Både flyktningar og andre vegsøkjarar som har opplevd mykje vondt og vanskeleg på livsvegen sin, kan finna det vanskeleg å løfta blikket og sjå kva moglegheiter dei har for utdanning eller jobb for framtida. Dei negative livserfaringane dei ber på, kan nokre gonger skapa fjell av hindringar som for den einskilde kan verka uoverkomelege. Nokre hindringar er heilt klart reelle, medan andre ikkje er det. Brillene dei ser verda med, vert farga av desse vonde erfaringane eller traumatiske hendingane dei har opplevd. I møte med desse vegsøkjarane nyttar eg ofte to forklaringsmodellar eg har lyst å presentera.
For å demonstrera korleis eg nyttar dette i praksis, vil eg presentera dykk for vegsøkjar «Trine». Ho er ei fiktiv blanding av fleire reelle vegsøkjarar eg har hatt i rettleiing. Dei hadde alle det til felles at dei opplevde traume på livsvegen.
Case Trine
«Trine» (25 år) kom til karriererettleiing fordi ho meinte ho hadde valt heilt feil utdanning på vidaregåande skule, og var usikker på kva ho no skulle gjera vidare. Ho jobba for tida som butikkmedarbeidar, og kjende seg lite motivert for å fortsetja i jobben. Vi vart einige om å følgja 1-2-3 modellen, som hos oss betyr minst 3 karriererettleiingssamtalar. Desse er
1: Bli kjend samtalen
2: Kartlegginga i eit av verktøya våre
3: Vegen vidare
1: Bli kjend samtalen
I første samtale nytta eg narrativ tilnærming. Vi gjekk igjennom øvinga kalla livslinja, som betyr at vi tek for oss dei vala «Trine» har teke så langt i livet, og snakkar litt rundt dei, og kvifor det vart som det vart. Det kom då fram at det var spesielt ei hending i livet hennar som hadde fått store konsekvensar for ho. Ho mista mor si som 11-åring, noko som snudde heile verda hennar på hovudet. Far hadde nok med eigen sorg, og byrja å jobba svært mykje. «Trine» kjende at ho ikkje kunne snakka med vener om sorga, og resten av familien budde geografisk langt unna.
Eg nytta då høvet til å teikna toleransevindauga for ho på tavla, og forklara korleis denne modellen fungerer, og korleis eit meir varig smalt toleransevindauge kan koma til uttrykk, både når det gjeld hyper- (utagering, uro og aggresjon) og hypoaktivering (nedstemt, nummen og dissosiert). Dette førte til mykje nikking og gjenkjenning.
På ungdomsskulen utvikla ho etter kvart sosial angst, og byrja å skulka skulen ganske mykje. Ho hamna i dårleg selskap med både festing og rus. Dårlege karakterar gjorde at ho ikkje kunne velja det ho hadde mest lyst til på vidaregåande, og ho hamna i ei yrkesfagleg utdanning ho ikkje likte så godt, utan å fullføra fagbrev. I staden gjekk ho rett på påbygg, og oppnådde generell studiekompetanse. Ho konkluderte i samtalen med at ho nok ikkje var noko skulelys, og at ho ikkje hadde særleg tru på eigne evne til å ta ei eventuell høgare utdanning.
Eg valte då å demonstrera for ho korleis den tredelte hjernen fungerer. Då eg var ferdig, var ho stille ei god stund, før ho gav uttrykk for at det gav ho ei ny forståing av seg sjølv. Ho kunne sjå at handlingane hennar i denne vanskelege perioden handla om å unngå nederlag og manglande meistringskjensle, og var eit resultat av eit smalt toleransevindauge. Vanskane med å læra i dei meir teoritunge faga skuldast ikkje manglande evne, men at tenkjehjernen i denne perioden ikkje var tilstrekkeleg kopla på. I ein slik livssituasjon var det ikkje kapasitet for å læra så mykje nytt.
Ho kunne og sjå at det å rusa seg var eit forsøk på å «numma» smerten og sorga ho kjende på. Det handla alt i alt om å overleva, og om å halda ut i ein livssituasjon, der ingenting var riktig verken på skulen eller heime. Sjølv om i etterkant ikkje syns det var den klokaste strategien, var det heller ikkje noko ho trengde å skamma seg over. Ho fortalde at ho dei siste to åra hadde gått fast til psykolog, og fått god hjelp til å handtera både angst og sorg. Vi konkluderte difor med at livssituasjonen no var kraftig forbetra, og at ho eigentleg var klar for nye utfordringar og til å ta utdanning.
2: Kartlegginga
Kartlegginga hennar i vip24 viste størst interesse for det kreative. I samtalen rundt rapporten hennar, kom det fram at ho var svært musikalsk og kunne både syngja og spela fleire instrument. Ho fortalde vidare at det å spela, skriva og komponera musikk hadde gitt ho mykje glede og trøyst i den vanskelege ungdomstida, og at song og musikk spelte ei særs viktig rolle i livet hennar.
3: Vegen vidare
Etter å ha snakka oss igjennom topp 5-lista over yrke Trine kunne tenkja seg for framtida, enda ho opp med utdanning som musikkterapeut som sitt absolutte førsteval. Det var ho topp motivert for. Hennar oppsummering av prosessen vår vart:
«Det beste for meg har vore kartlegginga i vip24, og det å få bli kjend med dei «eigentlege» interessene mine. Måten din å forstå og forklara den trøblete ungdomstida mi på, gav meg eit heilt nytt perspektiv. Eg hadde aldri tenkt på det på den måten før. Eg kjenner at eg er positiv til studia, og gler meg til å koma i gong.»
