Same planet – mange kulturar. Intervju med Gideon Arulmani.

Article tema
Same planet – mange kulturar. Intervju med Gideon Arulmani.

- Mange asiatar som kjem til eit I-land, reknar det som mottakarlandet sitt ansvar å skaffe jobb til den som kjem. Gideon Arulmani frå India har fleire eksempel å dele med norske rettleiarar som møter vegsøkjarar frå andre land.

La oss endre måten vi tenkjer om karriere. Karriere er sterkt knytt til prestisje og ønsket om å klatre mot toppen. Kva med å vere nøgde der vi er?

- Kva slags konsekvensar får det for studentar i ditt land om dei droppar ut? Sannsynlegvis skjer det ingenting!

Gideon Arulmani snakkar med stor entusiasme og eit intenst blikk. Den internasjonalt anerkjende professoren i karrierepsykologi frå India har brukt mykje av karrieren sin til å fordjupe seg i kulturelle skilnader i karriererettleiing.

Han er godt i gong med kaffikopp nummer to. Samstundes vil han seie noko kort og presist til Veilederforum sine lesarar om kulturell oppmerksemd i karriererettleiing.

- Kva slags kulturelle skilnader er det ein norsk karriererettleiar må vere oppmerksam på når han eller ho treff ein vegsøkjar frå ein annan kultur?

Det er eit omfattande spørsmål som Arulmani gyv laus på.

- Før eg seier noko om skilnadene, er det viktig å seie at noko er universelt. Vi er alle individ, men det er noko som bind oss saman. Ønsket om å ha det bra og ønsket om å vere glad gjeld for alle menneske, seier professoren.

Han påpeikar dessutan at det å arbeide er eit naturleg og nedarva menneskeleg kjenneteikn.

- Men det arbeidet som er attraktivt for meg, er ikkje nødvendigvis attraktivt for deg. Eksempelvis ville det vore ugreitt for ein karriererettleiar å foreslå at ein pakistanar burde utforske ein karriere som spritseljar.

Klienten vil ha ei oppskrift

Det har vore forska på korleis etnisitet påverkar forholdet mellom rettleiar og vegsøkjar. Studiar har til dømes sett på korleis rettleiinga blir påverka dersom dei to som møtes på eit rettleiingskontor har ulik etnisk bakgrunn.

- Desse studiane viser at etnisitet ikkje er den viktigaste faktoren. Det er evna til kommunikasjon som er avgjerande. Trenden er altså at om dei to snakkar same språk og forstår kvarandre, er etnisitet mindre viktig.

Det er andre faktorar enn etnisitet som vil påverke rettleiinga. Arulmani nyttar omgrepet sosialt-kognitivt miljø.

- Vi snakkar om eit miljø, nærare sagt dine mentale omgivnader. Og om korleis verda rundt deg, det sosiale, påverkar deg. Det vil seie at ulike kulturelle grupper har nokre lærte handlemåtar eller vanar som påverkar den enkelte.

Arulmani kallar dette for «career beliefs».

- Nokre av desse kan vere universelle. Til dømes er tanken om at mannen er forsørgar og kvinna har ansvar for heim og born, noko vi ser overalt. Samstundes vil det variere kor sterkt ein slik tillært handlemåte pregar den enkelte og samfunnet, forklarer han.

Arulmani har tre døme på «career beliefs» som står sterkt mange stader i Asia, og som norske rettleiarar bør vere oppmerksame på:

  • Ein naturvitskapleg karriere, som til dømes ingeniør eller lege, er vegen til suksess. Humanistiske fag er ikkje eit val, det er vegen for dei som ikkje fekk innpass i naturvitskapen.
     
  • Mange asiatar som kjem til eit I-land, reknar det som mottakarlandet sitt ansvar å skaffe jobb til den som kjem.
     
  • Mange asiatar har stor tru på autoritetar. Det har noko å seie for forholdet mellom rettleiar og klient. Klienten forventar som regel å få ein oppskrift som han eller ho skal følgje. Om ei rettleiingssamtale ikkje gir klienten ein konkret veg å følge, kan han eller ho føle at det var bortkasta å oppsøkje rettleiar.

Det siste dømet gjeld sjølv om karriererettleiing i Asia har ein framgangsmåte som vi kjenner i vestlege land.

