Ringerike fengsel er eit høgrisikofengsel med plass for 160 innsette, og ligg på Tyristrand utanfor Hønefoss. Det er ikkje berre å komme hit. Fleire veker i føreveg må du sende inn passinformasjon for å bli sikkerheitsklarert. Vel framme trykker du på ein nesten usynleg liten ringeknapp på ein stor, naken betongvegg. Inne i resepsjonen ventar ein ny sikkerheitssjekk, som på ein flyplass.
For å komme til hovudbygget der Gry Helgerud har kontor, må du krysse ein utvendig «borggard», som fungerer som ei ekstra sikkerheitssone. Denne sona gjer eit audsleg inntrykk. Det kjennest som å forsere eit ingenmannsland, der du på den andre sida trør inn i ei anna verd. Ordet alvor er det som kanskje nærmast beskriv kjensla av å møte denne verda.
Gry er førstelinja
Men i møterommet der vi set oss ned for å prate, kjem kaffi raskt på bordet, og det rår ein venleg stemning. Gry Helgerud er rådgivar ved Hønefoss vidaregåande skule med Ringerike fengsel som arbeidsplass. Ho har med seg den nærmaste leiaren sin, Linn Skjønnhaug Forbord, som er områdeleiar for Ringerike fengsel ved skulen.
Dei jobbar tett saman og har ei god arbeidsdeling, fortel dei. Linn Forbord har det overordna ansvaret, står for ein del planlegging og innhentar naudsynt informasjon om elevane.
- Gry er førstelinja, det er ho dei innsette forheld seg til, seier Linn Forbord.
Har hatt jobben i 25 år
Gry Helgerud har hatt denne jobben i 25 år. Ho er karriererettleiar i 70 prosent og norsklærar i 30 prosent. Bakgrunnen hennar er lærarutdanning og vidareutdanning i rådgiving, karriererettleiing, rettleiingspedagogikk og sosialpedagogisk rettleiing.
Ei heilskapleg karriererettleiing er målet i Ringerike fengsel, men dei er ikkje heilt der enno, fortel Gry Helgerud.
- Det er mest ein-til-ein-samtalar, men vi har tenkt litt på å starte opp grupperettleiing, kan hende òg prøve interessetestar. Vi arrangerte nyleg ei arbeids- og utdanningsmesse, og vi ønskjer å informere enda meir om jobbmoglegheiter framover. Vi har innført dette som ei årleg messe. I år var tredje gongen, og det ligg som eit punkt i årshjulet hos oss og fengselet, seier Gry Helgerud.
Ho legg til at dette har utspring i heftet ho og Geir Syvertsen har laga (sjå anna sak på sida).
Fem utdanningsprogram
Fengselet har tilbod om fem vidaregåande utdanningsprogram: Restaurant- og matfag, sal og service, byggfag, teknologi og industrifag, og dessutan påbygg til studiekompetanse. I tilknyting til utdanningsprogramma er det innreidd mellom anna eit profesjonelt kjøken, ein godt utstyrt daglegvarebutikk, ein trevareverkstad og ein mekanisk verkstad.
Dei innsette får ikkje forlate området, og har ikkje tilgang på internett. Dette set store avgrensingar. For yrkesfaga sin del betyr det mellom anna at elevane ikkje kan gjennomføre eit vanleg praksisløp medan dei sonar her. Det gjer at det er vanskeleg å fullføre heile utdanningsløpet.
Har tru på planlegging
Det at det er så lite føreseieleg, skapar utfordringar, fortel Gry Helgerud.
- Vi har derfor stor tru på planlegging: Det å planleggje eit soningsforløp, og planleggje ut ifrå at dei ein gong skal ut i open anstalt.
Ei anna utfordring med denne vegsøkjargruppa er at mange ikkje har fullført ei utdanning.
- Veldig mange har vore innom to–tre utdanningsprogram i vidaregåande, men dei veit ikkje kva dei ønskjer. Då er det jobben vår å prøve å samle dei rundt noko som kan gi moglegheit for ein sluttkompetanse, seier Linn Forbord.
Ho fortel at elevane får eit skreddarsydd undervisingsopplegg, med tett oppfølging av lærarar og rådgivar. Målet er å få til eit mest mogleg saumlaust løp.
«Studiekompetanse, og kva så?»
Ei fanesak for Gry Helgerud og Linn Forbord er å gjere det lettare for dei innsette å ta høgare utdanning.
- Det stoppar ofte med spørsmålet «studiekompetanse, og kva så?» seier Gry Helgerud.
Ein av dei innsette her som planlegg å ta høgare utdanning, er «Erik» (33). Han har takka ja til å treffe Veilederforum.no, og eg helsar på han i eit undervisningsrom. Det ligg i ein korridor bak ei låst dør. Vel inne i korridoren synest òg eit musikkrom, eit trykkeri for profileringsartiklar som drikkeflasker og krus og eit bibliotek. Eg merkar meg at kontoret til Gry Helgerud òg ligg her.
