Ein to tre, på det fjerde skal det skje

Article tema
Ein to tre, på det fjerde skal det skje

Karriere Hordaland har utarbeidd det dei har døypt 1-2-3-modellen. Modellen går ut på at vegsøkjarar får tilbod om tre samtalar med ein bestemt progresjon og eit bestemt siktemål ut frå «bestillinga» til vegsøkjar.

Ved Karriere Hordaland får vegsøkjarar tilbod om samtalar strukturert på ein slik måte at vegsøkjar skal oppleva ei bevisstgjering, få ein progresjon i rettleiingsprosessen og tileigna seg kompetansar for ei livslang karriereplanlegging.

Vi kallar tilbodet vårt «1-2-3 modellen». I denne artikkelen vil vi visa korleis CIP-modellen og CASVE-syklusen dannar ramme for, og gjev struktur til, «1-2-3 modellen».

Bilde
1-2-3-modellen
Bildetekst
1-2-3-modellen. Copyright: Karriere Hordaland.

Angir viktige område

CIP-teorien, og den tilhøyrande modellen, vektlegg betydinga av kognitiv informasjonsprosessering for å ta eit karriereval.

CIP-modellen angir kort fortalt kva områder det er viktig å ha kunnskap om, og som påverkar ein, når ein skal gjere gode og bevisste val om utdanning og yrke. Beslutnings-/valprosessen i CIP-modellen (decision-making-skills-domain) er delt opp i fem fasar og kallast CASVE – syklusen.

Fasane er kommunikasjon, analyse, syntese, vurdering og mål og strategiar. Vi vil no vise korleis CIP-modellen og CASVE-syklusen heng saman med «1-2-3 modellen» vår.

Samtale 1

I den aller første samtalen er hovudfokuset å bli kjend med vegsøkjar. I denne samtalen spelar dei to første fasane i CASVE-syklusen, kommunikasjon og analyse, ei sentral rolle. Saman med vegsøkjar utformar vi ei «bestilling» som vi skriv på ei stor tavle som finst i kvart samtalerom.

Viktige spørsmål i denne kommunikasjonsfasa kan vera: «Kva ynskjer du å oppnå som eit resultat av rettleiinga?» På dette punktet introduserer rettleiar vår tilpassa modell av CIP.

Bilde
CIP-modellen.
Bildetekst
Illustrasjon: CIP-modellen som vert teikna opp til vegsøkjar på tavla (eigenutvikla variant).

Gjennomgangen av CIP-modellen saman med vegsøkjar er starten på analysefasa. Analysefasa inneber mellom anna at vegsøkjar aukar kunnskapane sine om seg sjølv og sine moglegheitar.

Vi vidarefører denne fasa i samtale 1 når vi går gjennom vegsøkjar si valhistorie. Denne gjennomgangen som vert utført kronologisk heilt tilbake til oppstart av vidaregåande skule, er sterkt influert av narrativ teori.

Narrativ karriererettleiing tek utgangspunkt i dei historiene vegsøkjar har om seg sjølv inn i rettleiinga. Ved å setje ord på og fortelja valhistoria si til rettleiar, kan vegsøkjar få vidareutvikla og utvida si eiga historie og bli meir bevisst på seg sjølv og sine moglegheiter.

Vi illustrerer prosessen ved hjelp av eit konstruert case, «Margit».

Case - samtale 1

Margit er i 40-åra, og har bak seg mange år i arbeidslivet. Dei siste åra har ho vore sjukemeldt og har innsett at ho ikkje kan gå attende til jobben ho har hatt. Bestillinga vart å finna nye moglegheiter med den kompetansen ho har.

Når heile tavla er full av valhistoria til Margit, spør rettleiar om ho blir merksam på noko når ho ser på tavla? Ho svarar: «Eg skulle visst hatt ein stopp-knapp som slo inn litt før. Eg ser veldig tydeleg at eg pressar meg sjølv til å stå på heilt til eg kollapsar. Dermed blir resultatet sjukemelding gong på gong. Eg lærer ikkje heller, tydelegvis!»

