Kvalitet i karriererettleiing møtt med begeistring

Article tema
Kvalitet i karriererettleiing møtt med begeistring

Fekk du ikkje delteke på lanseringa av nettstaden Kvalitet i karriererettleiing? Her er eit samandrag!

Nettstaden Kvalitet i karriererettleiing blei lansert fredag 16. oktober på Digital kompetansesamling. Rundt 500 karriererettleiarar frå ulike sektorar og frå heile landet deltok. Digital kompetansesamling vert arrangert av Kompetanse Noreg og Veilederforum.no. Dette var andre samling i ei rekke.  

Karriererettleiing av god kvalitet

Sjølve lanseringa blei opna av Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Noreg, som trakk fram kor viktig det er at befolkninga har tilgang til karriererettleiing slik at dei blir i betre stand til å ta val og handtere overgangar. 

Skule peika òg på at det ikkje er nok å ha tilgang til karriererettleiing, men karriererettleiinga må også ha god kvalitet. Kompetanse Noreg fekk derfor i oppdrag av regjeringa å utvikle det nasjonale kvalitetsrammeverket.  

Det nasjonale kvalitetsrammeverket skal bidra til at befolkninga har tilgang til karriererettleiingstenester av høg kvalitet. Karriererettleiingstenestene i Noreg blir tilbydt i fleire ulike sektorar og for mange ulike målgrupper. Tenestene er mangfaldige og rammevilkåra dei vert levert innanfor kan variere.

Nettstaden Kvalitet i karriererettleiing skal gjere det nasjonale kvalitetsrammeverket tilgjengeleg. Nettstaden skal vere ei støtte i arbeidet med kvalitetsutvikling og gi nyttige verktøy og fagleg inspirasjon til både karriererettleiarar, leiarar og eigarar av karriererettleiingstenester i alle relevante sektorar. Målsettinga til Kompetanse Noreg er å bidra til at kvalitetsrammeverket blir meir kjend ute i fag- og praksisfeltet.

Klar til å tas i bruk

Avdelingsleiar Ingjerd Espolin Gaarder og seksjonsleiar Tonje F. Gravås uttrykte glede og stoltheit i si innleiing. Dei peika på at kvalitetsrammeverket ikkje får nokon verdi om ein ikkje tar det i bruk i praksis. Saman med resten av teamet i Kompetanse Noreg og alle deltakarane trykte dei på den symbolske knappen for lanseringa av nettstaden Kvalitet i karriererettleiing.

Kvalitet i karriererettleiing presenterer dei tre første av fire område i kvalitetsrammeverket:  

  1. Kompetansestandardar: Kva må ein karriererettleiar kunne?  
  2. Karrierekompetanse: Kva skal læringsutbyttet av karriererettleiing vere?  
  3. Etikk: Kva er god og etisk fundert karriererettleiing? 
  4. Kvalitetssikring: Korleis veit vi at det arbeidet som vert gjort, har god kvalitet?  

  Del 4 om kvalitetssikring vert ferdig i 2021.

Du kan også lese om Nasjonalt kvalitetsrammeverk i rapporten Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning – presentasjon av områdene kompetasestandarder, karrierekompetanse og etikk.

Bruk av kvalitetsrammeverket i praksis

I del to av kompetansesamlinga fortalde Kristin Jensen og Magdalena Fosshaug frå Kompetanse Noreg, Monica Volden Sivertsen frå Jobbklar og Jørund Leiv Walseth frå Firda vidaregåande skule om korleis dei har tatt i bruk dei ulike delane av kvalitetsrammeverket i sin arbeidskvardag.

Det første av dei tre områda i kvalitetsrammeverket er Kompetansestandardane. Hensikta med desse er å gi ei oversikt over kva slags kompetanse dei som jobbar med karriererettleiing bør ha, slik at dei forvaltar rollene sine på ein måte som bidreg til kvalitet i tenesta. Kompetansestandardane består av sju kompetanseområde, i tillegg til å beskrive arbeidsområde på karriererettleiingsfeltet og nivå av kompetanse.

På Digital kompetansesamling deltok Kristin Jensen, teamleiar for e-rettleiarane i Nasjonal digital karriererettleiingsteneste i Kompetanse Noreg og Magdalena Fosshaug, karriererettleiar frå karrierrettleiing.no. Dei var invitert for å fortelje om deira erfaringar med å bruke kompetansestandardane som ramme for opplæring av e-rettleiarane.

E-rettleiar Magdalena Fosshaug fortalde om korleis kompetansestandardane hjelpte ho med å reflektere over kor ho var og kor ho skulle i opplæringa. Ho fortalde om korleis ho med kompetansestandardane har reflektert over eigen kompetanse, og har definert område ho kan utvikle vidare i eigen arbeidskvardag. 

 – Det blir spennande å finne ut korleis vi kan knytte kompetansestandardane opp mot e-rettleiingstenesta vidare. Hos oss møter vi alle typar førespurnader, frå menneske i ulike aldrar og frå heile landet. Vi skal jobbe digitalt og følger ikkje opp våre vegsøkarar vidare. Vi skal berre chatte eller snakke med den enkelte i eit kort augeblikk. Korleis vil det påverke arbeidet vi gjer, og korleis kan vi jobbe med kompetanseområda opp mot vår teneste? spurte Fosshaug.  

Teamleiar Kristin Jensen fortalde om korleis dei la kompetansestandardane til grunn i rekrutteringa av e-rettleiarane, både når dei utarbeida kompetanseprofil, stillingsutlysing og i intervjumalar.

