Målet med konferansen i år er å inspirere til utforsking og læring. Deltakarane får fordjupe seg i faglege tema i ein ny samanheng, og teste verktøy og ressursar gjennom refleksjon og utprøving.
Ei fagleg reise
Konferansen er sett saman av felles foredrag, laboratorium og ei laboratoriegate med stasjonar. I løpet av konferansen får alle deltakarane bevege seg gjennom det levande laboratoriet i den faglege reisa deira. Laboratoriet er organisert som faglege sesjonar eller workshopar, der du får lære om faglege tema og utforske og reflektere samen med kollegaer.
I Laboratoriegata finn deltakarane ulike stasjonar der dei får teste ut verktøy og nye høve å jobbe på. I tillegg inkluderer programmet felles foredrag der ein kan lene seg tilbake og berre lytte.
Fokus på verktøy, profesjonalitet og konkrete teknikkar
Konferansen er relevant både for karriererettleiarar, leiarar og andre som jobbar med karriererettleiing.
Eit viktig tema på konferansen er korleis karriererettleiarar kan møte uro og bekymringar for framtida hos vegsøkarar. Deltakarane blir introduserte for ulike faglege perspektiv på korleis ein kan handtere vegsøkarane si uvisse om framtida, og deltakarane vil i fellesskap få høve til å utforske ulike alternativ for korleis ein kan møte vegsøkarane.
– Usikre tider gir òg moglegheiter, seier Ingjerd E. Gaarder, avdelingsleiar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), og held fram: - Det er mellom anna dette vi vil løfte fram på konferansen. Deltakarane vil lære korleis dei kan ta i bruk enkle konstruktive teknikkar som kan være nyttige i arbeidskvardagen deira som rettleiar eller leiar.
På konferansen får deltakarane òg lære meir om korleis dei som fagpersonar kan utnytte kunstig intelligens i rettleiing og teste verktøy som baserer seg på KI. Dei får utforske kva profesjonalitet og metodefridom betyr og kvifor dette er viktig, og dei vil òg få eksperimentere med å utvikle metodikk heilt etter sitt eige hovud.
Ei laboratoriegate fylt med inspirasjon
På konferansen er det sett av god tid til utforsking og samtalar kollegaer imellom. Laboratoriegata blir fylt med ulike stasjonar som er laga for å gje nyttig informasjon om for eksempel rettleiing om utvekslingsmoglegheiter og konkrete øvingar i rettleiingsteknikk. Deltakarane får òg rikeleg med høve til å prate med kollegaer frå hele landet og frå ulike arbeidsstader.
– Vi håper at både rettleiarane og leiarane vil reise heim med påfyll av både kunnskap, inspirasjon og framtidstru etter å ha delteke på ein annleis og fagleg variert konferanse, avsluttar Espolin Gaarder.
Les meir om det faglege programmet.
Meld deg på konferansen her.