At vegsøkjar oppdagar og vert bevisst til dømes valstrategiar, interesser som har drive vala deira, og det vi kallar «monstermønster» (unnvikande, gjentakande åtferd som ikkje alltid er føremålstenleg), er ganske typisk.

På slutten av samtale 1 inviterer vi vegsøkjar til å gjennomføre ei vip24-kartlegging, som er ei kartlegging av verdiar, interesser og preferansar, satt inn i et 24 timers perspektiv. Analysefasa fortset for vegsøkjar med at han/ho gjennomfører vip24-kartlegginga heime.

Samtale 2

I samtale 2 fortset analysefasa i CASVE-syklusen med gjennomgongen av vip24-rapporten. Mot slutten av samtale 2 tek vi saman steget over i neste fase i syklusen som er syntesen.  

I gjennomgangen av vip-24-rapporten er det viktig at vegsøkjar får eigarskap til innhaldet. Rapporten er ikkje fasiten på kven vegsøkjar er. For å konkretisere innhaldet i rapporten, vert det naturleg å trekkja parallellar til narrativet/valhistoria frå samtale 1.

Case - Samtale 2

Interessekartlegginga i vip24 viser at Margit er 1) Føretaksam 2) Sosial og 3) Kunstnarisk type. Personlege preferansar: Introvert, iNtuitiv, Følelsesorientert og oPpfattande (INFP).

Her jobbar vi med personlege styrker og utfordringar. Føretaksam type kan ha ein tendens til å vera utprega JA-menneske og både ambisiøse og energiske. Dei har lett for å ta på seg for mykje og strever med å seia nei.

Sosial type sin hjelpar sit gjerne i ryggmargen og difor er dei alltid klar til å hjelpa andre, men svært ofte gløymer deg seg sjølv og sine eigne behov. Etter at Margit og rettleiar har snakka om dette og anna i rapporten, seier ho: «Eg kan liksom ikkje seia nei utan å virra meg inn i håplause forklaringar. Før eg veit ordet av det har eg sagt ja, og så skrik kroppen berre “nei, nei”».

Det andre som ho vert svært overraska over, var at ho kom ut med tydeleg utslag på preferansen introvert (ein preferanse er det ein føretrekk når ein kan velja).

«Eg har aldri høyrt om denne preferansen før, men eg har alltid kjent meg så annleis. Eg lurte på kvifor eg vart så sliten heile tida, det er jo fordi eg ikkje får skjerma meg litt i kvardagen og "lada åleine". Eg forstår jo det no! Dette var ein skikkeleg augeopnar».

I analysefasa er målet og at vegsøkjar skal få auka kunnskap om kva moglegheiter for utdanning og/eller arbeid som finst for han/ho. Då er JobbkompassetUtdanning.no eit nyttig verktøy.

Vegsøkjar blir introdusert for utdanning.no med hovudfokus på Jobbkompasset. Dette utgjer siste del av samtale 2. Her innleier vi arbeidet med neste fase i beslutningsprosessen som er syntesen.

I syntesen skal kunnskapen om ein sjølv og sine moglegheiter koplast. Vi gir dømer på korleis interessene og preferansane frå vip24-kartlegginga kan koplast opp mot kategoriane i Jobbkompasset.

Mellom samtale 2 og 3, får vegsøkjar i oppgåve å laga ei topp 5-liste over yrke han/ho kan tenkja seg. Vi oppmodar vegsøkjar til å fokusera mest mogleg på motivasjon og lyst og mindre på hindringar når han/ho gjer denne oppgåva.

Ein annan viktig instruks er at vegsøkjar skal gå inn på Jobbkompasset fleire gonger. Syntesefasa krev at vegsøkjar er nyfiken og undersøkjer informasjonen dei får tilgang til i fleire rundar.

Samtale 3

Den tredje samtalen har hovudfokus på dei to siste fasane i  CASVE-syklusen: vurdering og mål og strategi.

Vi nyttar tavla til å skriva opp vegsøkjar si topp 5-liste.  Saman reflekterer vi rundt fordelar og ulemper med kvart valalternativ og sjekkar ut om yrkene er ein god match i høve til interesser, preferansar og verdiar, jamfør vip24-kartlegginga.  Saman rangerer vi vegsøkjar sine alternativ frå mest til minst aktuelt. Dette utgjer vurderingsfasa.

