Aktuell fagliglitteratur: «Uddanelse og job. Karrierelæring i skolen»

Article tema
Aktuell fagliglitteratur: «Uddanelse og job. Karrierelæring i skolen»

Denne boka handlar om karrierelæring og karriererettleiing i den danske skulen. Forfattarane gir ein teoretisk bakgrunn for arbeidet med karrierelæring, og viser gjennom praktiske døme korleis ein kan jobbe med emnet Utdanning og jobb, mellom anna som ein integrert del av undervisninga.

Tittel på fagboka: Uddannelse og job. Karrierelæring i skolen

Forfattarar: Rie Thomsen, Randi Boelskifte Skovhus, Bo Klindt Poulsen og Rita Buhl

Utgivingsår: 2024

Kva handlar boka om?

Boka handlar om karrierelæring og karriererettleiing/utdannings- og yrkesrettleiing i skulen frå 1. til 10. trinn. Boka gir ein teoretisk bakgrunn for kvifor det er relevant å støtte karrierelæringa til barn og unge gjennom heile skulegangen på ein systematisk, samanhengande og meiningsfull måte. Boka innleier med eit forord og ein introduksjon som har fått tittelen «Unge kan kun drømme om noget, de kender til». Her blir mellom anna karriere- og karrierelæringsomgrepa introduserte. Det neste kapitelet handlar om korleis det tverrfaglege emnet Utdanning og jobb kan forståast som ein del av formålet med skulen. Kapittelet gir også ei oversikt over ulike måtar å organisere undervisninga i emnet. I det neste kapittelet er fokuset på korleis skulen kan samarbeide om utdanning og arbeid, kvifor samarbeid er viktig, og kven det kan vere aktuelt å samarbeide med.

I kapittel 3 har vi formulert ni kjenneteikn på god karrierelæring og karriererettleiing, basert på internasjonal og dansk forsking.

Dei etterfølgjande kapitla handlar om sosiologiske og normkritiske perspektiv på karrierelæring, og gir gjennom utvalde karrierelæringsteoriar ulike perspektiv på korleis karrierelæringa til barn, unge og vaksne går føre seg. Deretter er det eit kapittel med fokus på å støtte opp om felles utforsking, nysgjerrigheit på verda og perspektiva til kvarandre og arbeidet med gode spørsmål. Dette gjeld både spørsmål som lærarar, karriererettleiarar og andre vaksne kan stille, og som elevane kan stille til kvarandre. Boka blir avrunda med vekt på at framtida også er her i morgon, og ei oversikt over inspirasjonsmateriell til faglæraren og karriererettleiaren.

Gjennom boka blir praktiske døme på korleis ein kan jobbe med det tverrfaglege emnet Utdanning og jobb, presentert, mellom anna som ein integrert del av undervisninga. Det er også øvingar for lesaren undervegs i boka. Dei gir moglegheit for både individuell refleksjon og refleksjon og diskusjon med medstudentar, kollegaer og leiarar som grunnlag for arbeid med karrierelæringa til barn og unge. Øvingane løftar til dømes fram tydinga sosiale fellesskapar kan ha for karrierelæring. Øvingane handlar også om å få auka merksemd på, og forståing for, eigne normer knytte til utdanning, jobb og arbeidsliv, og korleis normene kan ha noko å seie i arbeidet som lærar eller karriererettleiar. Dei ni kjenneteikna for god karrierelæring og karriererettleiing dannar også ei ramme for nokre av øvingane. 

Kven er boka retta mot?

I den nye lærarutdanninga i Danmark finst det eit valfag som rettar seg mot undervisning i emnet Utdanning og jobb. Emnet er obligatorisk, og skal tilbydast på alle klassetrinn. Undervisninga skal danne grunnlaget for karriererettleiinga som elevane får i ungdomsskulen (8., 9. og den frivillige 10. klassen).

Målgruppa for boka er lærarstudentar som har valt Utdanning og jobb som valfag. Boka er også aktuell for lærarar, karriererettleiarar og andre som er opptekne av korleis skulen kan støtte perspektiva til barn og unge på utdanning og arbeidsliv slik at dei får tru på seg sjølve når det gjeld deira eiga framtid. Boka kan også vere relevant for dei som rettleiaren ønskjer å samarbeide med.

Med kven og korleis kan ein samarbeide om karrierelæring i skulen?

I boka blir ni kjenneteikn på kvalitet i karrierelæring og karriererettleiing i skulen presenterte:

  1. Ein synleg og samanhengande årsplan
  2. Karrierelæring på alle klassetrinn 
  3. Karrierelæring og karriererettleiing skaper nysgjerrigheit og utvidar horisonten til elevane
  4. Skulen inviterer ulike arbeidsplassar og tilsette/sjølvstendig næringsdrivande inn i skulen 
  5. Elevane besøkjer ulike arbeidsplassar og får erfaring med arbeid
  6. Elevane oppdagar, opplever og diskuterer utdanning 
  7. Elevane får informasjon og kunnskap om utdanning og arbeidsmarknad 
  8. Elevane har tilgang til profesjonell karriererettleiing/utdannings- og yrkesrådgiving 

Dei ni kjenneteikna peikar på ei rekkje aktuelle aktørar for samarbeid om karrierelæring i skulen. Det er avgjerande at leiinga, som er ansvarleg for karriererettleiinga til skulen, prioriterer innsatsen og støttar opp om samarbeidet. Det er vesentleg at lærarar og karriererettleiarar samarbeider med kvarandre. Andre viktige samarbeidspartnarar er bedrifter, andre institusjonar, utdanningsinstitusjonar og foreldre.

Kvifor har de skrive boka?

Med boka ønskjer vi å gi eit teoretisk grunnlag for lærarstudentar, lærarar og karriererettleiarar sitt arbeid med, og samarbeid om, det tverrfaglege emnet utdanning og jobb og karriererettleiing i skulen. Tanken med boka har også vore å gi inspirasjon til korleis arbeidet med utdanning og jobb konkret kan sjå ut når emnet blir integrert som del av faga i skulen gjennom praktiske døme. Dette for å gi rom for lærarar og rettleiarar sin eigen kreativitet i forhold til å integrere karrierelæring i fag på ein måte som bidreg til engasjerande undervisning. 

Bilde
Bilde av forsiden på boka

Aktuell faglitteratur

Veilederforum ønsker å presentere aktuelle bøker på karriereveiledningsfeltet.

Forfattere forteller hva boka handler om, hvem målgruppa er og hvordan boka er relevant for karriereveiledere.