Student og agent i eigen organisasjon

Article tema
Student og agent i eigen organisasjon

Å ta ein master ved sida av full jobb kan vere ein ideell måte å lære på. Det kan gi deg det rommet du treng for å heve eigen kompetanse og bidra til å heve kvaliteten på karriererettleiinga arbeidsplassen tilbyr.

Eg er rådgjevar på Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. I stillinga mi som rådgjevar, er eg både karriere- og sosialrettleiar.

Da eg byrja som rådgjevar for 7-8 år sida hadde eg ikkje noko formell rådgjevarutdanning, men eg starta rett etter tilsettinga på rådgjevarstudiet ved Høgskulen i Innlandet. Eg er no midt i masterstudiet i karriererettleiing, og manglar metodekurset før eg kan byrje å skrive på masteroppgåva mi.

Vidareutdanning kan gi meirsmak til masterstudium.

Utdanning og jobb

Å ta utdanning samtidig som ein er i jobb har vist seg å være ein ideell måte å lære på for meg.

Masterstudiet i karriererettleiing er samlingsbasert, som gjer at ein får høve til å reise på samling eit par gangar i løpet av semesteret. Ein får då nokre dagar med endring frå vanlege arbeidsrutinar og høve til å ta eit steg til sida og skaffe seg eit lite overblikk på eigen arbeidspraksis.

På samling får ein mykje fagleg påfyll. Dette gjer at ein får krydra avbrekket og overblikket med nye perspektiv.

Det er mange rådgjevarar som opplever eigen arbeidskvardag som tidvis hektisk, der ein har mange ulike roller og arbeidsoppgåver og lite tid til evaluering og vidareutvikling av eigen praksis. Dette er noko eg har kjent på sjølv i periodar.

Studiesamlingane og den arbeidsprosenten eg er frikjøpt, har derimot gitt meg dette rommet. Eg flyttar meg fysisk vekk frå arbeidsstaden og vert mindre tilgjengeleg, og føler eg kan jobbe i andre lag som over tid vil heve praksisen.

Å utvikle egen praksis

Når ein tek master i karriererettleiing er stort sett alle oppgåver og eksamen ein skal levere formulert slik ein at ein får evaluert eigen praksis i lys av ny kunnskap. Dette gjer at ein heile tida kan jobbe som ein agent i eigen organisasjon.

Alt arbeidet ein gjer på studiet vil kunne ha direkte relevans til arbeidsplassen og jobben ein sjølv er satt til å gjere. På eigen skule har eg for eksempel fått være ein sentral aktør i utviklinga av eit livsmeistringsprogram. Dette livsmeistringsprogrammet er tufta på dei fem kompetanseområda innanfor karrierekompetanse i det nye kvalitetsrammeverket for karriererettleiing.

Vi opplever dette programmet som eit stort steg i rett retning knytt til målsetninga om å drive karriererettleiing i eit livslangt perspektiv og at karriererettleiinga skal være heile skulen sitt ansvar.

Ein flott personleg gevinst er at den aukande kunnskapen ein haustar, fører til betre sjølvkjensle knytt til jobben ein gjer. Ein ser gradvis at ein kan være med å heve kvaliteten på karriererettleiinga skulen tilbyr, og være eit bidrag i skulen sitt mål i å tilby framoverretta og oppdatert praksis på alle felt. Dette er meiningsfullt.

Bilde
Jørund Leiv Walseth på konferanse
Bildetekst
Jørund Walseth på den nasjonal karriereveiledningskonferansen på Gardermoen i november. Foto: Helen Ruud.

Tid er ei utfordring

Utfordringar med å ta master i karriererettleiing samtidig som ein er i jobb er naturlegvis tid.

Er ein like heldig som meg, og har ei leiing som ser verdien av denne kompetansehevinga, vil ein kunne søke Utdanningsdirektoratet si støtteordning knytt til vidareutdanning. Dette er ei fantastisk ordning som gjer at ein ikkje treng å jobbe særleg meir enn frikjøpet svarer til.

