Vår kvalitet – sektorversjonar er lansert

Article tema
Vår kvalitet – sektorversjonar er lansert

Verktøyet Vår kvalitet er nå kome i tre ulike sektorversjonar; karrieresenter, skule og tiltaksarrangør. Målet med verktøyet er å gi støtte og inspirasjon i arbeidet med kvalitetsutvikling.

Kvalitetssikring og verktøyet Vår kvalitet er ein del av Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing og eit verktøy for kvalitetsutvikling av karriererettleiingstenestene i Noreg. Nå er verktøyet vidareutvikla og det er lansert tre ulike sektorversjonar, for dei som jobbar på karrieresenter, i skulen og for tiltaksarrangørar, i tillegg til den generelle som framleis finnes.

Kvalitetssikring består av ein kvalitetsmodell og verktøyet Vår kvalitet. Verktøyet kan brukast til å kartlegge og vurdere kvaliteten i ein teneste, og til å planleggje og prioritere kva ein vil gjere for å utvikle kvaliteten vidare. 

Sektorversjonar

Kvar versjon er utvikla samen med representantar frå dei tre sektorane, er tilpasse praksis i den enkelte sektor og er brukartesta av dei som jobbar der. Verktøyet består av ulike påstandar som det skal takast stilling til, og kvar påstand har ein kommentar og/eller ulike refleksjonsspørsmål som kan bidra til å setje tema på dagsorden.  

«Sjølv om det allereie går føre seg mykje godt og viktig arbeid for å utvikle og sikre kvalitet i karriererettleiing i alle sektorar, så er god kvalitet ofte eit resultat av eit kontinuerleg fokus og ein langsiktig innsats. Målet med verktøyet Vår kvalitet er både å gi inspirasjon og støtte i dette viktige arbeidet. Vi får tilbakemeldingar på at det er nyttig for leiare og medarbeidarar å bruke verktøyet i fellesskap,» seier avdelingsleiar Ingjerd Espolin Gaarder i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Har du tilbakemeldingar på Vår kvalitet? Send ein e-post til redaktøren for kvalitet i karriere.

Bilde
Vektorbilde av tre mennesker som krysser av i et skjema, med ulike symboler rundt.
Bildetekst
Målet med verktøyet Vår kvalitet er både å gi inspirasjon og støtte i dette viktige arbeidet. Vi får tilbakemeldingar på at det er nyttig for leiare og medarbeidarar å bruke verktøyet i fellesskap,» seier avdelingsleiar Ingjerd Espolin Gaarder i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).