Veilederforum-podden: Kall og karriererettleiing

Article tema
Veilederforum-podden: Kall og karriererettleiing

Har omgrepet «kall» noko med karriererettleiing å gjere? Kva er det som bidreg til å skape eit kall i eit individ? Kva tyding har eit opplevt kall for kjensla av meining i karriereval? 

I denne episoden av Veilederforum-podden snakkar vi med doktor Gill Frigerio, som har forska på kall i karriererettleiingssamanheng. I artikkelen Arbeid, kall og karriereveiledning frå 2018 stilte professor Roger Kjærgård dette spørsmålet: «Hvilken sammenheng kan det […] være mellom det moderne arbeidslivet, en moderne kallsforståelse og karriereveiledning som fokuserer på mening, hensikt og identitet?» Meining er eit sentralt omgrep i karriererettleiing, og Kjærgård med fleire argumenterer for at ei moderne forståing av kall kan vere relevant i samband med karriererettleiing. Dette utforskar vi nærmare i samtale med Frigerio.

Frigerio leier studiet innan karrierecoaching ved University of Warwick, og er styreleiar for NICEC, National institute for Career Education and Counselling. Ho har ein omfattande bakgrunn innan karriererettleiing. Ho underviser og forskar på karrierecoaching, og er spesielt interessert i kall, teori og praksis innan karrierecoaching, karriereutviklinga til kvinner, arbeid med marginaliserte miljø og å støtte karriererettleiarar med forskingsinteressa deira.

 

Lytt til Veilederforum-podden der du lyttar til podkastar! 

Bilde
Profilbilde av Gill Frigerio