Betre oversikt med ny modell

Article tema
Betre oversikt med ny modell

– Modellen kan styrke vegsøkjar si oversikt og gi ein betre føresetnad for å ta ei sjølvstendig avgjerd, skriv karriererettleiar Tore Muren.

Då eg begynte som karriererettleiar, i det som den gongen heitte Aetat, såg eg nokså raskt at vegsøkjar gjennomgåande var i ein situasjon meir prega av forvirring enn kontroll.

Ein ting var at eg som karriererettleiar då fekk eit ansvar eg ikkje var komfortabel med. Verst var det om vegsøkjar følte det slik i ei avgjerd med vide følgjer for resten av livet.

Eg tenkte derfor ut eit system og laga ein modell som eg meinte kunne gjere det lettare for vegsøkjar å få oversikt og å ta ei meir aktiv og sjølvstendig rolle i eiga sak. Modellen introduserte vegsøkjar for nokre sentrale tema eller fokusområde for karriereval.

Eg nyttar enno denne modellen i karriererettleiinga, saman med andre nyttige modellar og arbeidsmåtar ved Karriere Hordaland, mellom anna CIP-modellen.

Meir handterleg prosess

Modellen tar utgangspunkt i fire fokusområde: 1. person, 2. historie og bakgrunn, 3. arbeidsliv og 4. ynskje.

I staden for at yrkesvalet står som eitt stort spørsmål, ser vegsøkjar at gjennom ei slik oppdeling blir avgjerdsprosessen meir handterleg.

Svaret på det store spørsmålet; kva skal eg velje, kva skal eg bli, kan faktisk ligge i fleire noko mindre og avgrensa spørsmål som han i stor grad kan arbeide med på eiga hand.

Nedanfor viser eg korleis situasjonen kan visualiserast slik at samanhengen mellom enkeltfaktorane blir tydlegare: Kva retningar eller alternativ peikar seg ut i dei ulike fokusområda? Har alternativa støtte i andre fokusområde?

Motivet med modellen er ikkje å vise vegsøkjar at valet eit spørsmål om logikk. Poenget er at han skal sjå moglegheitene og kva argument som støttar dei. Kva han til slutt skal velje er opp til han å bestemme. Dersom vegsøkjarar syns det er greitt, blir modellen også ein struktur og plan for vårt samarbeid i karriererettleiingssituasjonen.

Bilde
Illustrasjon av modell av Tore Muren
Bildetekst
Modell for arbeid med karriereplan. Illustrasjon: Tore Muren

Når eg har valt ut akkurat desse fokusområda, er det fordi dei er kjelder for ressursar og viktige byggjesteinar, og premissar eller støtte for karriereval.

Å nemne opp akkurat desse fokusområda er absolutt ikkje nybrotsarbeid for vårt fagfelt, men denne måten å stille dei opp på går eir steg lenger enn det til dømes CIP-modellen gjer i å vere eksplisitt og konkret som modell for vegsøkjar i sitt sjølvstendige arbeid.

Kven er vegsøkjar som person?

I innleiinga av samtalane skriv eg opp dei fire fokusområda (person, bakgrunn, arbeidsliv og ynskje) i kvar sitt hjørne av tavla. Eg startar gjerne med å snakke om at det valet ein skal gjere, handlar om å ta omsyn til kven ein er som person, og at dette igjen kan delast i to underspørsmål.

Det eine handlar om meistring. For nokre fell det lett å forstå matematikk, for andre er det språk som er lettast. Nokon kjem lett til begge deler. For nokre fell det enkelt å montere møbler frå IKEA, reparere bilen og pusse opp huset.

Kort sagt handlar det som det Mark Savickas og andre er inne på om å vere klar over kor ein har sine talent. Kvifor spør eg om dette? Fordi sjansane for å hevde seg i konkurransen og lukkast er størst på felt der ein har visse talent. Jan Ivar «Mini» Jacobsen stilte seg ikkje opp i mål. Hans talent kom til sin rett på heilt andre delar av bana.

Dårleg grunn til dårleg sjølvbilete

Ein annan viktig grunn til å stille spørsmål med meistring, er at det gir meg høve til å stille spørsmål ved opplevinga av manglande meistring.

Etter å ha stilt nokre oppfølgingsspørsmål, til dømes om korleis tilhøva i livet var då denne opplevinga vart etablert, innser vegsøkjar ofte at grunnlaget for eit moderat sjølvbilete kanskje ikkje er så sikkert. For mange er dette kanskje det viktigaste som kjem ut av rettleiinga.     

Men for å halde oss til Savickas: Talent er ein ting, men «…there is no substitute for a grounded sense of self.»

Og slik er det; to som er flinke i til dømes matematikk kan elles vere vidt forskjellige som menneske. Nokre finn meining i kreativ, kunstnarisk aktivitet. For nokre gir livet meining gjennom sosiale relasjonar. Forstandig bruk av kartleggingsverktøy kan vere ein tilnærming til desse sidene av vegsøkjar.

Ein annan innfallsvinkel er gjennomgang av vegsøkjar sin bakgrunn og historie.  Dei funna vi gjer, tar vi med opp i fokusområdet person og nyttar dei saman med informasjon frå andre «kjelder». Hovudinnsatsen og den faktiske kjelda til informasjon om desse spørsmåla er vegsøkjar sjølv.

