det fleire yrker å utforske.

Prøv jobbkompasset med vegsøkaren

Bilde
Logo Utdanning.no
Bildetekst
På Utdanning.no finn du ei rekke verktøy.