Månadens rettleiar: Predrag Grozdanic

Article tema
Månadens rettleiar: Predrag Grozdanic

Bli kjend med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Predrag Grozdanic frå Karrieresenter Østfold.

Bilde
Portrett av Predrag Grozdanic
Navn
Predrag Grozdanic
Tittel
Karriererettleiar
Del av stilling brukt til karriereveiledning
100 prosent
Sted
Sarpsborg

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

– Eg har jobba med karriererettleiing i over 20 år, dei siste 10 åra som karriererettleiar ved Karrieresenter Østfold. Før det jobba eg lenge med busetjing og integrering av flyktningar i to ulike kommunar, ved Flyktningrådet i Oslo (dagens Flyktninghjelpen), Aetat og Nav, og ein stor del av jobben bestod av utdannings- og yrkesrettleiing.

2. Kva slags utdanning har du?

– Eg er utdanna jurist frå Bosnia og Hercegovina. I heimlandet mitt jobba eg i to år som advokatfullmektig før eg kom til Noreg som flyktning i 1993. I Noreg tok eg fleire ulike vidareutdanningar. Mellom anna i karriererettleiing ved Høgskolen i Lillehammer, og velferdsrett og sosialt arbeid og etnisitet ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

– Eg likar best dagleg å møte nye menneske og saman med dei oppdage nye moglegheiter, nye vegar. Uansett kva for avgrensingar og utfordringar ein kunde kan ha, og uansett kor vanskeleg og krevjande ein situasjon kan opplevast, så er eg av den oppfatninga at det alltid finst ei moglegheit.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

– Hovudarbeidsoppgåvene mine er individuell rettleiing av kundar, både på kontoret og via nettrettleiing, det vil seie via e-post, Skype eller chat. Eg held òg jobbsøkjarkurs for kundane våre, andre typar kurs, foredrag og workshop for deltakarar i kommunale introduksjonsprogram og workshop for Nav-rettleiarar.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

– Eg opplever rettleiing av kundar som allereie har mista håp og motivasjon, eller er i ferd med å miste dette, som den største faglege utfordringa i arbeidskvardagen min. Mange av dei har faktisk gjort mykje, nokon gonger alt som trengst, men dei får det ikkje til heilt slik dei ynskjer. Det kan vera eldre jobbsøkjarar, innvandrarar eller andre som slit på arbeidsmarknaden. Å få dei til ikkje å gi opp, synest eg kan vera krevjande, men samtidig er det spanande og givande.

6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

– Sjølv om det er ganske hektiske og travle dagar på Karrieresenter Østfold, prøver vi kontinuerleg å halde oss fagleg oppdaterte. Vi lærar mest av kvarandre gjennom felles refleksjon og interne faglege delingsmøter. Vi deltar òg på ein del faglege kurs og konferansar, både nasjonalt og internasjonalt. Kunnskap om arbeidsmarknaden er viktig for oss, og derfor er vi ofte på bedriftsbesøk i fylket for å verte kjend med verksemder og framtidas kompetansebehov.

7. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

– Eg er sertifisert for å bruke verktøy som WIE, VIP24, SCI og Jobpics, og dei brukar eg kontinuerleg i rettleiing, sjølvsagt etter kundanes behov. Samtidig brukar eg òg ein del andre verktøy, og nokon av dei har vi utarbeidd saman på Karrieresenter Østfold.

8. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

– Akkurat no er eg mest oppteken med planlegging av eit spanande prosjekt på oppdrag frå Kompetanse Noreg. Prosjektet tar for seg utprøving av tidleg karriererettleiing til flyktningar nyleg kome til kommunane i fylket, og samtidig testar me bruk av kompetansekartleggingsverktøyet Kompass. Målet med prosjektet er at den einskilde flyktning skal få god karriererettleiing så tidleg som mogleg, slik at dei kjem raskare i arbeid eller utdanning.

Bilde
Månedens veileder juni