Har eit klart yrkesmål
«Erik» tek nå fag retta mot ei bachelorutdanning, og har eit klart yrkesmål. Då han kom til Ringerike fengsel, hadde han ikkje skulegang etter grunnskulen. I fengselet har han oppnådd studiekompetanse på under normert tid.
Men det er utfordrande å studere, seier han.
- Mellom anna krev dei at du møter opp på førelesingar. Men eg prøver å førebu meg så godt som mogleg, seier «Erik», med tanke på at open soning seinare kan gjere det mogleg å fullføre.
Han fortel at han har lagt ein plan for studiane framover saman med Gry Helgerud. I rettleiingssamtalane har dei òg snakka om kva som er mogleg og ikkje mogleg jobbmessig.
Vart interessert i kunnskap
Yrkesplanane dukka opp etter at han vart innsett.
- Eg har aldri nokon gong visst kva eg skulle gjere. Etter at eg kom hit, byrja eg å lese bøker og har fått interesse for kunnskap, seier han, og legg til:
- Det å ha ein konkret plan, noko å sikte mot, er det første gongen eg har hatt, seier «Erik», og beskriv karriererettleiingstilbodet som «essensielt» i situasjonen hans.
- Kva har karriererettleiinga bidrege med?
- At ho (Gry) sakte men sikkert har bygd opp ein sjølvtillit til at eg faktisk kan klare det. At det finst ein konkret, mogleg plan framover, seier «Erik».
Etiske problemstillingar
Gry Helgerud og Linn Forbord fortel at etikk utgjer ei viktig ramme for rettleiinga. Mykje av det er knytt til moglegheiter og avgrensingar. Til dømes viss ein har ei historie med valdsbruk, kva kan ein då jobbe med?
- Eit viktig poeng når du rettleiar desse elevane, er at det må vere realisme i det, seier Linn Forbord.
Ein sviktar oppgåva si som rettleiar viss ein ikkje tek tak i slike tema, meiner Gry Helgerud.
- Det er forståeleg at det er vanskeleg om draumen blir pulverisert, men så kan ein byrje å jobbe vidare derfrå, seier ho.
Nokon kan gå attende til jobb
Kor lett er det for dei innsette å få jobb etter soning? Linn Forbord og Gry Helgerud seier at fleire av elevane deira som var i fast jobb då dei starta soninga, har fortalt at dei har ein avtale med arbeidsgjevar om å komme tilbake.
Andre, som står på bar bakke jobbmessig etter enda soning, kan ha større utfordringar. Fengselet samarbeider med fleire arbeids- og inkluderingsbedrifter som prøver å tette den såkalla «glippsona».
Gry Helgerud samarbeider òg med Nav, som besøkjer fengselet to gongar i veka. Sosialkonsulenten i fengselet og betjentane er òg viktige samarbeidspartnarar.
«Overtek» elevar
Gry Helgerud sin jobb skil seg nok litt frå mange andre karriererettleiarar i skulen. Mellom anna har skulen eigne rutiner for elevar med åtferdsproblem.
- Der kjem rådgivar inn dersom lærarar ikkje når gjennom. I siste instans kjem både avdelingsleiar og rådgivar inn, ved til dømes utvising. Rådgivar må kontinuerleg jobbe aktivt med skulemiljøet, og i samarbeid med faglærarar og fengsel finne løysingar. Rådgivar er òg elevane sin representant i møte med fengselet. Så det er ei viss dobbelheit i rolla, seier Gry Helgerud.
Ho fortel at både dei fengselstilsette og skuleavdelinga aktivt prøver å endre negative åtferdsmønster. Mellom anna prøver dei å lage samlingsplassar, slik som kulturarrangement og faste møte, for å styrkje evna til å fungere i sosiale settingar, og dermed òg styrkje moglegheitene på arbeidsmarknaden i framtida.
Har funne draumejobben
Jobben hennar er krevjande, vil nok mange tenkje. Men for Gry Helgerud er det den rette jobben.
- Det er nokon som har sagt noko slikt som «finn ein jobb du elskar, og du treng aldri å jobbe ein dag meir i livet ditt». Den jobben har eg funne, seier ho.
Først og fremst handlar det om menneska, seier Gry Helgerud.
- Av og til får du ei oppleving som gjer at du tenkjer «det er derfor eg er her». Når du får til noko, når noko skjer. Eg er òg heldig med leiinga og kollegaene, og at eg heile tida får utvikle meg i arbeidet.
Mot slutten spør eg korleis ein blir ein god karriererettleiar i kriminalomsorga.
- Det handlar mykje om menneskesynet ditt. At du ser heile mennesket og alle tinga rundt, svarar Gry Helgerud.
- Du må ha eit usliteleg syn på at alle er verd noko.