I oktober er det fem år sidan Jama Philip Korn byrja som karriererettleiar i Kristiansand. Kontoret i Kristiansand er eitt av tre som høyrer til Karriere Agder.
Korn arbeider no først og fremst som karriererettleiar, men har tidlegare vore involvert i ulike samarbeidsprosjekt i fylkeskommunen, mellom anna med integrering, og er framleis med i eit samarbeid om arbeidsinnvandring
– Eg er òg arbeidsinnvandrar. I 2015 flytte eg frå München, der eg voks opp, til Kristiansand, seier Korn.
– Kva bakgrunn har du frå Tyskland?
– Frå 2007 til 2010 tok eg fagbrev innan grafisk design på det som heiter Berufsschule (yrkesskule) i Tyskland. Eg hadde læreplass i ei avis der far min arbeidde som fotojournalist.
Etter at han hadde teke fagbrev, arbeidde han i fleire år som frilansar innan grafisk design. Problemet var at han kjende seg litt malplassert. Han var i ein bransje med mykje konkurranse og driven av kreative menneske, medan han sjølv kjende at han ikkje akkurat flaut over av kreativitet.
– Eg tok på meg oppdrag for frivillige organisasjonar, og hjelpte dei med design og konsept. Utfordringa var òg at desse organisasjonane ikkje hadde så mykje pengar å rutte med, i tillegg til at eg er dårleg til å selje. Samstundes er München ein dyr by, så rekneskapen gjekk ikkje heilt opp.
– Kva tok deg til Noreg?
– Eg har to kusiner som bur i Kristiansand, og eg fekk for meg at eg òg hadde lyst til å prøve å flytte til Noreg. Eg lærte meg relativt raskt norsk. Det liknar jo på tysk, og eg budde hjå den kusina som hadde fire born som berre snakka norsk.
Allereie kort tid etter at han kom til Noreg, hausten 2016, var norsken hans god nok til at han kunne starte på ein bachelor i statsvitskap ved Universitetet i Agder.
– Eg trur statsvitskap er det einaste karrierevalet eg har gjort som bygde på rein og skjær lyst. Dette var noko eg verkeleg ville. Men så var det ikkje så kjekt som eg hadde trudd. Det er ei erfaring eg synest er fin å ta med inn i rettleiing. Det treng ikkje alltid liggje ei grundig vurdering og sterk overtyding bak eit val. Det andre er at sjølv om ein trur at ein tek eit val som er godt grunngjeve, så veit ein likevel ikkje korleis det vil sjå ut i røynda.
– Korleis fann du vegen til karriererettleiing?
– Kjærasten min frå Kristiansand studerte i Trondheim, og vi var lei av å ha eit avstandsforhold. Då eg var ferdig med bacheloren i 2019, flytte eg opp til Trondheim. Eg såg meg litt rundt og kom borti faget rådgjevingsvitskap.
Men så fekk han beskjed om at bachelor i statsvitskap ikkje kvalifiserte for opptak. Då tok han ein telefon, og klarte likevel å overtyde dei.
– Eg var ikkje heilt førebudd på dette studiet, og møtte meg sjølv i døra fleire gonger, noko eg heller ikkje var førebudd på. Vi lærte om alt frå psykologi, heilskapleg rettleiing, gestaltteori og coaching til grupperettleiing, og eg treivst godt med studia. Under bacheloren var eg ein litt lat student som las så lite som mogleg, medan pensum her var svært interessant.
Medan han studerte, fekk han jobb i eit rekrutteringsbyrå. Det byrja som ein deltidsjobb, og utvikla seg etter kvart til fast stilling på tilnærma full tid. Han treivst godt, men sambuaren ville tilbake til Kristiansand, så då var det berre å søkje seg jobb der. I oktober 2021 vart han tilsett i Karriere Agder, og der han har vore sidan.
– Korleis trivst du i jobben som karriererettleiar?
– Karriererettleiing var faktisk det eg syntest verka minst interessant under studia. Då eg søkte på stillinga, trudde eg eigentleg at karriererettleiing handla ganske snevert om jobb, utdanning og studieval. Eg hadde lyst til å arbeide med utviklinga av heile mennesket.
Den første tida sleit han med det som gjerne blir kalla imposter syndrome, eller bedragarsyndrom på norsk. Det handlar om ei kjensle av ikkje å fortene suksessen sin, og om frykt for å bli «avslørt» som inkompetent.
– Eg var redd for at nokon skulle oppdage at eg eigentleg ikkje kunne dette godt nok. Men etter kvart oppdaga eg at også karriererettleiing handlar om heile mennesket. Val knytte til utdanning og arbeid skjer ikkje i eit vakuum. Dei er ein del av livet.
Han fortel at han ofte brukar dette biletet i samtalane sine: Utdanning og arbeid er stien vi går på, men rundt stien finst eit landskap. Dette landskapet består av familie, relasjonar, helse, erfaringar og alt anna som påverkar oss. Dersom vi utforskar landskapet, blir samtalane ofte betre.
