- Nettverk er den viktigaste karrierekompetansen

Article tema
- Nettverk er den viktigaste karrierekompetansen

Marinka Kuijpers, professor ved Open universiteit i Nederland, har saman med andre forskarar utvikla fem karrierekompetansar. Den viktigaste av dei er å skape og vedlikehalde nettverk, hevdar ho. 

- I forskinga mi på personar i arbeid såg vi at det var ein samanheng mellom subjektiv og objektiv karrieresuksess og det å kunne nettverke, seier Kuijpers. 

Med subjektiv karrieresuksess meiner ho at ein arbeider med noko ein verkeleg likar, og at ein kan utvikle seg sjølv i jobben. Objektiv karrieresuksess handlar ifølgje Kuijpers om mellom anna lønsnivå, moglegheitene for opprykk eller nye arbeidsoppgåver og ikkje minst det å bli vald ut blant andre søkjarar til ein jobb. 

Ein magisk kompetanse

Funn frå nokre av dei andre forskingsprosjekta hennar tyder på at det å kunne nettverke heng saman med kjensla av å vere på rett stad jobbmessig, og at ein har valt ei utdanning som kjenst rett for seg. 

- Så det å kunne nettverke ser ut til å vere ein slags magisk kompetanse, seier Marinka Kuijpers.

Fem kompetansar

Dei fem karrierekompetansane ho nemner, er: 

  • refleksjon rundt kva for ferdigheiter, eigenskapar og kompetanse ein har 

  • refleksjon rundt dei karrieremessige motiva og ønska som er viktige for ein sjølv  

  • yrkesutforsking – kva for krav og verdiar finst innanfor ulike yrke og bransjar, og korleis samsvarar dei med eigne krav og verdiar?  

  • «handlingsevne» – evne til å handle eller velje kva for handling ein vil gjere (agency) 

  • skape og vedlikehalde nettverk   

Desse fem områda ser ho som ein stadig pågåande, dynamisk prosess, som kan gå føre seg ikkje minst gjennom karrieresamtalar. 

Kopling til verda

Marinka Kuijpers er professor ved Open universiteit i Nederland, og er òg direktør for Loopbaangroep, som tilbyr karriererettleiingstenester til verksemder. Ho forskar på mellom anna karrierekompetanse og karrierelæring. Eit aktuelt forskingsprosjekt ho har delteke i, handlar om vaksne si læring.  

Ho var eitt av hovudnamna på den internasjonale karriererettleiingskonferansen i Haag sist sommar. Der knytte ho nettverkstanken opp til læring. Ho trur læring i framtida vil gå føre seg meir gjennom nettverk, og meir kopla til andre menneske og omverda generelt, og mindre som ei individuell kunnskapsoppbygging. Marinka Kuijpers kallar dette for connectivism. Denne tilkoplinga til omverda handlar ifølgje Kuijpers mellom anna om omsynet til berekraft og eit arbeidsliv med andre krav enn tidlegare. 

Balanse

Når vi snakkar med henne etter konferansen, spør vi om ho kan utdjupe omgrepet tilkopling, og kvifor ho ser det som viktig. Ho tek utgangspunkt i dei som er heilt unge no. 

- Om ein ser karriereutvikling som noko som balanserer mellom fridom, ansvar og tilkopling (connectivity), så har denne generasjonen tyngdepunktet på fridom, medan min eigen generasjon (fødde på 60-talet) ikkje hadde denne fridomen. I staden hadde vi meir fokus på ansvar. Vi måtte kjempe for fridomen vår. Derfor må vi lære dei som er heilt unge no, korleis dei kan kople seg opp mot verda, seier Marinka Kuijpers, og meiner her ikkje kopling i digital forstand, men i eit meir heilskapleg perspektiv.

Samfunnsansvar 

Viss vi skjønar henne rett, meiner ho altså at karrierelæring òg handlar om samfunnsansvar. Det er fordi arbeidsstokken blir mindre grunna den demografiske utviklinga med fleire eldre menneske. 

- Derfor treng vi all den arbeidskrafta vi rår over, med dei talenta og den motivasjonen desse menneska har. Og derfor treng dei å kople seg opp mot verda. Dei treng å kople seg opp mot andre menneske, andre aktivitetar og òg seg sjølve, det vil seie sine eigne motivasjonar og verdiar, seier Marinka Kuijpers. 

Men ho meiner som nemnt at dette samfunnsansvaret òg handlar om berekraft. 

- Det handlar om å gå frå ego til eco

Frå IQ til AQ

Ho ser arbeidsplassen som ein viktig arena for læring framover, der den einskilde bør ha fokus på å ha kontakt med menneske med mange ulike kompetansar, i og utanfor bedrifta. Og dette gjeld alle generasjonar.  

Som allereie nemnt ser ho òg handlingsevne (agency), som ein viktig karrierekompetanse. I føredraget sitt lanserte ho omgrepet agency quotient, AQ, som ein (betre og meir relevant) parallell til omgrepet intelligenskvotient, IQ. Ho tar til orde for at både kvar enkelt, og samfunnet rundt, skal bli meir merksame på, og styrke, kvar einskild si handlingsevne eller AQ.  

Rom for å prøve nye ting

Dette perspektivet kan arbeidsplassane òg ha nytte av, meiner Marinka Kuijpers, som ser arbeidslivet som ein viktig arena for læring i åra framover. For å skape gode læringsmiljø – òg for karrierelæring – meiner ho arbeidsplassane må gi rom for å prøve ut nye ting og gjere feil. 

- Det er òg slik både den einskilde og bedrifta utviklar seg vidare, seier Marinka Kuijpers. 

Bilde
Portrettbilde av Marinka Kuijpers

Nokre høgdepunkt frå den internasjonale karriererettleiarkonferansen 2023

I fjor haust og i vinter intervjuar vi tre forskarar som medverka på den internasjonale karriererettleiingskonferansen i regi av IAEVG i 2023. Vi har valt å trekke fram nokre nye namn i norsk samanheng som presenterte til dels nye perspektiv på karriererettleiing.   

Dei tre er:   

  • Jos Akkermans (Nederland): om karrieresjokk   

  • Peter Weber (Tyskland): om samarbeid mellom HR og karriererettleiing   

  • Marinka Kuijpers (Nederland): om nettverk