Offentlig og kvalitetssikret
aaaHold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Månadens rettleiar: Joachim Gjertsen

Bli kjent med mangfaldet av karriererettleiarar i Noreg. Veilederforum presenterer ein ny rettleiar kvar månad. Denne gong er det Joachim Gjertsen ved Mesterfjellet skule i Larvik.
Opprettet 12. desember 2018, oppdatert 13. desember 2018
Joachim Gjertsen
Navn:
Joachim Gjertsen
Tittel:
Rådgivar, D-pedagog og faglærar
Del av stilling brukt til karriereveiledning:
35 prosent
Arbeidssted:
Mesterfjellet skule
Sted:
Larvik, Vestfold

1. Kor lenge har du jobba med karriererettleiing? 

– Eg har undervist i faget Utdanningsvalg sidan 2008, og vore rådgivar i seks år.

2. Kva slags utdanning har du?

– Eg har studert historie, statsvitskap, engelsk, pedagogikk og rådgiving.

3. Kva likar du best med å jobbe som karriererettleiar?

– Det eg likar best er samtalane med ungdommane og det at eg får vere med dei på den reisa dei har starta på når det gjeld utdanning og karriere. Det kjennast nyttig og meiningsfullt å rettleie elevar i den valprosessen dei står i. Samstundes er det godt å få tilbakemeldingar både frå elevane og foreldra på at dei set pris på den jobben som blir gjort.

4. Kva er dine arbeidsoppgåver, og korleis er fordelinga mellom dei?

– Eg har mange og spennande arbeidsoppgåver. Akkurat nå brukar eg mest tid på rettleiingssamtalar med elevane og organiserer besøk på vidaregåande. I januar og februar brukar eg ein del tid på å fylle ut skjema og samtalar med elevar og foreldre. Eg hjelper og alle elevane med å søke på Vigo. Elles i året er eg bindeleddet mellom skulen min og vidaregåande skule, der vi har regelbundne nettverksmøte. Der sitt rettleiarar frå ungdomsskulane og frå vidaregåande samt representantar frå NAV, opplæringskontora, Oppfølgingstenesten og Karrieresenteret. I tillegg organiserer eg aktivitetar med eksterne aktørar som Ungt Entreprenørskap.

5. Kva er dei største faglege utfordringane i arbeidskvardagen din?

– Elevane har mange moglegheiter når det gjeld utdanning og karriere. For nokre elevar kan det bli for mange val. Da er utfordringa å finne fram til noko som kan interessere og motivere han eller ho og som gjer at ein klarer å gjere det første valet. Det er ikkje alltid så enkelt når ein er 15-16 år. Eg må og nokre gonger realitetsorientere elevar om kva eit utdanningsløp vil krevje og kva som er realistisk. Da er det viktig at eleven også har ein Plan B. Samstundes er det viktig at eg gjennomfører desse samtalane på ein god måte.

6. Korleis blir det jobba med fagleg utvikling innan karriererettleiing i ditt miljø?

– I Vestfold skjer det mykje spennande. Det har blitt jobba fram ein plan som heiter «Regional plan for et heilskapleg opplæringsløp» der ein mellom anna har fokus på overgangane. I samband med det har Vestfold fylke og kommunane eit samarbeid for å heve kvaliteten på faget Utdanningsvalg i ungdomsskulen. I Larvik kommune har alle rådgivarane fått etterutdanning i rådgiving. Det blir og arrangert forskjellige kurs for oss rådgivarar, mellom anna på Universitet i Sørøst-Norge, Karrieresenteret i Vestfold og i regi av Rådgiverforum Vestfold.

7. Du er med i ei gruppe som jobbar med faget utdanningsvalg, kan du fortelje litt om dette?

– Det er eit samarbeid mellom Vestfold fylkeskommune og kommunane. Ei arbeidsgruppe har arrangert kurs for både rådgivarar og UTV-lærarar med erfaringsdeling og kompetanseheving. Det har blitt laga ei digital verktøykasse der UTV-lærarane deler verktøy med kvarandre. Målet er at det skal auke kvaliteten i faget og vere ei støtte for lærarane. For oss rådgivarar er desse timane i utdanningsvalg viktig for å gi elevane kunnskap om utdanningssystemet i Noreg. Elevane får og reflektert rundt sin eigen identitet og dei moglegheitene og ynskene dei har. Faget gir gode moglegheiter til å la elevane trene opp sin eigen valgkompetanse.

8. Kva slag «verktøy» brukar du oftast i karriererettleiinga?

– Eg brukar mest Utdanning.no og vilbli.no. Elles er det dei individuelle samtalane med elevane som er viktigast.

9. Kva er du mest opptatt av i jobben din for tida?

– Akkurat nå er det samtalane med 10. klasse-elevane om kva slag utdanningsprogram dei ynsker å velje som opptek meg. Samstundes har ein del elevar behov for meir enn berre å prate med meg. For at eg skal kunne hjelpe dei med å trygge vala sine så organiserer eg ekstra besøk på ulike utdanningsprogram. Det er viktig for meg å sikre alle elevane på 10. trinn ein god og trygg overgang til vidaregåande skule.

Del denne siden

Creative Commons Licence

Dette verket er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

  • Månedens veileder: Joachim Gjertsen
    All rights reserved.