Eg som rådgjevar og foreldra til 10.-klassingar har eit felles mål, nemleg at ungdommane våre gjer eit godt og kvalifisert val av vidaregåande utdanning når søknadsfristen er ute 1. mars.
Men medan elevane er gjennom vekentlege møte med framtidsretta karriereutdanning i faget utdanningsval, samt rettleiing i gruppe og individuelt, syner statistikken framleis at det er foreldra, og spesielt mor, som påverkar valet til eleven mest. Dette oppgir også elevane mine når eg spør dei kven dei snakkar mest med om val av vidaregåande utdanning.
Det får meg til å stille spørsmål ved korleis eg som rådgjevar på best måte kan bidra til at foreldra faktisk har oppdatert innsikt i dei moglegheitene som ligg innan vidaregåande utdanning i dag.
Ein velkjent modell
Foreldra har krav på to foreldremøte i året. På skulen der eg jobbar har vi organisert dette slik at det eine er eit reint infomøte medan møte nummer to er temabasert. På tiande trinn har vi såleis eitt møte til disposisjon der vi kan ha fokus på vidaregåande skule.
Dei siste åra har eg prioritert å legge dette så tidleg på hausten som muleg, slik at prosessen vert sett i gong tidleg. Erfaringane viser at dersom ein ventar til etter jul, har elevane i stor grad bestemt seg, og dei og foreldra får for lite tid til å nyttiggjere seg av informasjonen. Såleis har eg dei siste åra hatt to tilmålte timar til disposisjon for å kompetanseheve foreldra.
Eg vil òg påstå at eg har gjort mitt beste for å fylle dei med relevant innhald. Eg har gjerne invitert både karriererettleiarar frå ulike vidaregåande skular og kalla inn personell frå Karrieretenesten i fylkeskommunen. Dette er flinke folk som både gjev overblikk og innsikt.
Men eg har spurt meg om det er nok. Kunne eg brukt tida på ein endå meir hensiktsmessig måte, slik at foreldra sit att med ei kjensle av å ha delteke i fleire delar av valprosessen?
Å tørre noko nytt
Via ein kollega blei eg gjort merksam på Buskerud-modellen, som er ein omarbeidd versjon av danske Anton Bjerrums foreldrekurs. Eg bestemte meg for å gjere eit forsøk på å gjennomføre denne innafor ramma på to timar som eg har. Eg blei nøydd til å gjere nokre prioriteringar.
Dessutan var det viktig for meg at opplegget hadde eit lokalt tilsnitt. For å få til dette fekk eg god hjelp frå Karrieretenesten. For eksempel modifiserte vi nokre spørjekort og la inn spørsmål om lokale lærebedrifter og YSK/TAF-løp som vi har på dei vidaregåande skulane i vårt område.
Ein representant frå Karrieretenesten deltok også på sjølve gjennomføringsdagen. Det var ein stor fordel å vere to i den praktiske gjennomføringa. At det kom ein representant utanfrå i tillegg til meg frå skulen, gav møtet tyngde overfor foreldra.
Spørjekort for å finne fram
Foreldremøtet startar med ei kort orientering om struktur i vidaregåande. Deretter deler vi foreldra inn etter klasser, og alle set seg i kvar sine klasserom der eg på førehand har gjort klar grupper og PC-ar til arbeidsøkta.
Første aktivitet er «spørjekorta» som tek utgangspunkt i vilbli.no og utdanning.no. Spørsmåla er svært detaljerte, til dømes «Kva for ei utdanning må du ta for å bli ambulansearbeidar? Beskriv heile utdanningsløpet». For å skjøne svaret må ein også forstå ord og omgrep knytt til vidaregåande utdanning. Berre ordet «utdanningsprogram» kan verke framandt for mange.
Men det er med dei vaksne som det er med dei unge: Ein lærer viss ein tek noko i bruk. Eg opplever at det er ein positiv energi i gruppene, og at foreldra sjølv tek orda i munnen i staden for at eg eller nokon andre skal stå og fortelje om det.
Ettersom vi har knapt med tid, legg vi ikkje opp til felles gjennomgang av fasit, men går heller rundt på gruppene og rettleier dei som treng det. Som observatør er det spennande å lytte til foreldra.