Kva er negativt stress?
Stressreaksjonar får vi alle når vi vert utsett for utfordrande og/eller overbelastande situasjonar. Det kan til dømes skuldast at noko uventa eller belastande skjer heime eller på jobb (ulukker, dødsfall, skilsmisse, permittering, oppseiing med meir). Det kan óg handla om at det blir stilt for store krav og forventningar til oss over tid, at vi ikkje maktar meir og kjenner oss overvelda. Dei fleste av oss toler kortvarig stress, men det er det langvarige negative stresset som kan føra til alvorlege helseproblem, og må gjerast noko med.
Flyktningar som kjem frå krigsherja land, eller har med seg særs dramatiske flukthistoriar, er alle prega av det dei har opplevd når dei kjem til Noreg. Nokre for ein periode, medan andre kan få varige mén som til dømes posttraumatisk stressliding (PTSD), depresjon og angst.
Undervisning som ein del av karriererettleiinga
For meg handlar undervisning i karriererettleiingssamanhang om å ha gode forklaringsmodellar, historier og metaforar i «verktøyskrinet» mitt, som eg kan dra nytte av i møte med vegsøkjar som eg opplever treng å forstå for å koma vidare. Som tidlegare lærar og gestaltterapeut fell det meg ganske naturleg. Målet mitt er då at undervisninga skal bidra til auka sjølvinnsikt og forståing for eiga historie (narrativ), og utvida moglegheitsrommet (utsikt). Det handlar mellom anna om å bidra til:
- Auka sjølvforståing, sjølvaksept og sjølvmedkjensle – noko som igjen kan motverka skam og sjølvbebreiding.
- Oversikt og tryggleik - verkar roande og bryt sjølvforsterkande vonde angstsirklar.
- Bryt ned tabu, opnar opp for dialog - gjev dei ei oppleving av aksept, inkludering og samhald.
- Ein grunn til å kjenna seg stolt over å ha klart å meistra/overleva så store utfordringar.
Kunnskap og innsikt gjev handlingsrom
Vegsøkjarane kan velja å sjå seg sjølv som offer for tilfeldige hendingar og andre menneske, eller dei kan finna eit potensiale for å læra og utvikla seg, og sjølv ta styringa (empowerment). Det krev eit metaperspektiv på situasjonen, som dei kan få hjelp til mellom anna i karriererettleiing.
Forklaringsmodell 1: Toleransevindu
For vegsøkjarar med eit meir langvarig smalt toleransevindauga, skal det mykje mindre til før ein kjem ut av toleranseområdet og over i hyper- og/eller hypoaktivering. Ein vanleg metafor for å skildra denne tilstanden, er metaforen om vatnglaset som renn over, fordi det allereie er fullt. Reaksjonane hos vegsøkjar vil då veksla mellom utagering, uro og aggresjon (hyper – fight/flight reaksjonar) - og det å kjenna seg nedstemt, nomen og dissosiera (hypo – freezereaksjonar). Kva er så årsaka til at vi kjem utanfor toleransevindauga? Kva skuldast det? Forklaringa finn vi i den tredelte hjernen, så desse to forklaringsmodellane heng tett saman.
Forklaringsmodell 2: Den tredelte hjernen
Ifølgje Nordhagen & Braarud har hjernen visse strukturar og nettverk som anten skapar alarmreaksjonar, bremsar dei eller regulerer dei ned.
Når vi er innanfor toleransevindauga, samarbeider dei ulike delane av den tredelte hjernen med kvarandre, og er i kontakt med kvarandre. Reaksjonar og handlingar er i samsvar med situasjonen ein til ei kvar tid er i. Vi er balansert og i flyt.
Dersom «alarmen» vår går, og vi fyk ut av toleransevindauga – kan vi verta «fanga» i overlevingsmodus, eller i kjenslene våre utan at tenkehjernen med logikk, fakta og fornuft får sleppa til i særleg stor grad. Det kan gje mange «rare» utslag i form av reaksjonar og handlingar. Men djupast sett handlar det alltid om å overleva.
Mange vegsøkjarar har utbyte av å læra meir om den tredelte hjernen når dei skal forstå eigne reaksjonar, handlingar og kjensler betre, anten i her-og-no-perspektiv, eller i retroperspektiv.
Litteratur og kjelder
Bækkelund, H. (udatert). Hva er traumer og traumebehandling? Norsk Psykologforening. Tilgjengeleg på Internett: https://www.psykologforeningen.no/publikum/informasjonsvideoer/videoer-om-psykiske-lidelser/hva-er-traumer-og-traumebehandling
Nordanger, D.Ø & Braarud, H. C. (2014). Regulering som nøkkelbegrep og toleransevinduet som modell i en ny traumepsykologi. I: Tidsskrift for norsk Psykologiforening. Tilgjengeleg på Internett:
RVTS Vest har ein Youtubekanal, her finn du mellom anna toleransevindauga og den tredelte hjernen enkelt forklart: https://www.youtube.com/user/rvtsvest/videos