Karriererettleiing når alt er i rørsle

Article tema
Karriererettleiing når alt er i rørsle

Uvisse i verda akkurat no kan kjennast overveldande. – Vi kan bruke den faglege kompetansen vår til å skape endring, òg i det små, seier professor Nancy Arthur. Ho peikar på nokre globale trendar som påverkar oss.

– Korleis reagerer du på alt som skjer i verda akkurat no? Den kanadiske karriererettleiingsforskaren Nancy Arthur opna NorNEt-konferansen i fjor haust med å snakke om globale trendar som påverkar oss. NorNEt er eit nordisk nettverk for forskarar innan karriererettleiing.

– Karriererettleiarar skal handle lokalt, men det er viktig at dei skjønar kva som skjer internasjonalt òg. Korleis skal vi endre oss i tråd med endringar i samfunnet, og kva bør vi ikkje endre? Det er store spørsmål som møter oss, seier Arthur, som er professor og dekan ved det nye Adelaide University i Australia.

Vi må våge å møte samfunnsutfordringane

Veilederforum tek ein prat med Arthur ein tidleg morgon medan ho på grunn av tidsforskjellen er i ferd med å avslutte arbeidsdagen i Australia. Arthur starta karrieren som karriererettleiar på 1990-talet, og har skrive fleire bøker om fagfeltet. Praten går om alt frå karriererettleiingsteoriar til dei enorme utfordringane verda står overfor.

– For 20 år sidan lente vi oss på nokre få standardiserte modellar, og mykje handla om å ta val. I dag må vi førebu studentar på karrierevegar som enno ikkje finst. Samstundes må vi ruste oss sjølve for endringane, både som praktikantar og som profesjon.

Før ho vart akademikar, jobba ho som karriererettleiar i 14 år i Canada, både i privat og offentleg sektor. Ho meiner det er avgjerande at vi vågar å møte utfordringane i samfunnet direkte – at vi ikkje skyv dei under teppet sjølv om det kan freiste i ei komplisert verd.

– Dette er ikkje tida for at karriererettleiaren skal jobbe åleine. Samarbeid, kunnskapsdeling og faglege nettverk er viktigare enn nokon gong før, påpeikar Arthur.

Ikkje gløym at kultur er viktig

Arthur har skrive doktorgrad om vaksne studentar og stress, der ho undersøkte korleis dei handterer belastninga ved å studere samstundes som dei jobbar, og ofte òg forsørgjer ein familie. Ho oppdaga at nesten all litteratur om stress er vestleg, men erfarte gjennom intervju at reaksjonar på stress varierer mellom kulturar. Dette arbeidet leia henne vidare til eit nytt tema: kor viktig kulturell kontekst er i karriererettleiing.

I Noreg er ho mellom anna kjend for å ha utvikla CICC-modellen (Culture-infused Career Counselling), og ho har skrive boka Counselling in Cultural Contexts - Identities and Social Justice.

Klimaendringar og grøn omstilling

Då ho jobba som karriererettleiar i Canada, kom ho tett på lokalsamfunn som nærast har gått dukken.

– Tradisjonelle næringar som kolgruvedrift er blitt reduserte, og arbeidsplassar har forsvunne. Samstundes har etterspurnaden auka i olje- og gassproduksjon, som må fylgje krav om å redusere miljøskadar og utslepp av klimagassar.

Ho har jobba mykje med å rettleie vaksne som av ulike grunnar står i omstilling, og treng å finne nytt yrke.

– Investeringar i grøn energi driv fram innovasjon og nye måtar å arbeide og leve på. Eit viktig spørsmål er: Korleis førebur vi menneske på jobbar som ikkje finst enno?

Frå krig og brot på menneskerettar – til endra arbeidsliv

Eldrebølgje, lågare fødselstal i vestlege land og behovet for fleire helsearbeidarar er andre trendar som påverkar oss. Arthur ser at mange vestlege land står i det same paradokset.

– Så mange snakkar om mangel på arbeidskraft. Samstundes står ein stor del av befolkninga utanfor arbeid, og særleg er det ei utfordring med unge i utanforskap. Det må gjerast nokre grep for å fylle dette gapet.

Krig, eit svekka internasjonalt samarbeid, aukande brot på menneskerettar og ein forverra tryggingssituasjon pregar oss alle. Belastninga er likevel skeivt fordelt – igjen er det fattige land som blir råka hardast.

Karriererettleiing som varer

Samstundes stig prisane, bustadkrisa breier om seg fleire stader i Vesten, og det blir færre stabile jobbar.

– Før var det gjerne slik at eit arbeidsforhold var noko som varte livet ut. I det låg det ei tryggleikskjensle og ei tru på at arbeidsgjevar gav oss det vi trong. Dette langtidsperspektivet finst ikkje lenger i ei verd som endrar seg raskt, seier Arthur.

Ho argumenterer for at behovet for tettare oppfølging frå karriererettleiarar har auka i vår tid.

– Karriererettleiing har tradisjonelt vore brukt mest i samband med overgangar – det klassiske er unge som skal ut i jobb. Men karriererettleiing bør ikkje berre støtte menneske i inngangen til arbeidslivet, men òg følgje dei vidare slik at dei kan bli ståande i jobben.

Arthur meiner arbeidsgjevarar med fordel kunne samarbeidd tettare med karriererettleiarar.

Sosial rettferd og «agents of change»

For Arthur har karriererettleiing alltid vore nært knytt til sosial inkludering og rettferd – og det er ikkje blitt mindre viktig.

– Kven tek kontakt med oss som er karriererettleiarar? Kven gjer det ikkje, og korleis kan vi nå dei som ikkje tek kontakt? Det er spørsmåla vi må stille. Eg er oppteken av inkludering, og der har vi eit stort ansvar for å nå så mange som mogleg.

Ho går endå lenger, og meiner karriererettleiarar kan vere «agents of change».

Ho forskar no på kva for barrierar kvinner møter i byggjebransjen, og korleis desse kan brytast ned.

– Vi kan bruke den faglege kompetansen vår til å skape endring, òg i det små. Ei enkel handling, som å invitere ein inspirerande gjesteførelesar til eit møte på jobben, kan opne for nye perspektiv. Det kan bli starten på eit samarbeid, eller gi impulsar som endrar måten vi tenkjer og jobbar på.

Bilde
Kvinnelig professor
Bildetekst
For Nancy Arthur har karriererettleiing alltid vore nært knytt til sosial inkludering og rettferd. I dag er jo professor og dekan ved det nye Adelaide University i Australia. Foto: Lisbet Jære