Eg har snakka med ein kollega frå ein annan vidaregåande skule som ikkje har dette frikjøpet i år. Ho fortel at ho må ta i bruk helger og kveldar for å få det til å gå opp, og at det av og til kan gå ut over førebuinga av anna undervisning.

Studiet krever si tid. Ho får tapt arbeidsinntekt og må betale for bøker, reise og overnatting når vi har samlingar frå eiga lomme, men ho har ikkje angra eit augeblikk. Ho fortel at ho kjem til å søke støtteordninga på nytt neste år, for frikjøp er heilt klart å føretrekke.

Læring utanfor pensum

Ein medstudent sa noko slikt over lunsjbordet på ei samling:

«Ved å ta utdanning gjer ein sitt indre liv rikare, samtidig som det gir ein høve til å auke perspektivet sitt. Ein får reise ut av kontoret, sjå nye horisontar i form av nye teoretiske innfallsvinklar, og ein får sett verda i eit litt meir makrosyn enn «kvardagsmikroen» ein stort sett lever i.»

Du tenker kanskje at dette er ein blanding av poesi og akademisk tåkeprat, men setninga og settinga fortel noko om læringsarenaen ein får vandre i.

I tillegg til foredragshaldarar som utfordrar deg til å sjå på din egen praksis med nye briller, får du også møte medstudentar som står i like utfordringar som du sjølv gjer til vanlig.

Du knyter nye band og skaffar deg eit profesjonsnettverk du kan spele på i ulike situasjonar. Ikkje berre til utveksling av oppgåver og  fagtekstar, men òg på generell basis. Eg er for eksempel ikkje sikker på at eg hadde våga å ta leiarverv i Rådgjevarforum Sogn og Fjordane om det ikkje var for at ein medstudent inspirerte meg med eit modig val i ein likande situasjon.

Desse møta og perspektiva er òg ein del av pakka du tek med deg heim frå samling og vidare i livet.

Livslang læring

I litteratur om karriererettleiing vert metaforen «verktøy» i «verktøykassa» ofte nytta når ein skal beskrive innfallsvinklar og perspektiv ein kan utfordre elevane med.

I eit samfunn i stor endring vil oppdatert og relevant kompetanse knytt til karriererettleiing være heilt sentralt for å hjelpe elevane å møte den nye tida med rett antrekk.

Det er ikkje greia å sende ein nyutdanna bilmekanikar ut døra med ein skiftenøkkel i handa når arbeidsgjevaren treng ein med PC. I same gate kan eg omtale det eg forventa av utbytte med å ta masterutdanning i karriererettleiing.

Eg rekna med å lære noko nytt og hanke med meg nokre studiepoeng på vegen, men det eine førte til det andre, og djupna av læring studiet har gitt meg, kjennes ut som noko meir enn det eg hadde håpa på. Eg har fått fleire verktøy på fleire arenaer, i tillegg til fleire innfallsvinklar og perspektiv inn i møtet med enkelteleven.

Bilde
Jørund Leiv Walseth
Bildetekst
Jørund Walseth

Master i karriererettleiing

Universitetet i Søraust-Noreg og Høgskolen i Innlandet tilbyr masterstudium i karriererettleiing.

Masterstudiet er organisert som eit deltidsstudium og er erfaringsbasert og yrkesrelatert.

Udir sin støtteordning knytt til vidareutdanning

Lærarar og rådgjevarar kan søke på diverse vidareutdanningar knytt til det området dei ynsker å heve kompetansen sin innan.

Fristen for å søke skuleeigar er 1. mars. Skuleeigar vil deretter prioritere søknadane innan 15. mars, og sende det til vidare behandling hjå Udir.

Ein kan søke om to ulike støtteordningar: vikarordninga og stipendordninga.