Veilederforum-podden: Kva er meiningsfulle val?

Article tema
Veilederforum-podden: Kva er meiningsfulle val?

Målet med karriererettleiing blir definert i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing som at menneske blir betre i stand til å handtere overgangar, og til å ta meiningsfulle val knytt til utdanning, læring og arbeid gjennom livet. Men korleis veit vi at noko gjev meining? 

I denne podkast-episoden snakkar vi med førsteamanuensis i karriererådgjeving og rådgjevingsvitskap ved Institutt for pedagogikk og livslang læring på NTNU, Hannah O. Svennungsen.

Svennungsen var den første som tok doktorgrad innan karriererettleiing, med doktorgraden «Making Meaningful Career Choices. A Theoretical and Q-methodological Inquiry» i 2011. Ho forskar primært på karriererettleiing for vaksne, og er spesielt oppteken av meining og kva det er som er meiningsfylt i karrierane til menneske, og korleis karriereval, karriereutvikling og karrierelæring kan forståast og får innverknader på menneska sine liv. Svennungsen er også oppteken av korleis ein kan jobbe for at utsette grupper kan bli inkluderte i arbeidslivet og utdanning for å få meiningsfylte karrierar og liv, og har mellom anna vore involvert i eit prosjekt med bruk av VR-briller i Nav.

Å snakke om meining er helt i kjernen av kva karriererettleiing handlar om, og er sentralt for alle karriererettleiarar – men å snakke om kva mening er, er kanskje ikkje noko karriererettleiarar alltid har tid til. Eit av Svennungsen sine mål er å bidra til at rettleiarar får innblikk i korleis vegsøkarar tenkjer om meining og erfarer meining og karriereval, noko som igjen kan bidra til at rettleiarar kan snakke om dette, og gjere vegsøkjarar medvitne.

 

Lytt til Veilederforum-podden der du lyttar til podkastar!

Bilde
Portrettbilde av Hannah Svennungsen