Månadens rettleiar: Pia Nystad

Article tema
Månadens rettleiar: Pia Nystad

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Pia Savonius Nystad ved Samisk videregående skole i Karasjok.

Bilde
Navn
Pia Savonius Nystad
Tittel
Rådgivar
Del av stilling brukt til karriereveiledning
Om lag 20 prosent
Sted
Karasjok

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing?

I 25 år.

2. Kva slags utdanning har du?

Finsk, nordiske språk og psykologi ligg i botn frå Helsingfors universitet. PPU frå UiT og mastergrad i rådgiving frå NTNU. 

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

Samtaler med ungdomane, særleg når ein klarer å få dei til å stole på seg sjølv, ressursane sine og si eiga dømmekraft.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

Som rådgivar er det å rettleie elevar individuelt og i grupper. I tillegg planleggjer eg og organiserer rådgivinga på skolen hos oss. Arbeidsmengda varierer i periodar. Det er blitt meir vekt på planleggjing og organisering dei siste åra. Samarbeidet med kontaktlærarar krev også meir tid enn før. I tillegg kjem det å halda kontakt med eksterne samarbeidspartnarar slik som Samisk høgskole og andre samiske institusjonar.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

Det er dei etiske vurderingane som kjem av at eg er karriererettleiar for samer. Verdiane i den samiske kulturen er til dels annleis enn i den norske kulturen, og dette får konsekvensar på det konkrete rettleiingsnivået: Kva skal eg seie til dømes til ein 16-åring som vil velgje bort eit år av ungdomsretten sin for å lære meir om reindrift i praksis med familien sin?

6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

De lange avstandane i Finnmark er ei stor økonomisk utfordring for fylket. For det meste er ein nødt til å oppdatere seg sjølv ved å følgje med på det som er å finne på nettet. For samisk karriererettleiing er det ikkje utvikla noko miljø, sjølv om det ville vore viktig med tanke på å utvikle kulturen, næringane og samfunnet vidare.

7. Du jobbar med samiskspråklege elevar – er det noko spesielt med dei samanlikna med norskspråkleg ungdom når det gjeld utdannings- og yrkesval?

I det samiske samfunnet er det enkelte yrke og jobbar som ikkje finst elles i det norske samfunnet. Det er viktig å ha dette i tankene når det gjeld karriererettleiing for samar. Det er både moderne institusjonar som har bruk for folk med gode samiskkunnskapar, oppdaterte kunnskapar i IKT og så vidare, og tradisjonelle jobbar som krev ei opplæring i praksis hos den eldre generasjonen. Det er også ei utfordring å vite at ungdomane ikkje kan vite korleis det er å leve i storsamfunnet, utanfor det samiske samfunnet før dei har prøvd på det.

8. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

Eg har grundig opplæring i kontakt, tillit og aktiv lytting i samtalene, og vil først vite kva eleven er opptatt av. Når det viser seg kva retning samtalen tar, kan eg bruke interessetest (Profråd-testen), teikne kart for framtida eller foreslå at eleven skriv ned fordelar og ulemper med ulike karrierer. I klasser bruker eg nettsidene samordnaopptak.no og utdanning.no mykje. Eg liker både Jobbkompasset og spesielt Karakterkalkulatoren. Eg set stor pris på at den er tilrettelagt for at samisk som 1. og 2. språk kan leggjast inn.

9. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

Det er nettopp tankane kring det å få lagt til rette for eit samisk nettverk for karriererettleiing, der det samiske perspektivet er i fokus og få vist fram behovet for det. Karriererettleiing handler jo om framtida, og framtida for samane bør vere noko samar får styre med sjølv.

Bilde
Månedens veileder: Februar