Får kjensla av å prate utan lyd

Article tema
Får kjensla av å prate utan lyd

På Karrieresenter Hedmark jobbar tre rettleiarar for Karriereveiledning.no, ein nasjonal digital karriererettleiingsteneste. Med chat og telefon rettleier dei vegsøkarar over heile Noreg, frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar. Veilederforum tok ein prat med ein av rettleiarane, Magnar Sætre.

– E-rettleiing er eit felt som er under stadig utvikling, og som eg trur det vil bli meir og meir behov for. Arbeidslivet er så omskifteleg om dagen. Nye jobbar kjem, samtidig som andre blir borte. Mykje av utdanning og yrkeskompetansen vil ein sikkert få behov for i ei anna form, og da må e-rettleiingstenesta få fram dei moglegheitene, seier Magnar Sætre, ein av tre rettleiarar frå Karriereveiledning.no med kontorplass på Karrieresenter Hedmark.

Han har rådgivarerfaring frå offentleg og privat næringsliv, men også utdanning og arbeidserfaring frå sal. Sjølv beskriv han kommunikasjon og relasjonar som den raude tråden i karrieren. Sætre trekker gjerne på eigne erfaringar i rettleiinga, og fortel at han kom fram til eit punkt i karrieren der det ikkje var morosamt med sal meir.

– Da bør du gi deg. Det er ingen som vil kjøpe ting av folk som ikkje vil selje. Eg ville jobbe meir med menneske; det gir meg mykje å sjå den einskilde si utvikling.

Etter mange år som rettleiar i NAV og arbeidsmarknadsbedriftar byrja han i 2021 å jobbe for Karriereveiledning.no, frå Karrieresenter Hamar.

Den digitale rettleiingstenesta Karriereveiledning.no har tilsette som jobbar for fylkeskommunen i Bergen, Trøndelag, på Hamar og for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i Tromsø.

– Det er spennande å få jobbe med ei nasjonal målgruppe og nye metodar, som å reindyrke rettleiing over chat og telefon, men og å få vere med på å bygge opp tenesta, seier Sætre.

Kollegafellesskap over Teams

Tenesta er oppe frå tidleg om morgon til kveld. Dagjobb føregår fysisk på kontoret, medan kveldsjobbing skjer på heimekontor. På Teams held rettleiarane kontakt både for å vere sosial, men og for uformell kollegarettleiing.

– Når eg koplar meg opp med dei andre avdelingane i landet, kjennest det som at vi sit ved sida av kvarandre sjølv om vi har kontor i Bergen, Trøndelag og Tromsø.

På Teams utvekslar rettleiarane spørsmål og deler informasjon om alt frå faglege tema, ulike utdanningsvegar eller meir etiske dilemma.

– Det gir ein tryggleik å ha kontakt med dei andre rettleiarane når du chattar med vegsøkarar, seier Sætre.

Vegsøkarar frå heile landet

I den digitale rettleiingstenesta er ingen dag lik, fortel han.

– Det er inga bestemd målgruppe som tar kontakt. Det kan vere alt frå ein ungdomsskuleelev til ein som er 70 år eller meir, og frå folk som har to mastergrader til ein som ikkje har utdanning eller arbeidserfaring.

På ungdomsskulenivå blir det ofte stilt spørsmål om vegar til fagbrev eller ulike fagkombinasjonar på vidaregåande nivå som blir kravd for å komme inn på høgare utdanning, til dømes fagkombinasjonar i matte. For vaksne er det ofte spørsmål om moglegheita for å ta fagbrev på jobb eller endå eit fagbrev, fagbrev nummer to. Dei som er over 40 år lurer gjerne på moglegheiter for vidareutdanning og jobbskifte.

Og vegsøkarane, dei kjem frå over heile landet: –  Eg kan chatte med ein lokal frå rett borti gata, og etterpå med ein frå Kirkenes eller Florø.

Ifølgje Sætre føregår rettleiinga over chat og telefon med cirka 70/30 fordeling. Han trur vegsøkarar vel chat på grunn av moglegheita for å vere anonym.

– Når du er anonym, har du meir kontroll og det er ein lågare terskel for å be om rettleiing, det er den aller største styrken. Dørterskelen er mindre, og du har moglegheit til å få raskt svar.

Bruker same språk som vegsøkar

I rettleiinga hender det han trekker fram nokre enkle øvingar som SWOT-analyse, som vanlegvis blir brukte av bedrifter. Vegsøkar kan då utforske styrkane sine, svakheiter, moglegheiter og utfordringar for å komme dit vedkommande ønsker.

– Eg prøver å få vegsøkar til å sjå litt tovegs på det, litt som ein stol-lek der vi byter stol. Du set deg først i arbeidssøkar si situasjon og fortel om deg sjølv til arbeidsgivar basert på SWOT-analyse. Så set du deg i arbeidsgivarstolen og vurderer svara, gjerne med oppfølgingsspørsmål og deretter tilbake i arbeidssøkarstolen. Då treffer spikaren på hovudet, og vegsøkarar kan oppdage noko nytt, til dømes noko som kan takast med i CV eller noko dei ikkje har tenkt på om jobbintervju.

Av og til ønsker han seg fysisk rettleiing for å kunne sjå andletsuttrykka til vegsøkaren, men fortel at han over telefon kan tolke mykje ut frå stemma og tonefallet. Når han chattar, forsøkjer han å bruke same språk som vegsøkar. 

– Du blir litt kjent med korleis folk ordlegg seg skriftleg og prøver å spegle det. Til dømes om vegsøkar bruker metaforar, så kan eg svare med metaforar tilbake, då får eg kjensla av at vi pratar utan lyd.

Bilde
Portrett Magnar Sætre ved karriereveiledning.no
Bildetekst
– Når eg koplar meg opp med dei andre avdelingane i landet, kjennest det som at vi sit ved sida av kvarandre sjølv om vi har kontor i Bergen, Trøndelag og Tromsø, seier Magnar Sætre, som held kontakt med dei andre i Karriereveiledning.no gjennom blant anna Teams. Foto: Eline Anker/Veilederforum.no

Karriereveiledning.no

  • Karriereveiledning.no er ein offentleg og kvalitetssikra nettside.
  • Karriererettleiarar som sit i Tromsø, Bergen, Trøndelag og Hamar tilbyr rettleiing over chat eller telefon.

Karriereveiledning.no