Ferdig utdanna lærar? Søk opptak til enkeltemnet utdanningsval

Article tema
Ferdig utdanna lærar? Søk opptak til enkeltemnet utdanningsval

For første gang kan ferdig utdanna lærarar søka opptak til emnet utdanningsval. – Lærarar treng å oppdage kva dette faget kan vere og kva tyding det kan ha i livet til unge menneske,  seier faglærar Petra Røise ved Universitetet i Søraust-Noreg.

No kan lærarar ta vidareutdanning med 30 studiepoeng i utdanningsval. Emnet går over eit semester og er nett- og samlingsbasert.

Den første delen av emnet set søkelyset på sjølvinnsikta og refleksjonane til skuleeleven; korleis legge til rette for at eleven kan utforske identiteten sin og moglegheitene sine, men også bli kjent med arbeidsliv, moglegheitene i samfunnet, samt krav og behov.

Den andre delen handlar om elevanes relasjon til fellesskapet og den utovervende verksemda av utdanningsval, med samarbeid, nettverk, arbeidsliv, menneske og organisasjonar.

Utviklingsarbeid som del av studiet

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har tilrettelagt for at lærarar i jobb kan følgje faget. Det vil og vere mogleg å gjere eit utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, fortel faglærar Petra Røise.

– Dersom du jobbar som lærar kan du som ein del av emnet og eksamen gjere eit utviklingsarbeid i din eigen praksis. Da blir studiet ikkje noko som føregår på sidelinja, men heng saman med det du gjer i kvardagen og undervisninga du står i.

Røise anbefaler alle som er nysgjerrige på korleis elevar navigerer mellom utdanning, arbeid og livet, om å søke på studiet.

– Du treng ikkje kunne så mykje. Undring og nysgjerrigheit er ein godt stad å starte for å lære noko nytt, seier Røise.

Et annleis emne

Tidlegare emnedeltakarar som studerer for å bli grunnskolelærarar, har opplevd emnet som ganske annleis, ifølge Røise.

Studentane fortel at dei endeleg har fått materiale og ferdigheiter som gjer det mogleg for dei å verkeleg bli kjent med elevar. Dei fortel om ferdigheiter knytt til å fasilitere dialog, mellom anna rundt tema utan klare svar. Dette kan dei overføre og til andre fag.

– Det er ei oppdaging kva dette faget kan vere og kva tyding det har i livet til unge menneske. Elevane seier dei vil ha dette faget, og at dei ikkje kan få nok av nye erfaringar som hjelper dei til å sjå framtida og korleis verda utanfor skulen ser ut, fortel Røise og legg til at lærarar treng å finne ut av korleis dei kan bli trygge i faget. 

Stemoderleg behandla

Ifølge faglæraren er utdanningsval det einaste obligatoriske faget i norsk skule utan kompetansekrav, sett bort ifrå valfag og arbeidslivsfag. Det er ho ikkje fornøgd med.

– Det får konsekvensar for kva lærarstudentar vel å fordjupa seg i og kva signal vi sender til rektorar om kva som er viktig i løpet av eit barns skuleløp. Dermed blir det framstilt at faget utdanningsval kan praktiserast utan spesifikk kompetanse, og konsekvensen er at faget blir stemoderleg behandla, seier Røise, som vil sørgje for at faget heller blir ein suksess.

– Vi treng ei vidareutdanning som kan sørgje for kompetanse i faget, så alle elevar får møte lærarar som veit korleis dei skal gripe an faget, seier ho, og peiker på fullføringsreforma og dermed den politiske relevansen til faget.

– Dersom unge menneske skal ha valfridom med korleis dei legg opp det framtidige løpet sitt, så må vi i ungdomsskolen førebu dei på det.

Bilde
Illustrasjonsbilde fra Colourbox to mennesker som sitter ved en PC og forklarer noe for hverandre
Bildetekst
Foto: Illustrasjon fra Colourbox

Emnet utdanningsval ved USN

  • Studie består av to emne på 15 studiepoeng kvar.
  • Nettundervisning frå 12.00 -15.00 på tysdagar.
  • Tre obligatoriske samlingar på campus Drammen.
  • Emnet er ikkje eit betalingsstudium, og derfor treng du berre å betala semesteravgift. 
  • Du må være ferdig utdanna lærar, eller vere i gang med grunnskoleutdanninga.
  • Søknadsfrist 20.04.2022, kl. 14:00. 
  • Faglærar er Petra Røise
  • Les meir om emnet utdanningsval og søk opptak