Vegsøkjar sine ressursar

Arbeidet i fokusområdet «bakgrunn og historie» har to føremål. Det eine er som nemnt å hente erfaringar frå vegsøkjar sitt liv, som kan gi innsyn i kven han er som person. Her er eg i tradisjonell konstruktivistisk tradisjon, jamfør blant anna Savickas.

Denne informasjonen tar eg med opp i sirkelen for person og nyttar den saman med informasjon frå andre kjelder.

For det andre handlar dette fokusområdet om å få oversikt over vegsøkjar sine meir faktiske og formelle ressursar, tent opp gjennom utdanning, arbeid og andre livssituasjonar.

Desse ressursane kan danne grunnlag for direkte søking i arbeidsmarknaden eller vidare utdanning. Før vegsøkjar ser seg nøydd til å sjå heilt andre vegar, bør slike moglege måtar å bruke opptente ressursar på gjerast synlege.

Vegsøkjar blir ofte sjølv forundra over dei funna vi gjer. Om vegsøkjar ynskjer å byggje vidare på desse ressursane er ei heilt anna sak og opp til han aleine å bestemme.

Det same gjeld spørsmålet om meistring. Om vegsøkjar vil nytte sitt potensiale for meistring er det han som bestemme. Mi oppgåve og mitt ansvar er å gjere han medviten om faktiske ressursar, og den støtta dei kan gi for ulike val.

Igjen er det  vegsøkjar som er hovudkjelda for informasjon. Heimeleksa mellom møta er å reflektere over desse spørsmåla.     

Arbeidsmarknad som «landingsstad» og idébank

Arbeidsliv er i denne samanheng relevant av to grunnar. For det fyrste fordi det er her planen for karriereval skal lande. Då kan det vere greitt å vite at nokre yrke er store, andre er små; nokre er i vekst, andre ser ut til å minke; nokre yrke har god, andre svakare rekruttering; nokre jobbar finn du på Vestlandet, andre mest på Austlandet.

Eg meiner ikkje med dette at arbeidslivet skal avgjere valet, eller at nokre val er meir fornuftige enn andre. Men eg føler altså eit ansvar for å minne vegsøkjar om denne landinga. Så er det opp til han vekte dette poenget. Utdanning.no er eit veldig godt verktøy på dette fokusområdet.

Så har John Krumboltz eitt poeng: arbeidsmarknaden kan nyttast som det eg gjerne kallar idébank. Kva med dei yrka som vi ikkje veit om og aldri har tenkt på? Og til fleire yrke ein kjenner til, til fleire referansar har ein for utviklinga av yrkesidentitet. Også her er Utdanning.no er eit veldig god verktøy og kjelde til informasjon.

Slik kan ein altså nærme seg eit val utifrå forskjellige utgangspunkt eller fokusområde. Om vegsøkjar ynskjer å basere seg på dei ressursane og moglege løysingane som peikar seg ut, det er ei anna sak og igjen opp til han å bestemme. For å understreke denne fridomen, held eg meg med temaet «ynskje» som eit fjerde fokusområde.

Ta draumen på alvor

Sjølv om eg arbeider aldri så samvitsfullt og grundig på fokusområdet «person» og med framtidsnarrativen, må vi vedgå at vi ikkje er i nærleiken av ein eksakt vitskap. Det er ein grunn for  å ha ynskje som fast og sjølvstendig tema.

Det er etter mitt syn særleg viktig å ta vare på ynskje dersom det rettast må kallast ein draum. Dette av minst to grunnar: I ein draum ligg det motivasjon, og i motivasjon ligg det energi. Kor langt denne energien kan rekke, veit ingen.

I tillegg hender det at vegsøkjar, etter å ha relatert draumen til informasjon i dei ulike fokusområda, konkluderer med at «dette vil koste meir en det vil smake». Vinsten ved å ha tatt draumen på alvor blir likevel at den då blir «parkert» på ein god måte. Alternativet kan lett bli at den bli liggande der og forstyrre alle andre planar. For dei fleste blir ynskje til under vegs i arbeidet med dei ulike fokusområda.

Eit opplyst val

Ved å arbeide med eitt og eitt av fokusområda, kan vegsøkjar i stor grad på eiga hand nærme seg  eit opplyst val. Det er opp til vegsøkjar og hans situasjon kor i modellen arbeidet skal starte.

Illustrasjonen gjer det enklare å sjå samanhengen mellom ulike ressursar og omsyn. Mi oppgåve er å lansere fokusområda og dei tilhøyrande underpunkta og å kome med fagleg forankra innspel.

Mine erfaringar med å bruke denne modellen i rettleiinga er at vegsøkjar sin plass og rolle i eigen avgjerdsprosess blir styrka. Er ser det også som eit verkemiddel for karrierelæring.

Referansar: 

Marc Savickas (2011): Career Counseling. American Psychological Association Washington

Anders Lovén Trenger vi teorier Tonje Fosnes Gravås og Ingjerd Espolin Gaarder (red.) (2011) Karriereveiledning Universitetsforlaget

Højdal og Poulsen 2012 Teorier om valg og karriereproseser. Vejledningsbiblioteket Schultz

Krumboltz J.D. & Levin (2010) Luck is No Accidence. Macking the Most of Happenstanze in Your Life and Career. Atascaderno, CA: Impact.

Bilde
Illustrasjonsbilde, bedre oversikt med ny modell