- Karriererettleiarar i India blir lærte opp til at dei ikkje skal gje råd og at dei ikkje skal styre klienten. Likevel forventar dei som kjem til rettleiaren å få ein oppskrift på vegen vidare.

Bilde
Gideon Arulmani

Meir vekt på talent

Arulmani snakkar også med stort engasjement om korleis vi ser på forholdet mellom interesser og anlegg eller talent.

- Karriererettleiing var frå starten opptatt av evnetesting. Vi gjorde intelligenstestar eller praktiske testar som avgjorde kva for eit yrke nokon var kvalifisert til. Om du til dømes ikkje hadde god nok auge-hand-koordinasjon, kunne du ikkje bli urmakar. Kritikarar hevda at vi ikkje kan definere ein person via testing, og sakte forsvann all testing. Noko av grunnen til det, som mellom anna Gottfredson snakkar om, er framveksten av sosialkonstruktivismen, seier professoren.

Du kan lese meir om professor Linda S. Gottfredson på wikipedia.org

Sosialkonstruktivismen handlar om sosiale konstruksjonar og kva for eit perspektiv du har, beskriv Arulmani.

- Sosialkonstruktivismen dreier seg mellom anna om at ingenting eksisterer objektivt, ferdig definert ein gong for alle.

Han er ikkje redd for å bli oppfatta som politisk ukorrekt når han tek til orde for at evner i større grad må takast med i reknestykket i karriererettleiing også i dag. Han er oppteken av at interesser ikkje skal bli for styrande i val av utdanning og karriere.

- Interesser endrar seg mykje med alderen. Talent, evner eller anlegg vil ikkje endre seg på same måte, fortel professoren.

- Kvifor er dette viktig?

- I ditt land får det ingen konsekvensar om du droppar ut av utdanninga. I mitt land er det sånn at om du droppar ut, så dør du! Hele familien har lagt alle pengane sine i di utdanning. Du har ikkje noko levebrød, og det finst ikkje noko trygdesystem som plukkar deg opp.

Arulmani tek difor til orde for å gje evner, talent og anlegg ein større plass i karriererettleiinga.

- Det mest stabile er om klientar finn ein karriere der interesser og ferdigheiter blir kombinerte, seier han.

Karriere eller levebrød?

Professoren har også sterke meiningar om korleis vi nyttar omgrepet karriere. Han fortel at det i asiatiske land tradisjonelt har vore ein tanke om at karriere er sterkt knytt til utdanning.

Overføring av kunnskap via ikkje-formell opplæring og «work based learning» blir ofte omtala som «livelihood»/levebrød.

- La oss endre måten vi tenkjer om karriere. Karriere er sterkt knytt til prestisje og ønsket om å klatre mot toppen. Kva med å vere nøgde der vi er? Framveksten av kapitalismen har gitt oss mange finanskrisar, og det seier noko om det konstante jaget etter vekst, seier han.

Han trekk fram dømet med mannen som sel blomster ved tempelet. Eit helt klart suksesskriterium for karriererettleiinga i India, ville vore om karriererettleiaren fekk sjasminblomstselgaren på kurs eller i utdanning.

- I ein karrieresamtale med sjasminselgaren ville eg fokusert på korleis jobbsituasjonen hans kan bli mest mogleg optimal. Finnes det andre jobbmoglegheiter for han? Eg vil oppmode om å utforske alternativ og snakke med andre yrkesutøvarar om jobbane deira. Kanskje kjem han tilbake og seier at «i min familie har vi selt sjasminblomstar i 250 år. Det er det vi gjer.» Då vil eg drikke te med han.

- Men har denne mannen eit levebrød eller ein karriere?

- Det speler ingen rolle for han. Kvifor skulle det spille ein rolle for deg? La oss heller snakke om arbeid som eit felles omgrep, seier Arulmani.

Les meir om balansen mellom interesser og anlegg/talent hos jivacareer.org

Bilde
Gideon Arulmani

Gideon Arulmani

• kjem frå India

• er klinisk psykolog med doktorgrad i karrierepsykologi

• har professorstilling hos Martin Luther University, India

• grunnleggjar av The Promise Foundation med sete i Bangalore, India

• arbeider mellom anna for FN på karriererettleiingsfeltet

• har forfatta boka «Career Counselling: A handbook» som utgjer kjernepensum for karriererettleiarar i India