Forfattar: Tristram Hooley, Rosie Alexander og Gill Frigerio
Publiseringsår: 2024
Forlag: Trotman
Kva handlar boka om?
Boka dekkjer alle dei dimensjonane ved karriererettleiing som vi meiner karriererettleiarar bør ha kunnskap om. Vi ser på karriererettleiaren si rolle og konteksta og systema vi jobbar innanfor: arbeidsmarknaden og utdannings- og rettleiingssystema. Vi ser på dei teoriane karriererettleiing baserer seg på, og deretter breidda av aktivitetar karriererettleiarar engasjerer seg i: karrierecoaching, karriereutdanning, informasjonsdeling og bruk av ressursar i eigen praksis, og i tillegg måten vi jobbar på innanfor organisasjonar, og som leiarar.
Kven er boka retta mot?
Boka er spesielt retta mot personar som studerer for å bli karriererettleiarar, og har ein del stoff om korleis du kan tilnærme deg studia dine, og utvikle og styre din eigen karriere. Men vi trur òg boka vil vere ein verdifull ressurs for alle rettleiarar som ønskjer å utvikle seg fagleg.
Kvifor har de skrive boka?
Vi opplevde at det var behov for ei eittbinds lærebok for grunn- og etterutdanningskurs som dekkjer spekteret av kunnskap og ferdigheiter karriererettleiarar treng i arbeidet sitt no for tida, og som speglar av breidda av aktivitetar karriererettleiarar engasjerer seg i: ikkje berre å hjelpe menneske éin til éin, men òg å leie, arbeide for og utvikle nye sett å jobbe på, og evaluere kva for innverknad personane har.
Strukturen i boka:
Det er tolv kapittel, omtrent like lange, jamvel om kapittel seks er litt lengre på grunn av gjennimgangen av teoriar. Det er ei nyttig ordliste med termar, i tillegg til notar og referansar. Kasusstudiar av rettleiarar og arbeidet deira er spreidde gjennom heile boka. Kvart kapittel viser til ytterlegare ressursar og punkt for refleksjon, og vert avslutta med eit «i et nøtteskal-samandrag», som blir illustrert av eit veldig muntert ekorn.
Kapitel 1: Exploring careers and the career development profession
Kapitel 2: Studying to become a career development professional
Kapitel 3: The role of the career development professional
Kapitel 4: The context for careers work
Kapitel 5: Understanding guidance systems
Kapitel 6: Making use of career theory
Kapitel 7: Career Coaching and Counselling
Kapitel 8: Career Education
Kapitel 9: Using career information, resources and tools
Kapitel 10: Working with organisations and systems to support career development
Kapitel 11: Leading career development services
Kapitel 12: Reflecting and moving forward