For å gå frå plan til handling beveger vi oss over i  siste fasen i CASVE-syklusen kalla mål og strategiar.

Case Margit - samtale 3

Lat oss sjå kva Margit enda opp med:

1. Gå attende til jobben ho har hatt, men i første omgang i ein 50 prosent-stilling og med tilpassing. Ho vil be om å få fleire administrative oppgåver.

2. Ta mastergrad for å gå i ein litt meir kreativ retning.

3. Skifta arbeidsgjevar, og sjå etter ein mindre bedrift, der dei ikkje er så tett på kundane. Dette valet kan krevja at ho tek eit årskurs på fagskule for å oppdatera dugleikane sine.

Det viktigaste for Margit no er å få tilbake kjensla av at ho kan og meistrar. Difor vert rettleiar og Marit einige om at det er betre å byrja forsiktig og auka opp stillingsstorleiken etterkvart.

Dersom vegen fram mot målet er ganske lang, kan vi hjelpa vegsøkjar vidare ved å dela opp i ein kortsiktig og ein langsiktig plan. Eit godt hjelpemiddel for å utforma planar som vi nyttar i vår karriererettleiing, er SØT-modellen. Den består av å identifisera no-situasjonen og ynskja situasjon, for så å byggja bru mellom desse ved hjelp av konkrete og tidfesta tiltak.

Bilde
SØT-modellen.
Bildetekst
Illustrasjon: SØT-modellen etter Kversøy og Hartviksen (2018).

Det er og viktig å identifisera aktuelle hjelparar/hjelpeinstansar på vegen mot endeleg mål.

Vi er no attende der vi starta i CASVE-syklusen, nemleg i kommunikasjonsdelen. Dersom vegsøkjar kjenner at det er mykje som må klargjerast før planen kan setjast ut i livet, tilbyr vi gjerne fleire samtalar for eventuelle korrigeringar.  

Gode val steg for steg

Gjennom 1-2-3-modellen har vi operasjonalisert bruken av CIP-modellen og CASVE-sirkelen i rettleiingstilbodet vårt. 

Ved å bruka tid på denne læringsprosessen, legg vi til rette for ein integrering av ferdigheter som ved neste korsveg gjer vegsøkjar betre i stand til å gjennomføre ein valprosess på eige hand. På denne måten gjev vi vegsøkjar karriere-kompetanse for framtida.

Referansar

Bruner, J. (1986). Life as Narrative. Social Research Vol 71. No 3. Fall 2004.

Bruner, J. (1986). Actual Minds, Possible Worlds. Cambridge, MA, Harvard University Press.

Bruner, J. (1991). The Narrative Construction of RealityCritical Inquiry Vol 18. Autumn 1991.

Højdahl, L. & Poulsen, L. (2012). Karrierevalg. Teorier om valg og valgprocesser. Danmark, Rosendahls-Schultz Grafisk a/s.

Gravås, T.F. & Gaarder, I.E. (2011). Karriereveiledning. Universitetsforlaget.

Kettunen, J. m.fl. (2013). Career practitioners’ conceptions of social media in career services. British Journal of Guidance & Counselling. Vol 41 2013 Issue 3.

Kversøy, K.S. & Hartvigsen, M.A. (2008). Samarbeid og konflikt - to sider av samme sak. Fagbokforlaget.

Peterson, G.W m.fl. (2003). Core Concepts of A Cognitive Approach to Career Development and Services. Center for the Study of Technology in Counseling and Career Development. Florida State University.

White, M. (2006). Narrativ praksis. København: Hans Reitzel.

Bilde
Birgit E. Olsen Bratseth, Elin K. Haukanes og Kjersti Kvaløy i Karriere Hordaland.
Bildetekst
Birgit E. Olsen Bratseth, Elin K. Haukanes og Kjersti Kvaløy i Karriere Hordaland har gode erfaringer med 1-2-3-modellen.