Veilederforum-podden: Karriererettleiing og kjønnsutradisjonelle utdanningsval

Article tema
Veilederforum-podden: Karriererettleiing og kjønnsutradisjonelle utdanningsval

Korleis kan karriererettleiing bidra til kjønnsutradisjonelle utdanningsval? Er det i det heile teke noko karriererettleiarar bør vere opptekne av, og på kva måte kan du jobbe med dette i din eigen praksis?

Noreg har ein av verdas mest kjønnssegregerte arbeidsmarknader, der nokre fagområde er meir prega av kjønnstradisjonelle utdanningsval enn andre. Jenter er sterkt underrepresenterte innan realfag og tekniske fag, medan det er svært få gutar innan helse- og omsorgssektoren, både i utdanningsløpet og på arbeidsmarknaden. Det finst ei rekkje tiltak for å motverke kjønnstradisjonelle utdanningsval. Desse er ofte drive av lokale eldsjeler og gjennomførte i relativt liten skala. Jamvel om likestilling er ein breitt akseptert idé, kan det likevel vere utfordrande å etablere aktive praksisar for implementering.

I Kvalitetsrammeverket er det utvikla både Kompetansestandardar for karriererettleiarar i skulen og Kompetansestandardar for Utdanningsvalslæraren. I begge desse vert det peika på at sosiokulturelle tilhøve spelar ei betydeleg rolle for eleven si karriereutvikling, der kjønn er eitt av fleire tilhøve som vert lista opp i tillegg til sosioøkonomisk bakgrunn, etnisitet, alder, funksjonsevne, helse, religion, seksualitet og meir. Det vert understreka at innsikt i dette kan påverke vala og utviklinga til elevane, gjere karriererettleiarar betre i stand til å møte elevane der dei er, og bidra til å utvide moglegheitshorisonten til elevane.

I denne episoden av Veilederforum-podden møter vi Elin Beate Grotnes i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Aud Jorunn H. Hagesveen, utdannings- og yrkesrådgjevar og inspektør ved Gausdal ungdomsskolewkorleis karriererettleiing kan bidra til kjønnsutradisjonelle utdanningsval.

Lytt til Veilederforum-podden der du lyttar til podkastar! 

Litteraturliste

NORCE , Vestlandsforskning: Kunnskap om verktøy og tiltak for å motivere til kjønnsutradisjonelle utdanningsvalg

HK-dir: Mangfold og ulikhet i høyere utdanning

Karrierevejledning og karrierelæring for social retfærdighed

Bilde
Bilde av Elin og Aud Jorunn