Veilderforum-podden: Skolens rådgiving

Article tema
Veilderforum-podden: Skolens rådgiving

Det eksisterer mange forventningar til kva karriererettleiere i skulen skal bidra til, men korleis kan den einskilde karriererettleiaren løyse det i kvardagen sin? Kva er viktig i møtet mellom elev og karriererettleiar for at eleven skal oppleve kvalitet? Og korleis kan ein sikre at alle elevar får tilbod om ei likeverdig rådgivingsteneste?

I denne episoden av Veilederforum-podden er det rådgiving i skulen som er tema. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som har det faglege ansvaret for karriererettleiinga i skulen, medan Utdanningsdirektoratet har ansvaret for lov og forskrift og den sosialpedagogiske rådgjevinga. Dei faglege omgrepa karriererettleiing og karriererettleiar vert nytta innan fagfeltet på tvers av sektor, og refererer til den same tenesta som i opplæringslova, der omgrepa utdannings- og yrkesrådgjeving og rådgjevar vert nytta. Vi nyttar begge disse omgrepa i denne episoden.

I denne episoden pratar vi med førsteamanuensis Ida Holth Mathiesen, ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger. Ho er oppteken av at alle elevar får ei likeverdig karriererettleiing, og har i ei årrekke forska på rådgjeving og karriererettleiing i skulen. Holth Mathiesen har skrive doktorgradsavhandlinga Balansekunst: Skolens rådgivning i møter mellom kontekstuelle, relasjonelle og politiske forventninger om rådgjevarrolla i skulen, og korleis skolen si rådgjeving vert forma i møtet med samansette forventningar. Ho er spesielt oppteken av det spennet som rådgjevaren står i, mellom forventningar og ressursar.

Lytt til Veilederforum-podden der du lyttar til podkastar!

Bilde
Profilbilde Ida Holth Mathiesen