Som ei mor uttrykker: «No skjønar eg kva han snakkar om!» Ho hadde møtt sonen med skepsis då han hadde lansert idéen om å gå medieproduksjon for å følgje fotointeressen sin.
Barrierekort for å øve på rettleiing
Vidare får foreldra utdelt «barrierekorta». Eit betre «norsk» ord ville kanskje vere «case»? Her skal foreldra ta stilling til ulike elevar og gi råd til deira situasjonar. Her blir dei sett inn i ulike problemstillingar. Det kan vere «Anja» som er skulelei ikkje vil gå på vidaregåande, og «Marius» som vurderer studiespesialisering til trass for at faren hans vil at han skal ta over bilverkstaden.
Hovudspørsmålet til foreldra er: «Kva ville du som mor/far gjere?». Her blir det mykje engasjement i gruppene. «Kva med folkehøgskule»? «Var det ikkje noko som heitte «ambulansefag»?
Fleire kjenner igjen trekk frå sin eigen ungdom. Dei opnar vilbli.no og sjekkar opp igjen: Kva må til for å få studiekompetanse? Korleis var dette på påbygg? Ei gruppe etterlyser mindre stereotypiserte caser. Dette tek eg med meg til neste år. Nokre held fram drøftinga etter at dei har gått gjennom alle casene: Kva skal vi gjere med dei elevane som har bestemt seg, men i grunnen ikkje veit kvifor? Skal foreldra utfordre dei? Realitetsorientere?
Fleire seier at dei står i et dilemma mellom å «vite best» og å finne kva som er best for ungdommen der ho eller han er akkurat no.
Refleksjon for å ta med noko heim
Som avslutning deler vi ut arket som er kalla «Refleksjon utdanningsval». Dette er eit spørjeskjema som rettar seg mot eleven sjølv, og inneheld spørsmålet «Kva har dette å seie for deg»?
Så kjem ei liste med påstandar på ein skala som eleven skal ta stilling til. Før møtet la vi til ein ekstra kolonne på dette skjemaet, slik at elevar svarer i den eine og foreldra i neste kolonne. Slik kan dette skjemaet opne for å snakke om utdanning på heimebane. Litt tvungent er det også: Vi set det på elevane sin arbeidsplan, slik at det er ein del av heimearbeidet påfølgande veke.
Skandale eller suksess?
Eg var sjølvsagt nysgjerrig på korleis foreldra ville reagere på nyskapinga. Ville dei sakne å sitje og vere mottakarar? Ville spørsmåla treffe? Kva med tidsbruken?
I evalueringsskjemaet fortel heldigvis ein stor majoritet at dei fekk «godt» eller «svært godt» utbyte av møtet. Det sporar meg inn på at dette er ein farbar veg framover. Det kan vere frigjerande for foreldra å drøfte gjenkjennelege tema og utfordringar og samstundes sleppe å utlevere eigne ungdommar.
I ettertid tenker eg at eg vil bruke meir tid på samtalen rundt barrierekorta neste gong. Ein kunne legge inn ei økt med deling av tips om korleis ein kan snakke med ungdommane om valet deira. Kanskje foreldre også treng ein vekker. Barrierekorta held jo spegelen mot foreldra og deira rolle. Kan dei råde andre ungdommar til å ta eit friår og samstundes ikkje tillate eigen skuletrøytt ungdom å gjere det same?
Eg kjem i alle fall til å halde fram med å utvikle denne modellen for foreldremøtet. Vonleg vil møtet denne hausten ruste årets 10.-trinnsforeldre endå betre til å vere trygge og kunnskapsrike sparringspartnerar overfor dei som står på terskelen til å ta eit viktig val.
Kjelder:
Bjerrum, A.: «Foreldrekurs om videregående utdanning» (udatert: Tilpassa norske forhold v/Laila Vatne, Buskerud fylkeskommune
Bjerrum, A. (2005) : «Forældre, vejledning og synenergi» https://www.ug.dk/flereomraader/videnscenter/vcartikler/viavejledning/foraeldre-vejledning-og-synenergi-anton-bjerrum