 Jensen trakk fram at ein av dei viktigaste erfaringane frå opplæringa med utgangspunkt i kompetansestandardane, er at ulike personar har ulike behov.  

 – Det blei raskt tydeleg, basert på tilbakemeldingar frå og god dialog med teamet, at vi måtte finne ein god balanse mellom kva som skulle vere felles for alle, og kva den enkelte trengde meir eller mindre av, sa Jensen.  

  – Når endringshastigheita elles er så høg, er det godt å ha noko som blir ei rettesnor og eit anker for arbeidet, avslutta Jensen og delte fem tips for å ta i bruk kompetansestandardane:  

  1. Tilpass til eige bruk​
  1. Tenk team​
  1. One size fits nobody​
  1. Tenk smidig​
  1. Senk ambisjonane og ver tolmodig​  

Frå smultringar til karriereknappar

Eit anna område i kvalitetsrammeverket er Karrierekompetanse. Eit mål med dette området er å bidra til at den enkelte blir i betre stand til å handtere liv, læring og arbeid, også i endringar og overgangar. Å bidra til at vegsøkarar får auka karrierekompetanse er sentralt i karriererettleiinga, og denne delen av kvalitetsrammeverket gir innspel og inspirasjon til korleis ein kan legge til rette for dette.

Rådgjevar ved Firda vidaregåande skule, Jørund Leiv Walseth, også kjent som Karrierekarenpå Instagram, fortalde i sitt innlegg om implementeringa av karrierelæring og karrierekompetanse på eigen skule, og på sikt hos eksterne samarbeidspartnarar i Gloppen kommune og andre aktørar som vitjar skulen.

Walseth har tatt i bruk karriereknappane (ordpara) på ein visuell og inspirerande måte i skulen. Han fortalde om at da dei begynte å jobbe med ordpara, såg dei visuelt ut som smultringar, og det har sidan heitt det på Firda vidaregåande skule. Men no som namnet «offisielt» har blitt karriereknappane, så har dei tatt i bruk det namnet.

I innlegget sitt peika Walseth på at karriere og livsmeistring er to sider av same sak, og fortalde om korleis ein kan nytte karriereknappane som ramme når ein jobbar med det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring.

Han fortalde om korleis lærarane etter kvart byrja å bruke kompetanseområda (karrierknappane) i andre tverrfaglege tema, og inn i kompetansemåla i faga sine når dei vart vande med å nytte dei. Walseth stilte spørsmål ved om denne modellen kan vere ei tilnærming til Opplæringslova sine tankar om at karriererettleiinga skal vere heile skulen sitt ansvar.

– Prosjektet vårt med å implementere karriereknappane inn i arbeidskvardagen har gitt kollegiet og leiinga eit nytt språk som vi nyttar i mange samanhengar. Plutseleg har rådgjevarrolla blitt flytta frå å berre vere på rådgjevarkontoret, til å få ta del i undervisinga i klasseromma. Kollegaer oppsøker rådgjevarane for å høyre om korleis dei kan nytte karrierekompetansane i ulike prosjekt og i klasseundervisning, fortalde Walseth.

Behov for etisk refleksjon

Det tredje området i kvalitetsrammeverket er Etikk. Eit felles verdigrunnlag og nasjonale retningslinjer skal bidra til eit felles etisk fundament for karriererettleiing. Kompetanse, etisk bevisstheit og refleksjon er sentralt for å utvikle god etisk praksis.

Målet med etikkområdet er å oppmuntre til systematisk og strukturert refleksjon, og å starte samtalar om etikk i karriererettleiinga.

Monica Volden Sivertsen, leiar for forretningsutvikling i Jobbklar, fortalde om deira erfaringar med implementering av dei etiske retningslinjene. Sivertsen peika på at den tydelegaste indikatoren på kvalitet i karriererettleiinga ligg i korleis karriererettleiarar møter den enkelte.  

– I Jobbklar har vi tru på at kvalitetsrammeverket vil fungere som ein gullstandard som vi kan vurderast etter, og etiske retningslinjer er eit konkret bidrag, understreka ho.   

I forbindelse med Digital kompetansesamling har også Monica Volden Sivertsen skrive fagartikkelen Etikk er gullet i karriereveiledning på Veilederforum.no. Her fortel ho om korleis jobbrettleiarane i Jobbklar uttrykte eit behov for etisk refleksjon i kvardagen. Slik refleksjon gjer rettleiarane tryggare i potensielt vanskelege situasjonar.  

I Jobbklar bestemte dei seg derfor at dei ville arbeide i tråd med dei nasjonale etiske retningslinjene for karriererettleiing. I artikkelen understrekar Sivertsen at alle har eit etisk ansvar i møte med menneske, og at dette er spesielt viktig for karriererettleiarar å vere bevisst.  

Både den nye nettstaden og dei tre foredraga blei møtt med stort engasjement og entusiasme frå deltakarane på samlinga. Mange gav tilbakemelding om at den nye nettstaden er inspirerande og eit verktøy dei gleder seg til å ta i bruk og utforske meir.

Video file
Sjå promofilm for nettstaden Kvalitet i karriererettleiing.
Bilde
Fem kvinner samlet rundt en bærbar pc.
Bildetekst
Fra venstre: Line W. Engh, Tonje F. Gravås, Gry E. Bakke, Marianne Almbakk og Ingjerd E. Gaarder