Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Regelverk i karriererettleiinga

Kva slags lover og reglar gjeld for karriererettleiing?
Redaksjonen
Veilederforum
Opprettet 21. november 2013, oppdatert 18. august 2016

Det einaste området der karriererettleiing er regulert ved lov er i grunn- og vidaregåande skole. I tillegg har Utdanningsdirektoratet komme med anbefalingar som omhandlar kompetansen til rådgivarar, men desse er berre rettleiande.

Elevar i vidaregåande skole har rett til utdannings- og yrkesrådgiving. Formålet er å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til kvar enkelt i utdannings- og yrkesplanlegging. Eleven har rett til rådgiving og informasjon om:

  • val av yrke og utdanning
  • utdanningsvegar
  • yrkesområde og arbeidsmarknaden
  • rettleiingsverktøy, søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • jobbsøking og søknadsprosedyrar

Sjå opplæringslova § 9-2 og forskrift til opplæringslova § 22-3

Ungdom opp til 21 år som ikkje er i utdanning eller arbeid, skal få individuell oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Fylkeskommunen har ansvaret for å opprette oppfølgingstenesta og etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa. Sjå opplæringslova § 3-6 og forskrift til opplæringslova § 13-3 

Vaksne med rett til grunnskole- og vidaregåande opplæring har også rett til rådgiving for å kartlegge kva slags tilbod dei har behov for. Sjå opplæringslova § 4A-8 

Anbefalingar om kompetansen til rådgivarar er utforma av Utdanningsdirektoratet. Anbefalingane skal vere ei hjelp for skoleeigar og skoleleiar ved tilsetjinga av rådgivarar og i samband med rådgivarar si kompetanseutvikling. Dei seier noko om kva slags formell utdanning, kunnskapar, haldningar og ferdigheiter ein rådgivar bør ha.

 

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).