– Kven møter du i rettleiinga?
– Eg møter mange ulike menneske, men eg vil seie at dei kan delast inn i to hovudgrupper. Den eine er oppteken av å finne det rette for akkurat seg, og snakkar om at dei ønskjer at dei hadde eit tydeleg kall. Dei håpar at nokon utanfrå kan hjelpe dei med å finne den eine rette retninga.
Den andre gruppa består av dei som alltid har vore sikre på kva dei ville bli, og som har følgt ein tydeleg veg gjennom livet, men som oppdagar at den ikkje fungerer lenger. Det kan vere læraren som har mist motivasjonen, eller snikkaren som må gi seg på grunn av helseproblem. Då oppstår det ofte spørsmål om identitet.
– Kven er eg dersom eg ikkje lenger kan vere den eg alltid har vore? Kva tyder eg dersom jobben ikkje lenger definerer meg? Det er mykje gull i det som er vanskeleg og komplisert, og eg likar å arbeide med dei store spørsmåla kring val i livet, seier Korn.
– Kan du nemne eit fagleg høgdepunkt som har gjort inntrykk på deg?
– Eg er glad i filosofi og sosiologi, og har lese mykje av Jürgen Habermas, Pierre Bourdieu og Guy Debord. Slike tenkjarar hjelper meg til å sjå karriererettleiing frå nye perspektiv. Det faglege høgdepunktet er ikkje éi bestemt hending, men alle dei augeblinkane der eg får utvida min eigen horisont og utfordra måten eg tenkjer på.
– Har du ei inspirasjonskjelde?
– Ei stor inspirasjonskjelde er mora mi. Ho flytte frå Somalia til Tyskland på slutten av 1970-talet, og har bygd seg eit godt liv der. Det som imponerer meg mest, er engasjementet hennar og den enorme arbeidskapasiteten og energien hennar. Ho gir aldri opp.
Han fortel at sjølv om mora har helseutfordringar og revmatisme, let ho seg ikkje stoppe. Ho har skrive to bøker, rettleidd flyktningkvinner og vore med på å etablere ulike rettleiingstilbod i München. No gler han seg til at foreldra snart kjem på besøk frå München.
– Har rolla eller oppgåvene som karriererettleiar endra seg i dei åra du har arbeidd med dette?
– Stressnivået hos folk har auka betydeleg. Mange opplever eit sterkt press, og arbeidsmarknaden er tøffare enn før. Det skal ikkje mange åra til før ein blir vurdert som for gamal, eller så er problemet at ein er for ung og manglar arbeidserfaring.
Han merkar at vi lever i ei uroleg tid på fleire måtar. Det er som om bodskapen frå samfunnet er at vi ikkje har tid.
– Mange kjenner at dei ikkje har råd til å gjere feil, vere sjukmelde, ta eit friår eller gå på folkehøgskule. Denne kjensla av tidspress gjer at folk blir stressa, og når stresset blir for stort, blir det òg vanskelegare å ta gode val.
– Korleis ser du på utviklinga i karriererettleiingsfeltet?
– God rettleiing kan førebyggje problem og hjelpe menneske med å finne gode løysingar tidlegare. Karriererettleiing er ei svært viktig samfunnsteneste, men feltet har ei for veik stemme i samfunnsdebatten, seier Korn, som meiner tida er moden for å diskutere profesjonsutvikling.
– Kanskje treng vi ein eigen bransjeorganisasjon for å løfte interessene til feltet. Eg meiner òg at vi bør diskutere ein verna tittel.
Han peikar på at ein verna tittel vil reise nokre dilemma fordi dyktige rettleiarar utan formell utdanning kan bli ståande utanfor. Likevel meiner han det er ein diskusjon vi bør ta dersom vi ønskjer at karriererettleiing skal få ein tydelegare og sterkare posisjon.
– Har arbeidsplassen din prøvd ut noko nytt i det siste?
– Eg har dyktige og engasjerte kollegaer som bryr seg om kvarandre, og som likar å prøve ut nye ting. Vi har mellom anna fått i gang eit samarbeid med fengsel for å rettleie ungdom som sonar. Dessutan arbeider vi med kartleggingsverktøyet Inflow24. To av kollegaene mine har testa eit gruppeopplegg for flyktningar med lite formell kompetanse, der dei har brukt dette verktøyet. Det var veldig vellukka.
Han fortel at dei har eit godt samarbeid med Welcome Hub i Arendal, ein frivillig organisasjon som hjelper arbeidsinnvandrarar. Som tysk arbeidsinnvandrar opplevde han sjølv at det var behov for støtte, mellom anna til norskopplæring.
– Arbeidsinnvandrarar frå Europa får ikkje støtte til å lære norsk, og ein av kjepphestane mine er at det burde vere gratis, men i alle fall at det må bli billegare.